Forsamlingsbygging og Ordet - bedehuset og etternølarar

Her gjeld apostelens formaning om ikkje å stella seg slik at trua verta «grunna på menneskeleg visdom», skriv Johannes Kleppa.

Det er stort fokus på for­sam­lings­byg­ging eller kyr­kje­plan­ting for tida, og godt er det. Dette fo­ku­set burde vi hatt for 20-30 år sidan.

Det var å vona at vi med skip­per Worse kunna seia: «Vi kjem seint, men godt!» Di­ver­re er det ikkje utan vi­da­re slik. Vilje til for­sam­lings­byg­ging er godt, men kor­leis skal dette skje? Kva er ma­te­ria­la­ne ein bru­kar til byg­gin­ga?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I ulike krist­ne media er det skri­ve ein god del etter DAWN sin kyr­kje­plan­tings­kon­fe­ran­se, Sendt, for ei tid sidan. Denne samla nær 800 del­ta­rar frå nær sagt heile den nors­ke kyr­kje­ge­o­gra­fi­en.

Sam­bån­det hadde 12-13 sider med dette som tema med tanke på indre­mi­sjo­nen og bede­hu­set. Når eg les, vert eg meir uro­leg enn eg vert in­spi­rert.

Det er snak­ka om «gamle leia­rar» og «etter­nø­la­rar» som er pro­blem for den nye sat­sin­ga.

For min del er det slik at eg var ein av dei som for minst 25 år sidan ster­kast talte for å etab­le­ra al­ter­na­tiv på bede­hu­set til dei kyr­kje­le­ge hand­lin­ga­ne både ut frå ut­vik­lin­ga i Den nors­ke kyr­kja og fordi bede­hu­set trong det.

Eg talte for det som vart kalla «alt-un­der eitt- tak» og for meir sjølv­sten­di­ge bede­hus­for­sam­lin­gar. Slik sett er eg ein «for­lø­par», ikkje ein «etter­nø­lar».

Sjølv om bede­hu­set alt då var sterkt svek­ka i for­hold til nokre tiår tid­le­ga­re, ville det då trass alt vore ei heilt anna ån­de­leg be­re­kreft ut frå bede­hu­sets ideal for ei slik sat­sing enn det er no.

Eg er hel­ler ikkje no «etter­nø­lar», men eg er uro­leg for bygge­må­ten og for kva­li­te­ten i bygge­ma­te­ria­let.

I alt det eg les frå DAWN, Sendt-kon­fe­ran­sen og frå til­sva­ran­de sa­man­hen­gar, er det store meng­der med ana­ly­sar, vi­sjo­nar, stra­te­gi­ar og me­to­dar, men det er prak­tisk talt ikkje noko om Or­dets nåde­mid­del og for­kyn­nin­ga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ikkje borte, men det er rekna som noko sjølv­sagt og er difor ikkje fo­ku­sert. Det ska­per eit en­ga­sje­ment for ytre og ad­mi­ni­stra­ti­ve for­hold, men for­kyn­nin­ga sin plass og kva­li­tet - sær­leg det siste, vert over­sett.

Det ver­kar med sin eigen dy­na­mikk som ei ned­to­nin­ga av Ordet som nåde­mid­del, anten ein vil det og er klar over det, eller ikkje.

For­mer, me­to­dar og stra­te­gi­ar eller ikke all­tid berar av teo­lo­gi. Det er den sunne læra som skal skapa og forma dette.

Skjer ikkje det, kan ein nok få ei opp­blomst­ring i ar­bei­det, men over tid vil det anten døy ut, gå i ret­ning av eit so­si­alt ar­beid eller slita folk ån­de­leg ut.

Difor må all ten­king om for­sam­lings­byg­ging ha eit langt ster­ka­re tyngde­punkt i Or­dets nåde­mid­del og for­kyn­nin­ga enn til­fel­let er no. Her gjeld apos­te­lens for­ma­ning om ikkje å stel­la seg slik at trua verta «grun­na på men­nes­ke­leg vis­dom» ved ulike typar «vis­doms over­ta­lan­de ord», men «på Guds kraft» ved for­kyn­nin­ga av «Kris­tus Jesus, og han kross­fest».

Det gjeld at ein ikkje byg­gjer på grunn­vol­len Jesus Kris­tus med bygg­ma­te­ria­le som brenn opp. (1 Kor 2,1-5; 3,9-15)