Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Hatprat og hysteri

Kva folk kan føle seg krenka av i våre dagar er eit heilt eldorado. 

Vi kunne nettopp lese om ei kvinne som vart dømd til 24 dagars fengsel på grunn av at ho blant anna hadde sagt til ein mann med utanlandsk opphav at han burde kome seg tilbake til Afrika.

Dei fleste av oss er einige om at det er stygge og sårande ord som aldri burde vore sagt. Men Noreg og resten av verda flyt over av stygge og sårande ord som aldri skulle vore sagt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Skal vi då byrje å saksøke nokon kvar gong dei seier noko sårande til oss? Eg som trudde politi og rettsvesen allereie var overarbeida og mangla kapasitet til å ta seg av alvorlege saker og farlege hendingar.

Og eg lurer på om det ikkje ganske fort vil bli stor plassmangel i norske fengsel?

I tilfelle det skal vere straffbart med krenkelsar i form av ord burde jo det gjelde alle typar krenkelsar, ikkje berre det som gjeld rase, religion og så vidare.

Kan vel vere like sårande for ein person å høyre noko om overvekta si som det er for ein annan å høyre noko om hudfargen sin.

Det trengs så visst ei haldningsendring når det gjeld kva ord ein brukar til kvarandre. Men dersom folk skal fengslast for sine øydeleggande ord burde vel dei første som straffast vere dei som ikkje eingong klarar styre tunga i sin eigen heim.

Kor mange sårande ord kan for eksempel koner og born oppleve opp gjennom åra utan at det har noko med legning, hudfarge eller andre ting i paragraf 185 å gjere?

Og korleis skal det gå med media som stadig mobbar og hånar kjendisar? Er kjendisar ei eiga gruppe som det er lov å hetse så mykje ein vil? Har ikkje dei også følelsar?

Og alle kommentarfelt kan iallfall bli stengt med det same. Ein del av det som står der går ikkje eingong an å tenkje på. Og eg tvilar på at politiet har kapasitet til å ta seg av det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg meinar at noko er alvorleg skeivt i Noreg når ein mann kan kome unna med berre eit års fengsel for å ha valdteke ei kvinne. Og dermed kanskje ha øydelagt henne for livet. Og så skal vi byrje å dra kvarandre for retten på grunn av sårande ord?

Det finst riktig nok ord man burde bli fengsla for og det er truslar om mord, valdtekt, vald og anna. Der det er fare for liv og helse og folk lever i ein tilstand av frykt som følgje av det. Men kva folk kan føle seg krenka av i våre dagar er eit heilt eldorado.

Det nye tillegget i hatpratlova vil og kunne bli eit maktvåpen i hendene på ideologiske organisasjonar til å kneble trusfridomen ytterlegare. Både trusfridomen og ytringsfridomen er nok innskrenka frå før. På tide med litt sunt bondevett.