Fordekt rasisme

Det er ei stor gruppe som trur seg å vera dei mest menneskevenlege og godhjarta av alle. Dei soknar til den sosialistiske leir og kler seg med honnørord som solidaritet, toleranse og antirasisme.

Dette gjer seg utslag i haldningar som fører til utsegner som: “Det er feigt å slå lillesøstra di!” - “Uproporsjonal krigføring” “Stå opp for dei undertrykte!”

I praksis føret dette til ei stakkarsleggjering av visse grupperingar. Alle som vert diskriminerte på grunn av hudfarge, seksuell legning, - minoritetear i språk eller religion, taparane, - eller dei som har urfolkopphav - blir omfamna som om dei treng spesiell omsorg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men den varme omsorga er eigentleg hovmod - fordekt rasisme: Eit utslag av nedvurdering av dei som menneske.

Desse “stakkarane” blir imøtekomne med særordningar som inneber at dei enkelt får statsborgarskap med sosiale ytingar som andre må stå lenge i køen for å oppnå.

Det mest talande dømet er frå Sverige der ein muslim med fire koner fekk av Stokholm by tildelt fire husvere til 13,4 millionar.

Mange i denne leiren kallar seg “kristensosialistar”. Men det er urett. Det går an å vera litt kristen og litt sosialist, men det går ikkje å vera heilhjarta det eine og det andre, fordi desse åndsretingane utelukkar kvarandre. Sosialismen trur på mennesket, humanismen, forfektar livssynsnøytralitet og hyller “menneskeverdet”.

Menneskeverdet. I sosialistleiren har definisjonen vore diffus etter at dei distanserte seg frå den kristne definisjonen. Men ein presteutdanna representant for 68-generasjonen fann fram til den forløysande formelen. Ja, han var ordinert til biskop i den tolerante og lågterskla giskekyrkja på den tid og var premissleverandør for den framstormande homorørsla. Han sa: ”Den homofiles identitet er hans Menneskeverd”. Alle i sosialistleiren jubla, og halve Dnk applauderte. Og sjølv om utsegna var heilt absurd, og sto steilt mot det kristne synet og kyrkjelæra - vart definisjonen omfamna av alle sekulære og flesteparten i Dnk og gjort til premiss for tenkninga både sekulært og i homo-teologien. Å diskriminera homofile vart dermed ei grov krenking av “menneskeverdet”.

Det kristne synet går tilbake til skapinga som seier at mennesket er skapt i Guds bilete. Det får eigenvilje, blir ansvarleggjort og får æveperspektiv. Det hevar mennesket opp frå sosialismens umyndiggjering og ansvarsfråskriving. Sosialismen tek bort ansvarsbøra/gåva - den frie viljen, og let omstende/omgjevingane bera skulda for livsførsla og livslagnaden.

Sosialismen blir dermed ei krenking av menneskeverdet/gudsbiletet som me er skapte med.

Så skjer det uventa og irrasjonelle at i løpet av ein generasjon snur sosialistane om på hælen og omfamnar ein ideologi som er i sterk motsetnad til det meste av det dei har kjempa for: Liberaliteten når det gjeld menneskerettar, demokrati, religionsutøving, kvinnesyn, ekteskapsform, abortsyn og “de homofiles rettigheter”.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Islam med si kvinneundertrykking, grove krenking av vestleg definerte menneskerettar, totalitære religionsutøving og forkvakla kunst/kultursyn - alt dette vert slukt rått og motteke med forståing og aksept.

Kva er det som har skjedd? Er det ei heilomvending, eller har desse haldningane ligge latente og nå kome fram i dagen som ei mognande frukt i innhaustningstid?

Har sosialismen segla under falskt flagg, - eller late vera å heisa sitt sanne merke?