«Det er rett og slett ikkje gr
...
«Det er rett og slett ikkje grunn til å mistenkeleggjere frie kristne skolar generelt ut frå forhold som vekker uro i skolar knytt til eit uhyre marginalt sektmiljø», skriv Rolf Kjøde (biletet). Foto: Tore Hjalmar Sævik
frispark
Mistankes hermeneutikk
Del
Det er rett og slett ikkje grunn til å mistenkeleggjere frie kristne skolar generelt ut frå forhold som vekker uro i skolar knytt til eit uhyre marginalt sektmiljø.

Omgrepet «mistankens hermeneutikk» blei lansert av den franske filosofen Paul Ricoeur.

Det er ofte blitt brukt som ein karakteristikk av Karl Marx, Friedrich Nietzsche og Sigmund Freud sine kritiske utgangspunkt.

På folkeleg vis kan det omskrivast slik: Det er sjeldan grunn til å stole på det nokon seier eller gjer; det ligg alltid eit maktmotiv bak.

Vårt norske samfunn er ofte kalla eit tillitssamfunn. Generelt er det lettare for små samfunnseiningar å oppnå dette enn for dei store og uoversiktlege.

Samfunn med sterke frivillege rørsler, det såkalla sivilsamfunnet, har eit tydelegare tillits-DNA enn andre. Når det er kort veg mellom folket og makta og forholda er relativt opne og gjennomsiktige, bygger det tillit mellom partar.

I 2020 har vi sett at det har vore ein ressurs for Norge at vi har ein etablert tillit mellom folket og makta når tiltaka mot Covid-19 blei sett ut i livet. Dei fleste av oss tenker at vi vil kvarandre vel.

Vi anar umiddelbart at dette er ein ressurs og at mykje i det norske samfunnet har bore preg av tillit, men er vi for naive?

Denne hausten har vi følgt ein amerikansk valkamp som ber alle teikn på mistillit og aktiv bruk av mistankens hermeneutikk.

Det er interessant at den negative fortolkinga som tradisjonelt ligg til grunn for den politiske venstresida sin maktkritikk, no ser ut til å leve sitt frie liv også i populistiske rørsler godt til høgre i landskapet.

Naivitet i møte med menneske, samfunn og strukturar er inga god haldning.

Det kristne menneskesynet gjer oss realistiske med omsyn til kva potensial vi har; til det gode som Gud skapte oss til gjennom kjærleik til nesten, og til det vonde og egoistiske som gjer oss sjølve til våre eigne naturlege manøvreringspunkt og mistrur alle andre.

Når media lever av negative oppslag eller reklamebransjen spekulerer i å gjere oss misfornøgde eller politikarar fremmar sin politikk ved notorisk å svartmale motstandarane, brukar dei mistanke som våpen.

Det bryt ned den tilliten vi som kultur treng for å bygge samfunnet saman og legg rommet ope for alle mulige falske forteljingar som kjem i form av fake news og konspirasjonar. Vi trur på dei, fordi vi blir lært opp til mistru.

Tillit er aldri eit einvegsprosjekt. Tillit er gjensidig, fordi det bygger på relasjon. Tillit blir retta mot kvarandre. Utan tillit begge vegar, oppstår ein maktubalanse der minst ein part vil utnytte situasjonen til manipulering og dominans.

Korleis skal vi då vinne tilbake det tillitspreget i godt samspel som vi anar blir svekka mellom polariserande krefter?

I dette frisparket vil eg særleg peike på den politiske makta sitt ansvar til å bygge og gjenreise tillit. Tillitskapitalen i folket vårt må ikkje spelast bort av ein stat som vil vinne ideologisk kontroll over folket sitt.

Eg har eit realistisk nok menneskesyn til å forstå at vi må ha institusjonar som fører tilsyn og revisjon i alle sektorar –frivilleg, privat og statleg.

Samtidig lurer eg på om den statlege kontrollkulturen eigentleg reflekterer forventing om tillit eine vegen i bytte mot mistru andre vegen.

Vi har ei god ordning i Norge med at statleg bistand blir kanalisert gjennom organisasjonar som bygger sivilsamfunnet og som dermed kjem tettare på og unngår ledd som tradisjonelt er meir korrupte.

Står statens svære og dyre kontrollmekanismar med sivilsamfunnet sine bistandsaktørar i rimeleg forhold til dei svært små avvika som over år er avdekt?

Kva gjer den pedantiske tellekulturen som statens tilsynsorgan NOKUT styrer ut frå i møte med dei akademiske institusjonane sin kultur og ressursbruk?

Er staten så bombesikker på at dei store private bedriftene sine modellar for økonomisk drift og ekspansjon også er tenleg for offentlege tenester?

I den seinare tida er det små trussamfunn i ytterkanten av og på utsida av kristen tru som har fått fokus.

Delar av det som er kome fram i NRK Brennpunkt, er viktig å få kasta lys over, sjølv om den mektige statskanalen også treng eit maktkritisk perspektiv tilbake på seg sjølv.

Noko av det som er kome fram påkallar også behovet for eksternt tilsyn. Det er eg sikker på er registrert i eigna instansar.

Derimot er det grunn til å åtvare mot den automatiserte reaksjonen som kjem opp både i diverse kommentarfelt og frå ein del politikarar, og sist frå Barneombodet.

Det er rett og slett ikkje grunn til å mistenkeleggjere frie kristne skolar generelt ut frå forhold som vekker uro i skolar knytt til eit uhyre marginalt sektmiljø.

Tvert om treng staten å trene seg i å ha tillit til at foreldre flest vil borna sine vel, også når dei brukar den grunnleggande foreldreretten til å nytte seg av andre undervisningstilbod enn det statlege for borna sine.

Skal staten bygge tillit til borgarane sine, må den unngå misbruk av mistankens hermeneutikk.

rolf kjøde,frispark,debatt,meninger,kristne friskoler,friskole