VELFERD: Det siste halve året har lært oss at fleksibilitet, omstillingsevne og gode nærmiljø er avgjerande i ein krisesituasjon. Viktigheten av trygge, lokalt baserte velferdstenester i heile fylket, og heile landet, har blitt tydeleg, skriv Solveig Ege Tengesdal og Oddny Helen Turøy. På biletet ser vi eit folketomt Stavanger sentrum i mars.

Heile landet skaper verdiar!

Me har opplevd sårbarheten ved sentralisering og avhengighet av import. Det må få konsekvensar 
for den langsiktige utviklinga av samfunnet.

Det er snart seks månader sidan landet vart stengt ned. Me har i perioden frå 12. mars sett viktigheten av eit land som tar vare på alle lokalsamfunn, som legg til rette for busetting og arbeid over alt, og som har tenester der folk bur, arbeider og ferdast.

Feriesesongen har handla om å ta heile Noreg i bruk, og me har erfart at det blir lagt ned eit stort arbeid for å sikra tryggleik og velferd i nærmiljøet, over heile landet. Gode lokalsamfunn er ein viktig verdi som KrF bygger på, og som er viktig både i krise og fred.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Norsk landbruk og fiske gir oss trygg mat på bordet. Me har den siste tida med stengte grenser og internasjonal usikkerhet blitt minna om verdien av norsk matproduksjon.

Lokal forvaltning av jord og hav skaper verdiar og arbeidsplassar samtidig som vårt felles matkammer blir halde i hevd og vidareutvikla. Landbruk og fiske er vår viktigste fornybare ressurs, og det skal løna seg å hausta denne ressursen!

Spreidd busetnad og eit allsidig arbeidsliv gir oss mange bein å stå på, og legg grunnlaget for vekst og utvikling i både bygd og by.

Det betyr satsing på veg, ferje, bane og digitale motorvegar. Vårt mål er at arbeidsmarknaden på Sør-Vestlandet om ti år skal vera meir konkurransedyktig og gi oss alle større muligheter, uansett kvar me bur og uansett kvar verksemda ligg.

Næringsutvikling handlar ikkje om sentralisering, men om å gjera avstandane kortare og raskare og sørga for eit skattesystem som inspirerer til verdiskaping.

Det siste halve året har lært oss at fleksibilitet, omstillingsevne og gode nærmiljø er avgjerande i ein krisesituasjon. Viktigheten av trygge, lokalt baserte velferdstenester i heile fylket, og heile landet, har blitt tydeleg.

Me har også opplevd sårbarheten ved sentralisering og avhengighet av import. Det må få konsekvensar for den langsiktige utviklinga av samfunnet.

Heile landet er ein del av vår felles beredskap. Difor skal me ta vare på, og utvikla tenester, næringsliv og infrastruktur, både i bygd og by.