STENGD: Jesus kan framleis gå gjennom stengde dører, både av fysisk og åndeleg art, for å møta menneske i dag, både i Japan og i Norge, skriv Olav Vestbøstad.

Gjennom stengde dører

Eg håpar og ber om at utviklinga med meir tilgjengeleg digital forkynning kan nå både hikikomori i Japan og andre menneske rundt i verda som kjenner på at den nye kvardagen kjennes håplaus. 

Sjeldan har vel kvardagen vår blitt så mykje endra som det me har sett dei siste vekene. Koronapandemien har ført til at ord som sosial distansering, hytteforbod og smittevern har blitt ein del av daglegtalen.

Mykje av det me har kjent og kjært har blitt endra. Det er ikkje lenger greitt å møte familie og vener, og sosiale arenaer som treningssenter, bibliotek, kyrkjer og bedehus er også lukka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Alt dette har ført til mykje digital læring dei siste vekene. Videosamtalar har i stor grad blitt ein del av både jobbkvardag og måten me held kontakt med kvarandre på.

I tida før koronapandemien var radio- og tv-overføring av gudsteneste jamt over sett på som eit supplement. I dag er det praktisk talt slik at utanom husandakten, må alle gudstenester, kristne møte og forkynning skje på digitale flater.

Dette har sine utfordringar. Det er kanskje ikkje datalinjer og videoutstyr som har vore viktigast for kyrkjer og bedehus rundt i Noreg tidlegare.

Så det er imponerande å sjå korleis både store og små kyrkjer og forsamlingar har snudd seg rundt og klarer å få sendt både andaktar, gudsteneste, møte, konsertar, vitnemål og samtaleprogram om åndelege tema.

Mannsforeininga eg er med i, møtest no digitalt, og eg har også vore med og hatt misjonsinformasjon på ein misjonsbasar på videokonferanseplattforma Zoom. Nettet fløymer over av tilbod.

Dei fyrste helgene var det mindre å velja i, så då gjorde eg eit forsøk på å få med meg det meste. No er det så mange tilbod at det er umogleg å få med seg alt.

Etter kvart som fascinasjonen over det nye og spennande har lagt seg, merkar eg likevel at eg saknar det gode gamle fellesskapet. Kanskje var ikkje musikken like proff som det ein kan finne på dei mest sette nettgudstenestene. Ved å vera fysisk til stades unngår ein i alle fall at nettoverførte gudstenester og konsertar frys, at biletet står stilt og at lyden dett ut.

Mange eldre har lenge vore digitalt aktive og hatt kontakt med barn og barnebarn hjelp av iPad og datamaskin. Det er likevel ei omstilling når mest alt av sosial kontakt skal gå føre seg på den måten, og slett ikkje alle av dei eldste heng med på nett-karusellen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Noko av det som har gleda meg mest i denne tida, er å sjå korleis kristne i land som ikkje har same digital utvikling som i Noreg også finn nye vegar til å nå ut. Via Facebook har eg fått vore med på søndagsgudsteneste heime hos ein prest i Indonesia og internasjonal påskegudsteneste i heimen til ein misjonær i Japan.

Japan er eit land som folk i Noreg tenkjer på som eit høgteknologisk samfunn. Det stemmer på mange måtar, men etter å ha vore der nokre gonger, slår det meg kor tradisjonelt mykje er.

Dei har vore seine med å ta i bruk betalingskort og mange japanske kyrkjer er også relativt tradisjonsbundne.

Sjølv om mykje i det japanske samfunnet har gått som før inntil nyleg, har koronakrisa ført til at japanske kyrkjer også må tenkje nytt. Med digital forkynning er evangeliet no endå meir tilgjengeleg for japanarar flest.

Hikikomori er den japanske termen som blir brukt om ei gruppe som har trekt seg attende frå samfunnet. Dei tel minst éin million menneske. Det japanske helsedepartementet definerer hikikomori som ein person som nektar å forlata bustaden sin i minst seks månader, som held seg innandørs og ikkje tek del i samfunnslivet.

Eg hadde sjølv 14 dagar i karantene i starten av koronatida. For min del var det lenge nok. Mange hikikomori har ikkje vore utandørs på årevis.

Mange av dei er unge, men ei undersøking frå 2019 viste at det finst over 600.000 vaksne i alderen 40 til 64 år som også fell inn i denne kategorien. Mange hikikomori lever livet sitt på internett og spelar dataspel.

Dei er avhengige av andre for å få tak i mat og klede. Mange av dei bur heime hos foreldra og ansvaret fell på dei. Det er mykje skam forbunde med dette, og det gjer at det sit langt inne for omsorgspersonane å be om hjelp.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg håpar og ber om at utviklinga med meir tilgjengeleg digital forkynning kan nå både hikikomori i Japan og andre menneske rundt i verda som kjenner på at den nye kvardagen kjennes håplaus.

Jesus kom etter oppstoda inn til redde og desillusjonerte disiplar bak stengde dører, og gav fred, trøyst og håp. Han kan framleis gå gjennom stengde dører, både av fysisk og åndeleg art, for å møta menneske i dag, både i Japan og i Norge.