MOBBEVERKTØY: Mobilen blir i dag brukt som eit raffinert mobbeverktøy og mobbinga skjer ofte på den unges private rom, gjerne frå senga i seine kveldar, skriv innsendaren.

Har me mista noko på vegen?

I det som før heitte kristendomskunnskap var det svært mykje stoff som eignar seg til verdifull danning og som kan tene som motvekt til mobbing. 

Om eg ikkje hugsar feil så var det vel Kjell Magne Bondevik som for nokre tiår sidan lanserte slagordet «0-toleranse for mobbing». Eit edelt mål som stadig fortener merksemd.

Som tilsett i grunnskulen, dei siste 30 åra på ungdomssteget, veit eg ein del om kor djupt freistinga og viljen til å såre eit menneske ligg i menneskenaturen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bannskap, sarkasme, ironi og mobbeord følgjer kvarandre når ein vil ramma andre. I skuleverket kan ein aldri kvila på det positive ein har gjort tidlegare, men sjekke igjen og igjen korleis tilstanden er i gruppa/klassen ein har tilsyn med.

Ein til ein-samtaler med kvar elev og anonyme spørjeundersøkingar er begge nyttige hjelpemiddel når det gjeld å kartleggje stoda i klassen og på skuleområdet. Men mobbing skjer også ofte kamuflert eller i situasjonar vaksne ikkje er til stades eller har oversikt over.

Mobilen blir i dag brukt som eit raffinert mobbeverktøy og mobbinga skjer ofte på den unges private rom, gjerne frå senga i seine kveldar. Korleis skal ein kome dette vonde til livs?

Den sterkaste form for undervisning er modell-læring, altså å vere føredøme i ord og ferd. Underteikna er ikkje ein av dei som meiner at alt var betre før.

Mange ting er betre no, men den tidlegare sterke vektlegginga av utdanning, å danne elevane til å vise høvisk framferd og respekt, gav unge eit visst vern mot å utvikle negativ åtferd. I det siste har me gjennom media fått undervisning frå USA om at «words matter».

Eg vil i denne samanhengen halde fram den gode undervisninga som mange lærarar dreiv i det gamle faget kristendomskunnskap.

Dei la ned eit stort og grundig arbeid i dette faget med å lære elevane til å stå opp for dei svake og menneske som var i vanskar, for å vere ærlege og sanne i si ferd, og for å framelske medkjensle og tilgjeving. Dessverre svikta det gjerne i skulekvardagen på andre viktige område.

Opplegget med tilsyn og vakt i friminutta var ofte mangelfullt og den presisjon når det gjeld arbeidsstart etter det er ringt inn til timar som me har hatt dei seinare år, mangla ofte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det var svakare system og meir personavhengig korleis undervisning og elevtilsyn blei gjennomført. Resultatet av at dei vaksne var fråverande kunne til tider vere meir hyppige slåstkampar mellom gutar og intrigemakeri jenter imellom i friminuttane.

Kva vil eg så fram til? Ved å svekke kristendomsfaget og det bibelske innhaldet, som til dømes å gje mindre tid til dei ti bod, Jesu likningar og hans forteljing om den miskunnsame samaritan, har me etter mi meining tapt viktig læring på fleire felt.

I det som før heitte kristendomskunnskap var det svært mykje stoff som eignar seg til verdifull danning og som kan tene som motvekt til mobbing.

Kristen etikk para med langt betre høve enn før til metodisk og moderne formidling, og gode system for trivsel og tilsyn i friminutta, ville etter mi erfaring vore eit effektivt bolverk mot mobbing. Kristendomsfaget var og godt rigga for å lære inn respekt og toleranse.

Det som er igjen av den kristne delen opplevde eg dei siste av mine undervisningsår som ei tam og bleik blanding som mest var eigna til å skape forvirring hos elevane.

Når stoffet i læreboka skulle formidle innhald frå Bibelen, presenterte gjerne læreboka dette saman med tekstar frå Koranen.

Tanken var nok at dette skulle fremje toleranse og slektskapet mellom religionane, men resultatet blei etter mi meining ei forvirrande avsporing utan fokus.

Å syngje saman skaper samhald. Samhald motverkar mobbing. Da eg gjekk på 4-årig linje på Stord offentlege lærarskule i åra 1967 – 71 fanst det noko som vart kalla songskatten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den var 2-delt: På den eine sida hadde me Nynorsk salmebok med kring tusen songar. Personleg har eg hatt glede av mange av desse songane som eg som elev i den 7-årige folkeskulen måtte både pugge og syngje.

Eg meiner ikkje at elevar no skal stå ved sida av skulepulten og ramse opp salmevers, men eg kan vanskeleg forstå kva gale det skal medføre å saman syngje lyse og håpefulle salmar, som til dømes denne:

Kjærlighet fra Gud springer like ut – Som en kilde klar og ren. I den stille bunn i dens dype grunn – Gjemmes livets edelsten.

Kjærlighet fra Gud som en yndig brud – Kommer smykket til oss ned. Bli i kjærlighet og du har Guds fred – For Gud selv er kjærlighet.

På pulten vår inne på Stord offentlege lærarskule på Rommetveit skulle songboka liggje framme når timane starta. Dette var ei oppmoding frå eit par av lærarane våre, og ofte starta timen med ein song når dei hadde førelesingar.

Seinare, som utdanna lærar, hadde eg ein gong ein krigsseglar inne i klassen min for å fortelje om sine opplevingar.

Han fortalte om då skipet han segla med blei bomba og pepra med mitraljøser i Den engelske kanal. Mannskapet måtte kaste seg på sjøen da båten sokk, og mange låg og ropa høgt på mor og på Gud.

Dei søkte til noko som i den ytterste nød kunne gje litt tryggleik; mor, og Gud. Spørsmålet er om ein på vegen i denne materialismens tidsalder har mista noko verdifullt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den andre delen av songskatten fann me i songbøkene til Alvestad og/eller Mads Berg. Her er eit døme frå Mads Berg si Skulesongbok (Forfattar Kristoffer Janson):

Ung Åslaug gjekk i bjørkeskog så tirøygd, frisk og raud; ho tykte mest at alle gret der som ho gleda baud. «Kva er det vel dei syter for i verdi vid og stor? Når soli skin og hjarta brenn og kjærleiken fær ord.»

Då kom eit bod at hennar mor låg sjuk og måtte døy, då kom eit bod at hennar ven hev fest ei onnor møy. Ung Åslaug vart så underleg, ho tagde reint den kveld; for noko bort frå hjarta fraus, endå det brann som eld.

Ung Åslaug gjekk i bjørkeskog så tårøygd og så raud; ho tykte mest at alle lo, der som ho sorgi baud. «kva er det vel dei fegnast ved i verdi vid og stor? Når soli brenn, men hjarta frys, og kjærleik bert er ord.»

Som ein ser, er teksten ikkje noko dårleg utgangspunkt for samtale i stunder der det kunne passe.