Etter landsmøtet - kva så?

I dagens kyrkjelandskap er «vedkjenning» kanskje ikkje det klareste uttrykket.

Det har komme ein del re­ak­sjo­nar etter det som skjed­de på KrF sitt lands­møte. Fest­kvel­den med dei gode in­ten­sjo­na­ne druk­na i nokre uhel­di­ge epi­so­dar som ingen i par­ti­et ei­gent­leg kan las­tast for. Det var hel­ler ikkje vondt meint frå ar­tis­ten.

Det er all grunn til å la dette vera his­to­rie og ta lær­dom­men med seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vik­ti­ga­re er det som skjed­de rundt ved­kjen­nings­pa­ra­gra­fen og ideo­lo­gi­ka­pit­let. I den saka har eg re­gist­rert at flei­re media og kom­men­ta­rar har fo­ku­sert på meg. Somme gjev meg ros for det eg la fram frå Horda­land både i pro­ses­sen og i sjøl­ve møtet om­kring ideo­lo­gi­ka­pit­let.

Vi fekk mel­lom anna på plass re­la­sjo­nen til Bi­be­len, vern om livet frå mors liv av og ek­te­ska­pet mel­lom mann og kvin­ne i dette vik­ti­ge ideo­lo­gi­ka­pit­let. Det var ikkje ein vans­ke­leg kamp. Fak­tum er at det var stor til­slut­nad til for­sla­ga. Ingen prin­si­pi­ell mot­stand.

Dei ne­ga­ti­ve kom­men­ta­ra­ne etter­på har eg fått om min stra­te­gi rundt ved­kjen­nings­pa­ra­gra­fen. Kri­tikk er greit, men ord­bru­ken gir meg flei­re tan­kar. Vel, det er ingen løyn­dom at eg helst ville hatt den med vi­da­re. Men eg må li­ke­vel ta vare på min in­tegri­tet og sjå rea­lis­tisk og stra­te­gisk på si­tua­sjo­nen.

Rea­li­te­ten var at lands­mø­tet for to år sidan gav klare sig­nal om at pa­ra­gra­fen sto for fall. Det same blei stad­fes­ta av inn­stil­lin­ga frå eit samla lands­sty­re til årets møte. Ein mein­te at par­ti­et hel­ler måtte for­plik­ta til­lits­val­de på eit klart verdi­ba­sert pro­gram. I til­legg til den nye verdi­pa­ra­gra­fen blei det så klart at par­ti­et ønsk­te inn­ført på nytt eit ideo­lo­gi­ka­pi­tel som enno meir klar­gjor­de kva det tyder - mel­lom anna for­ank­ring av det krist­ne men­neske­sy­net «skapt i Guds bi­le­te».

Det var dette ideo­lo­gi­ka­pit­let Horda­land fekk heile par­ti­et med på å for­ster­ka. Der­for kan vi trygt seia at med kom­bi­na­sjo­nen av den nye lov­pa­ra­gra­fen og det nye ideo­lo­gi­ka­pit­let (som for­øv­rig har same lov­vern), kan vi med rette seia at par­ti­et kom endå betre ut.

Når det gjeld ved­kjen­nings­pa­ra­gra­fen, må eg til­stå at sjølv om eg ville halda på den, kan eg ikkje dy meg for å seia med min «vest­land­spie­tis­tis­ke» bak­grunn at i da­gens kyr­kje­land­skap er «ved­kjen­ning» kan­skje ikkje det kla­res­te ut­tryk­ket. I så måte er den nye for­plik­tin­ga i lov­pa­ra­gra­fen og ideo­lo­gi­ka­pit­let eit godt ut­trykk for klar for­ank­ring og pro­fil.

San­nin­ga er også at dette re­sul­ta­tet er noko heilt anna og betre enn det ein såg føre seg i star­ten av denne saka for år til­ba­ke. Sjå elles min ar­tik­kel om ideo­lo­gi og po­li­tikk 3. mai i denne avis. Eg må sjølv­sagt tola både kri­tikk og usem­je om min stra­te­gi og vur­de­ring. Men eg tør be om for­stå­ing for det al­ter­na­ti­vet eg valde: Når KrF-to­get var i ferd med å gå, var det vik­ti­gast for meg å bidra til ein skinne­gang som gav stø kurs. Det skjed­de.

Saman med alle andre i lands­mø­tet var det for meg lett val å vera med på det toget i sta­den for å stå til­ba­ke på per­ron­gen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nå er det tid for å sjå fram­over. Lands­møta i dei po­li­tis­ke par­tia har talt: Stor­tin­get har eitt verdi­kon­ser­va­tivt parti: Dette par­ti­et set men­neske­ver­det - men­nes­ke skapt i Guds bi­le­te - i sen­trum. Par­ti­et er Kris­te­leg Folke­par­ti.

KrF er det ein­as­te re­el­le al­ter­na­ti­vet for alle som ønskjer verdi­kon­ser­va­tiv tyng­de i Stor­tin­get! Valet bør vera klart for verdi­med­vit­ne vel­ja­rar!

Karl Johan Hallaråker

sentralstyremedlem