Johannes Kleppa skriver spalten «Innspill» I dagen hver uke. Foto: Magnar Børnes

Grunnlovsjubileet - eit vitnemål om Gud i Noreg

Eidsvollsfedrane bygde si rettstenkjing på naturretten, som seier at Gud har lagt uforanderlege lover ned i skaparverket. Desse må folk og nasjonar fylgja for å få eit godt samfunn.

Grunn­lovs­ju­bi­le­et som vi fei­rar i år, set mange spørs­mål på dags­or­de­nen. Eit slikt ju­bi­le­um er sam­stun­des ei fei­ring av na­sjo­nen.

Grunn­lovs­da­gen er na­sjo­nal­dag, og med det vert det ideo­lo­gis­ke grunn­la­get for sta­ten vik­tig. Kva vit­nar så Grunn­lova om det? Jo, om Guds plass i lan­det vårt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då dei skul­le de­fi­ne­ra det re­li­giø­se og verdi­mes­si­ge grunn­la­get for Noreg, sa eids­volls­fe­dra­ne at kris­ten­dom­men i evan­ge­lisk lu­thersk ut­gå­ve «for­bli­ver» sta­tens re­li­gion, og alle var for­plik­ta til å opp­se­da borna sine i denne trua.

På Eids­voll star­ta dei ar­beid med guds­te­nes­te påske­mor­gon for å «bede Her­ren om Held og Vel­sig­nel­se» over ar­bei­det «for til­kom­men­de Slæg­ter vig­ti­ge Fore­ta­gen­de».

Dei slut­ta også med guds­te­nes­te.

Dei bygde si retts­ten­kjing på na­tur­ret­ten, som seier at Gud har lagt ufor­an­der­le­ge lover ned i ska­par­ver­ket. Desse må folk og na­sjo­nar fyl­gja for å få eit godt sam­funn.

Ved ut­tryk­ket «for­bli­ver» er det flei­re sen­tra­le for­hold som spe­lar med. Det grunn­leg­gjan­de er det som skjed­de ved krist­nin­ga av lan­det fram mot år 1000, stad­fest ved Olav Den Hei­la­ge og sla­get på Stikle­stad.

Det førte til ei om­ska­ping av lan­det, med nye etis­ke hald­nin­gar. In­di­vi­det fekk no ein ny po­si­sjon og stam­me­ten­kjin­ga måtte vika til for­del for ei fel­les­skaps­ten­kjing ut frå bor­ga­ra­ne sitt like men­neske­verd - frå fos­ter til na­tur­leg død. Kyr­kja fekk ein sterk sam­funns­funk­sjon, og vart ved re­for­ma­sjo­nen på 1500-ta­let til stats­kyr­kje.

Lov­gje­vin­ga skul­le ha sitt ut­gangs­punkt i at ein bøyg­de seg for Kvite­krist. Dette vart sei­na­re inn­ar­beidd i Konge­lova på 1600-ta­let, som i rea­li­te­ten var den då­ve­ran­de grunn­lova.

Kon­gen stod til an­svar for Gud, skul­le tru på han og tena han. På det viset skul­le kon­gen verka til beste for lan­det og folk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den dansk-nors­ke konge­mak­ta vart sterkt in­flu­ert av pie­tis­men på 1700-ta­let, og det gav seg flei­re ut­slag i sam­fun­net.

Det aller vik­ti­gas­te var at vi fekk ein kris­tent ba­sert skule, og vi fekk kon­fir­ma­sjo­nen. Fol­ket skul­le læ­rast opp i kris­ten tru og ten­kjing, og med det i kris­tent liv.

Dei siste 15 - 20 åra før 1814 hadde vi dess­utan ei gjen­nom­gri­pan­de kris­ten vek­king i lan­det ved Hans Ni­el­sen Hauge og ve­ne­ne hans. Sjølv om hau­gia­na­ra­ne ikkje gjor­de seg sterkt gjel­dan­de på Eids­voll, låg ånds­mak­ta frå hau­gia­nis­men i fol­ket.

Alt dette vit­nar Grunn­lova om med sitt «for­bli­ver», og ved at denne ten­kjin­ga vart verdi­mes­sig sty­ran­de for na­sjo­nen, trass i dei mang­la­ne det er med tanke på re­li­gions­fri­dom og den skam­me­le­ge anti­jø­dis­ke hald­nin­ga.

Denne guds­ori­en­ter­te ten­kje­må­ten prega i neste om­gang alle dei flot­te na­sjo­nal­son­ga­ne vi fekk.

Grunn­lovs­ju­bi­le­et bør nyt­tast til å løfta fram dette, og alle dei po­si­ti­ve ef­fek­ta­ne for lan­det vårt som ligg her - og som di­ver­re no er sni­kom­tol­ka til at det er vår krist­ne og hu­ma­nis­tis­ke arv som «for­bli­ver» verdi­grunn­la­get.

Les flere av Johannes Kleppas kommentarer

Les også
Bedre med Gud i Grunnloven
Les også
Forsvarer Guds plass i Grunnloven«Gud i Grunnloven»
Les også
Den usynlige kristenarven