VEKKING: Men Johannes såg noko meir. Han såg det som skal hende etter dette, og det synet har prega vekkingskristendom i hundrevis av år, skriv Erik Furnes. Bileter er frå eit tidlegare arbeidarmøte.

Har vi mista synet frå Patmos?

Eg trur at noko av grunnen til at kristenfolket i Norge er meir prega av materialisme enn av evangelisering, er at vi har mista synene frå Patmos. Forløysinga sin dag er her snart, og Herrens bud har derfor hast.

Dette var tema for ei av samlingane underIndremisjonsforbundet sitt årlege arbeidarmøte påBildøy no i helga.

Tema for bibeltimane var rettferdiggjeringa, heilaggjeringa, og forløysinga i Kristus – heilt sentrale tema i vår kristne tru.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I eit tid då vi er opptekne av å synleggjere einskapen med kristne søsken i ulike leirar, i tillegg til å byggje bru over ulike kulturuttrykk mellom generasjonane i våre eigne forsamlingar, er det ikkje minst viktig å blankpusse dei sanningar som har forma ei slitesterk tru gjennom hundrevis av år.

Rettferdiggjering er ei domsakt frå Gud over ein angrande syndar som ved tru og tillit ser at Jesu fullkomne offer på Golgata er vårt einaste håp for fred med Gud. Då erklærer Gud ved sin nåde syndaren til å vere i Kristus, skjult i hans fullkomne liv. «For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv» (Ef 2:8-9).

Eit rettferdig menneske vil fram til forløysinga sin dag ha to naturar, det gamle og det nye menneske. Ein kristen skal sleppe å vente noko godt frå det gamle mennesket, men likevel vert levande kristne ofte skuffa over seg sjølve fordi vi trur vi er betre enn vi er.

Nei, ein kristen skal vente på alt godt frå Jesus. Ved sitt Ord og ved sin Ande kan Gud skape noko nytt ved at det nye menneske får åndeleg næring til å leve eit heilagt liv. «For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei» (Ef 2:10).

Blandar vi saman Guds rettferdiggjering over oss med Gudsheilaggjering i oss, former vi moderne disiplar som lever eit liv i lovtrældom. Dersom fokuset for vårt kristenliv berre vert kva vi skal gjere for Gud, ikkje kva Gud har gjort og gjer for oss, vandrar vi snart i eigne gjerningar og kraft.

Då Johannes fekk si openberring på øya Patmos, var dette kjerna også i Jesu bodskap til dei ulike forsamlingane rundt omkring. Den som sigrar er den som har halde fast på Guds ord, og ikkje fornekta hans namn.

Jesus står for døra og bankar, og om nokon høyrer hans røyst og opnar døra, så vil han gå inn til han og halda måltid. Ved det bordet kan vi sette fram våre synder, og han kan dekke på med sin nåde som tek syndene bort.

Men Johannes såg noko meir. Han såg det som skal hende etter dette, og det synet har prega vekkingskristendom i hundrevis av år. Det talar om gleda i håpet for Guds folk, og det talar med stort alvor om domen som skal kome over denne verda og dei som forkastar Guds frelse i Jesus Kristus.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

C.S.Lewis sa det slik ein gong: «Det er etter at mange kristne har slutta med å tenkje på den andre verda at dei er blitt så ineffektive. Ha himmelen som mål, og du vil eige jorda; sikt mot jorda, og du vil ikkje få noko av delane.»

Eg trur at noko av grunnen til at kristenfolket i Norge er meir prega avmaterialisme enn avevangelisering, er at vi har mista synene frå Patmos. Forløysinga sin dag er her snart, og Herrens bud har derfor hast.