FREDSAVTALE: I 1994 signerte Israel og Jordan en fredsavtale. Fv. Jordans kong Hussein, president Bill Clinton og Israels statsminister, Yitzhak Rabin.

Har biskopar studiekompetanse?

At arabarstatane saman med andre muslimske land har gjort FNs Hovudforsamling til sin kamparena og fått driva masseproduksjon av fordømingsresolusjonar mot Israel, endrar ikkje folkeretten.

Fleire norske biskopar går no høgt ut og promoterer boikott av staten Israel. Israel driv ulovleg okkupasjon og bryt folkeretten, vert det hevda.

Ikkje rart at stadig fleire trur på dette, etter NRK og andre media sin langvarige kampanjejournalistikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Av norske biskopar burde ein vel kunna venta at dei er sanningssøkjande, og i stand til å sjå etter realitetane når dei tek politiske standpunkt?

Kva stat har Israel i tilfelle okkupert område frå? Jordan var ikkje med på lynåtaket på Israel i 1973, og i 1994 inngjekk dei fredsavtale med Israel utan å gjera krav på det dei hadde kalla Vestbreidda.

Men norske biskopar og Mellomkirkelig råd held trufast på namnet Vestbreidda som namn på Judea og Samaria.

Folkeretten for Israel vart fastlagt av stormaktene etter første verdskrigen då det tyrkiske storriket i Midtausten var gått i oppløysing. Grensene for ei rekkje arabarstatar og for ein nasjonalheim for jødane vart i 1920 fastlagde på konferansane i Paris og San Remo.

Det heile vart stadfesta av Folkeforbundet i 1922 og seinare vidareført i FN-pakta. Det skulle mellom anna leggjast til rette for tett busetnad av jødar i deira gamle kjerneområde Judea og Samaria.

Dette området var i 1948—1967 ulovleg okkupert av den då unge staten Jordan, som annekterte området og kalla det «Vestbreidda». I desse 19 åra var Judea «judenrein» for første gong på 3000 år.

Jødar kunne ikkje tolast der. Her kunne orda rasisme, apartheid og ulovleg okkupasjon kome til sin rett, i staden vert orda med urette brukt mot Israel.

Etter det sviande arabiske tapet i utslettingskrigen mot Israel I 1967, som påverknadsagentar frå den dåverande Sovjetunionen hadde vore med på å trigga fram, var dei same kreftene med på å forma ut ny strategi for arabarane i området. Før 1948 var det i hovudsak jødane i området som vart kalla palestinarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No skulle arabarane slutta å rasa over den vantruande jødiske staten som var komen på det dei rekna som islamsk jord. I staden skulle dei kalla seg palestinarar, og framstilla seg som det opphavlege folket i området.

Denne strategien vart ein suksess! Jødane hadde i 1948 gjort nemninga palestinar ledig då dei tok det gamle namnet Israel som namn på landet sitt.

At arabarstatane saman med andre muslimske land har gjort FNs Hovudforsamling til sin kamparena og fått driva masseproduksjon av fordømingsresolusjonar mot Israel, endrar ikkje folkeretten.

Dei som hevdar at folkeretten ikkje lenger gjeld for Israel, undergrev også Noreg sin Svalbardtraktat. Denne vart også til i 1920 og 1922 av dei same aktørane. Kan det då vera fritt fram for Putin å berre overta Svalbard og Bjørnøya med meir?

Det finst solid litteratur også på norsk for den som vil søkja etter fakta om dette emnet. Bøkene «Israels land etter internasjonal lov» av Bjørn Hildrum, og «Palestina — Israels historiske og folkerettslege legitimitet» av Ragnar Hatlem, kan anbefalast. Begge forfattarane er solide kapasitetar på det dei skriv om.

Organisasjonen Med Israel for fred, miff.no, er også eit godt korrektiv til NRK og andre media.