GRAVFERD: – Dei seinare åra medan eg har brukt ein god del tid på presteteneste i gudstenester, dåpssamtalar og ikkje minst gravferdssitusjonar, har den nøden som eg les ut av biskopen si vurdering, dokumentert for meg at han peikar på vesentleg anliggande, skriv Hallaråker.

Forkynninga si aktuelle utfordring

Korleis skal me forkynna til menneske i dag som tilsynelatande ber på ein tydeleg lengt etter Gud?

Biskop Halvor Nordhaug har sett fokus på eit svært aktuelt tema – korleis forkynna til menneske i dag som tilsynelatande ber på ein tydeleg lengt etter Gud. Den bekymringa bør oppta alle som ønskjer at menneske skal koma til tru og liv i Gud.

Det er gode grunnar for å lytta til biskopen. Få nålevande teologar har meir kompetanse på homiletikk feltet enn den tidlegare praktikumsrektoren. Ein må gjerne ha nyanserte meiningar om best strategi og alle hans vurderingar, men det må ikkje ta bort nøden for temaet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er all grunn til å drøfta og hjelpa kvarandre med å nå inn til den målgruppa biskopen nemner. Eg kan heller ikkje sjå at hans pedagogiske strategivalg er teologisk avsporing, tvert imot.

Dei seinare åra medan eg har brukt ein god del tid på presteteneste i gudstenester, dåpssamtalar og ikkje minst gravferdssitusjonar, har den nøden som eg les ut av biskopen si vurdering, dokumentert for meg at han peikar på vesentleg anliggande og gjev kloke råd.

Nøden eg ofte kjenner på, er korleis søkjande menneske og menneske med lengt etter Gud kan hjelpast inn i den kristne forsamlinga og der møta Ordets nådemiddel og Guds gåver som kan føra dei til frelst trusliv? Kanskje eg skulle drista meg til eit forslag?

Nordhaug har med stort hell gjennomført mange viktige samtalar i Litteraturhuset med ulike personar om viktige tema. Kva om han også inviterte evangelistar frå bedehusland for å få høyra deira erfaring og tankar om temaet – erfaringa frå kontakten med menneske som kjem under deira talarstol med lengten etter Gud? Desse forkynnarane når nemleg mange slike menneske.

Biskopen nemner bruk av skapingsteologi og Paulus sin tale på Areopagos. Eg supplerer gjerne med Luthers vesle katekisme og reformatoren si forklaring til første artikkelen.

Her er grunnleggande materiale å arbeida med for forkynning på dette feltet. Eg dristar meg også til å oppmoda til meir fokus på katekismepreiker generelt sett. Det skulle vi brukt mykje meir i vårt land både i kyrkje og bedehusland.

Katekisma vart jo til som genial formidling av kristen tru og lære til menneske som sjølve hadde liten kristen kunnskap.

Eit tips her: Lohse forlag i Danmark gav i 2019 ut ei bok med slike preiker av dei to prestane Sune Skarsholm og Henrik Høilund. Boka har gode døme og tips til slike preiker.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vegen mot målet er viktig, men aller viktigast er det at målet er klart: Forkynninga må føra tilhøyrarane til ei levande tru på Herren Jesus og gje mat for gudslivet. Gudslengt og religiøsitet er ikkje målet.

Areopagostalen er viktig for å drøfta strategi for slik forkynning. Men med tanke på målet, vil eg trekka inn ein annan tekst også frå Apostelgjerningane. Det er forteljinga om Kornelius.

Vi les det i Apg. 10 og 11. Han var ein from mann les vi, og heile familien var gudfryktige. Men merk: Dei var ikkje frelste! Korleis kunne det skje?

Jo Kornelius fekk dette svaret: Han skulle senda bod etter Peter: «Han skal tala ord som skal bli til frelse for deg og heile ditt hus.» Apg. 11,14. Altså – det er Ordet om Jesus og hans frelsesverk som må forkynnast for at det skal bli frelsande tru!

Dette får meg til å peika på eit anna (kanskje ikkje anna) viktig poeng som er svært aktuelt for dagens forkynnarar: Kva med forkynninga sin nådemiddelkarakter? Det temaet er aktuelt spørsmål både i kyrkjesamanheng og bedehusland.

Bibelsk luthersk forkynning er Ordets nådemiddel – ordet om krossen – i funksjon. Sagt på annan måte: Dersom forkynninga ikkje er nådemiddelformidling, er det berre religiøst prat om det er aldri så godt å høyra på.

Diverre er eg redd mykje forkynning både i kyrkje og bedehus manglar tydeleg nådemiddelkarakter. Den lutherske kyrkja har to sakrament, men tre nådemidlar!

Ordet si forkynning er Guds verktøy i frelsesspørsmålet og må altså innehalda det store Kristusformidlande nådemiddel og ikkje berre vera tilvising til møte med Kristus gjennom sakramentet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Luther lærde oss dette. Jfr Rom. 10:17: «Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.»

Ein luthersk predikant bør ha dette testspørsmålet alltid med seg før han/ho går på talarstolen: Går eg verkeleg med Ordets nådemiddel eller berre religiøst prat? Å tala om evangeliet og om Guds kjærleik er i beste forstand lovisk prat.

Å formidla evangeliet er å formidla Jesus til hjarto som høyrer. Berre det er nådemiddelet i funksjon.

Evangeliet må tiltalast og ikkje berre omtalast! Eg må ærleg tilstå at mykje forkynning ein kan høyra er godt førebudde betraktningar om eitt og hitt, men saknar nådemidlet. Då sit ein att med steinar for brød.

Den første artikkelen har visseleg mykje godt materiale til forkynninga. Men forkynninga må få sitt tyngdepunkt i den andre artikkelen – som Luther med rette sa det – sann forkynning er formidling av Jesus – «når Kristus blir forkynt, kjem han» (Luther) – og det hjelper den tredje artikkelen til med når Anden får bruka den andre artikkelen sitt evangelium og formidlar Jesus til hjarto som høyrer, og med det skaper tru og gjenfødd liv i Gud.