Det er venta meir vald frå den muslimske geriljahæren Moro Islamic Liberation Front etter at den filippinske høgsteretten sa nei til fredsavtale.

Filippinsk «land for fred»-avtale stogga

Muslimske opprørarar får likevel ikkje sjølvstyre i Sør-Filippinene, etter at landets høgsterett no har sagt nei til fredsavtale.

Tidlegare i år vart den muslimske separatistrørsla Moro Islamic Liberation Front (MILF) for fyrste gong i den førti år lange konflikta lova sjølvstyre over område i Mindanao, i dei sørlege Filippinene. Måndag sette landets høgsterett ned foten mot avtalen som den sittande regjeringa hadde akseptert.



Striden går til høgsterett

MILF representerer ei gruppe på 4,5 millionar muslimar i det katolske landet, og majoriteten av desse bur i dei sydlege regionane av landet. Katolske politikarar argumenterte med at viss denne avtalen vart inngått, ville området verta delt opp i muslimske enklavar. Dette har fått gehør hjå landets øverste domstol, men denne har også spurt om å få presentert båe sider av saka seinare denne månaden, skriv Reuters. 120.000 menneske har så langt vorte drepne i den langvarige konflikta, og to millionar har måtta flykta frå den fattige, men ressursrike landsdelen. No fryktar militæret meir vald frå opprørarane, og har plassert soldatar utover Mindanao, skriv den kinesiske avisa Chinaview.


DM