BERRE KJÆRLEIK: Forsoning er ikkje eit ord som kan brukast om forholdet mellom Gud og menneske. Her er det berre Guds kjærleik som gjeld, inga forsoning, ikkje eingong nåde, skriv innsendaren.

Gud er fridom og kjærleik

Teologar flest veit, eller burde vite, at forteljinga om syndefallet er eit reint skjønnlitterært produkt.

Eg seier takk til Edvard Skaar for innlegget hans i Dagen 20. mai, ikkje minst fordi det er fyrste gongen på veldig lenge eg opplever at nokon kommenterer eit av innlegga mine.

Så seier eg meg lei for at eg uttrykte meg keiveleg når eg skriv at forteljinga om den bortkomne sonen samsvarer heilt og fullt med den subjektive forsoningslæra, for sanninga er at eg ikkje godtek eller trur på noka forsoningslære i det heile.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Forsoning er ikkje eit ord som kan brukast om forholdet mellom Gud og menneske, for som eg skreiv i det føregåande innlegget: Her «er det berre Guds kjærleik som gjeld, inga forsoning, ikkje eingong nåde».

Eikeri Andersen, som eg kommenterte i innlegget mitt, formulerer dette forholdet på ein god måte:

Gjennom å se hva Jesus gjorde, endres vår innstilling til Gud. Gud ble menneske for å åpenbare Guds kjærlighet. Dette handlar langt på veg om den enkle menneskelege erfaringa at om nokon er verkeleg gode mot oss, får vi lyst til og behov for å vere gode tilbake.

Å snakke om forsoning i denne samanhengen, minner mest om eit teologisk systematiseringsbehov der ein går ut frå at det finst ein grunnleggjande konflikt mellom Gud og menneske, med opphav i det såkalla Syndefallet i 1. Mosebok.

Men teologar flest veit, eller burde vite, at forteljinga om syndefallet er eit reint skjønnlitterært produkt, der forfattaren fokuserer på eit «syndefall», som består i at menneska frigjer seg frå den idylliske naturtilstanden, slik at dei kan sjå forskjell på godt og vondt og skaffe seg kunnskap og utvikle tankeevne.

Forfattaren sin klare bodskap er at det er ei katastrofal ulukke for menneska at dette skjer!

Så har menneska etter kvart fått erfaringar med åndskrefter, og religiøse kjensler og religiøs tru har blitt utvikla. På ulike måtar kan Gud ha openberra seg for menneska, og Jesu liv, død og oppstode må ein forstå som den endelege openberringa av Guds kjærleik til menneska.

Skaar kommenterer ikkje det eg skriv om den objektive forsoningslæra, som han tydeleg nok framleis trur fullt og fast på, endå eg i innlegget mitt riv Anselm sin merkelege æres- og forsoningsreknskap i filler, og viser at læra hans byggjer på svært menneskelege og tidsbundne tankar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For meg er berre det viktig og rett som samsvarer med mi overtyding om at Jesus openberrar Guds atterhaldslause kjærleik til menneska, og for meg er notidige opplevingar og observasjonar like viktige som teologiske tankar med grunnlag i Bibelen, som for eksempel denne, frå Hognestad «Gud i mennesket», side 127: …, det kom liksom en kjærlighetsstrøm inn i rommet og opplyste alt på en måte, og nå varte evighetsøyeblikket lenge. Og det ble sagt med kraftig stemme: «Det er dette som er Gud». – Jeg følte bare kjærlighet til alt og alle».

Dei som ser på slike opplevingar berre som produserte av individuelle psykar, bør lese Eben Alexander: «Himmelen finnes», ei bok med ei strengt vitskapleg orientering.

For oss som begynner å tru og å forstå at Gud fyller universet med sin atterhaldslause kjærleik, blir det meiningslaust å tenkje seg ein Gud med negative menneskelege eigenskapar som hemntrong eller jag etter ære.

Vi må i staden bruke all vår kløkt og intuisjonsevne til å finne fram til og forstå sanninga, fridomen og kjærleiken sin Gud, som Jesus openberra for oss.