«Han tek også feil når han trur eg har skrive om alle andre som går imot Bibis (biletet) statsministerkandidatur», skriv Odd Sverre Hove. Foto: AP / NTB scanpix

Harald Myklebusts spørsmål

I alle land med normalt follkestyre er det lov å vera enten tilhengjar eller motstandar av politiske kandidatar, inkludert Netanjahu. Ein hatar ikkje nokon av den grunn.

I Dagen 29.04.20 spør Harald Myklebust om det per definisjon er «hat» å gå inn for ein annan politisk leiar i Israel enn Bibi Netanjahu. Normalt er svaret på eit slikt spørsmål Nei.

For i alle land med normalt follkestyre er det lov å vera enten tilhengjar eller motstandar av politiske kandidatar, inkludert Netanjahu. Ein hatar ikkje nokon av den grunn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Myklebust meiner også at det må vera i strid med eit kristent sinnelag, og i strid med Dagens kristne profil, å gje spalteplass for inserat som «knuser» den ein er usamd med ved hjelp av ei stor overskrift om «hat».

Myklebust nyttar innleiingsvis spørsmålsform også på dette punktet. Men så svarar han implisitt sjølv ved å føye til i parentes at Dagen ikkje kan forsvara seg bak ytringsfridomen.

Det er ein kronikk eg har skrive, Harald Myklebust her siktar til. Kronikken sto i Dagen 16.04.20 og hadde overskrifta «Hatet mot Bibi hva kommer det av?»

Det er nokså sikkert at Harald Myklebust må ha lese overskrifta. For det er den han siterer. Derimot er eg ikkje fullt så sikker på om han kan ha lese den første setninga etter overskrifta. For der skriv eg at eg tek mål av meg til å svara på spørsmålet om kvifor «the deep state i Israel» hatar Bibi.

Det finst ikke grunnlag for å tenkja at Harald Myklebust tilhøyrer «the deep state» i Israel. Og han tek også feil når han trur eg har skrive om alle andre som går imot Bibis statsministerkandidatur.

I kronikken gjer eg det heilt tydeleg at det er den irrasjonelle kampanjen «anybody but Bibi» eg siktar til. Sjefredaktør Jaakov Katz i nettavisa The Times of Israel er ein konkret talsmann for denne kampanjen (sjå som døme leiarartikkelen hans 16.04.20).

Det er elles ikkje i strid med det kristne sinnelaget å nytta omgrepet «hat» når det svarar til den realiteten ein skriv om. For i så fall ville jo Jesus sjølv (i m.a. Luk 14:26) ha ordlagt seg med eit ukristeleg sinnelag. Og det stemmer sjølvsagt ikkje.

Les også
Eit kristent sinnelag
Les også
Hatet mot Bibi – hva kommer det av?