Friskule og valkamp
Medan det offentlege byggjer skular der det er mange elevar utan nærskule, og difor startar opp med hundrevis av elevar, må ein friskule byggje tillit og legitimitet over tid.
NRK har dei siste par dagane brukt Stord Kristne Skule (SKS) i debatten om friskular i Noreg. Det er ein god ting, både at skulen har fått merksemd, og at det blir debatt om friskular.
NRK har snakka med så vel politikarar som ein av dei mest profilerte skuleforskarane i landet.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Det interessante er sjølvsagt at det er talet på elevar som får fokus, medan dei demokratiske sidene er totalt fråverande i debatten.
Det vert slått fast av forskaren at med så få elevar som 16 finn ingen nære vener. Nå har vi noko meir erfaring med profetiske utsegner enn skuleforskarar flest, og vi veit at truverdet vert mellom anna avgjort over tid:
Hender det profetien seier? Med andre ord: Forskaren sine ord fell daude til bakken når våre elevar finn gode vener på skulen.
Statistisk veit vi at jo fleire elevar det finnest å spele på, jo lettare er det å finne vener – utan særleg innsats. Men vi veit og at jo større elevflokken er, jo lettare er det å verte einsam og å gøyme vekk redsla si.
På SKS har vi tenkt å gjere ein innsats for venskap, for vi meiner venskap er viktig. Vi trur at det kan verte gode vener av usannsynlege kombinasjonar – ein treng ikkje ha like interesse, kome få same økonomiske lag eller einast om meiningar. Faktisk kan desse elementa gjere venskapet rikare.
Medan det offentlege byggjer skular der det er mange elevar utan nærskule, og difor startar opp med hundrevis av elevar, må ein friskule byggje tillit og legitimitet over tid.
Difor byrjar vi ikkje med stort elevtal, men vi arbeider målmedvite for å få fleire elevar. Det faktum at vi har skulestart i august, med nødvendig godkjenningar på plass, har gjort at fleire har synt interesse.
Eg er ikkje overraska over at Marte Mjøs Persen (Ap) ville ha vore skeptisk til å sende ungane sine «her». Spørsmålet er nok heller om Persen ville ha sendt borna sine til ein kristen friskule om skulen hadde vore i hennar nabolag, hatt høg læringskvalitet og hatt 300 elevar. Og det er hennar rett!
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Ho har markert seg som arg motstandar av julegudstenester – som gjeld ein halv time i året. Det er difor overhengande sannsynleg at «her» handlar om noko langt meir enn elevtalet. Og då er vi inne på den demokratiske dimensjonen.
Ein del av demokratiet handlar om at foreldra har retten til å avgjere kva oppseding borna deira skal få. Denne retten er mykje sterkare enn vi ofte tenkjer, rett og slett fordi vi er vane med at det finnest berre ein skule som er aktuell, og det er den offentlege.
Jo større mangfald eit samfunn har, jo meir kjem denne demokratiske retten i spel. Foreldre ønskjer ei anna oppseding enn den den offentlege skulen tilbyr. Og då har dei retten til å få det. Det er dette valkampen burde handle om.
Stord Kristne Skule gjev med få unntak elevar den same faglege opplæring og kompetanse som den offentlege skulen. Skilnaden ligg i kulturen.
På SKS blir ikkje elevar med kristen tru ledd av, marginalisert og skyve inn skuggane.
På SKS blir ikkje elevar med kristen tru ledd av, marginalisert og skyve inn skuggane. Her får dei, saman med elevar som ikkje nødvendigvis deler same trua, rom til å spørje, argumentere, drøfte, undre og leve ope. Det er dette valkampen burde handle om.
Å byggje ein skule handlar om så mykje meir enn elevtal og bygg. Det handlar om kvalitet i opplæringa.
Difor er teamet som startar opp på SKS velutdanna med god fartstid og stor entusiasme for læring. Difor arbeider vi tett saman med foreldra. Difor vert skulen ein god stad å vere og ein god stad å lære.