Evangeliet inn i vår tid

«De har ei kjempeutfordring i å nå dagens menneske med evangeliet» vart sagt til meg for ei stund tilbake. Og ja, eg er så einig! Det er vår store utfordring og vår store moglegheit.

Det er nyttig for oss som ofte preiker mest til kristne, å av og til koma utanfor vår eiga komfortsone og samtala med andre om evangeliet. Under ein evangeliseringsaksjon skulle eg samtala med forbipasserande om livet og trua.

Ofte møtte eg forståing og utsagn som: «Eg er då ikkje verre enn andre. Eg gjer så godt eg kan, og kjem nok til himmelen på det».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Å koma i «syndenød» er eit ord som min generasjon og yngre nyttar lite i dag. Men korleis kan me på ein forståeleg måte formidla at me er syndarar som treng Jesus?

Til nokre av dei forbipasserande nevnt i stad, slo eg opp sentrale bibelvers som Joh. 3,16 og Ef. 2, 8-9. Me las saman fleire gongar, og snakka om kva det betydde.

Likevel – til vaksne folk – som har sine oppfatningar av korleis ting heng saman, var det vanskeleg å nå inn med ny bodskap. Skjønt, Ordet er sådd, og vil vera verkekraftig vidare i livet til desse menneska.

Dagens menneske – kven er så det? Frå artikkel i VG (2015) kunne me lesa at befolkninga blir mindre truande. For første gong er det no like mange som svarar ja som nei på spørsmålet «Trur du på Gud?» –38 prosent. 24 prosent er usikker.

Med interesse slo eg opp i religion- og etikkboka eine sonen min (3. vgs) har på skulen. «Hovudsaka i kristendommen er at Gud grip inn i historia for å frelse menneska», kunne eg lesa. Her var avsnitt om «Læra om synd» og «Jesus som den som frelser verda».

Eigentleg ganske klar tale. Gjennom «kjemisk beskriving av evangeliet» skulle eg kort tid tilbake forklara syndefallet og Jesu død på korset for ungdommar.

Det vart litt dialog, og meir og meir skjønar eg at frelseshistoria er svært fjern for mange, spesielt om dei ikkje har vakse opp med denne bodskapen i heimen.

Mottoet «Pray, care and share» (be, bry seg og dela) er bra utgangspunkt når det gjeld evangelisering. Skal du forkynna for eit menneske, må du vera glad i det, er det sagt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Undersøkingar viser at evangelisering fungerer best om forsamlinga også skårer høgt påvarme relasjonar.

Dialog er viktig for å forstå kultur og språk til menneska rundt oss. Korleis kan me dela evangeliet som svarar på spørsmåla og behova ein ikkje truande måtte ha?

Me må finna passordet inn til menneske i vår tid. På mange måtar lever me i ei religiøs tid. Mange er opne for å samtala. Menneske har ikkje i dag nødvendigvis sagt nei til Jesus. Dei veit berre ikkje korleis han ser ut.

Me har ei fantastisk spennande oppgåve framfor oss. Menneske er fortapt utan Jesus. Eig me denne smerta? Den vil driva oss som arbeidarar ut.