Er ”Yoga” alltid Yoga?

Eg må nyansera meg!

Det har kome mange innlegg og ulike meiningar om Yoga i Dagensdebatt etter reportasjen om Yoga i kyrkjeleg regi. Det kan verka som vi til dels misforstår og snakkar forbi kvarandre. Eg har fått nokre nyanserte tilbakemeldingar som har vore nyttige. No vil eg prøva å svara på spørsmålet i overskrifta mi og voner å kunna klarleggja lite grann.

Eg står fast ved at Yoga er ei samling av mentale og fysiske teknikkar knytt til hinduisme og buddhisme. Innlegget mitt om Yoga var meint som opplysning og ei åtvaring, men eg ønskte ikkje å seia noko nedsetjande om kristne som ser dette annleis enn meg. Gud ser til hjartet og er den einaste som kan evaluera det som føregår der gjennom bønn og meditasjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva som er ein god kristen måte å tenkja på, må me gå til Bibelen for å finna og ikkje til humanisme, ateisme eller andre religionar. Som kristne møter me all slags påverknad i samfunnet og blir utsett for filosofi og tankegang som bryt med kristentrua. Det hender ofte at kristne tek om bord ikkjekristnetankemåtar. Ofte lever me som om Gud ikkje finst. Dette er alltid skadeleg. Vestleg rasjonalisme og materialisme er kanskje dei største fiendane for kristentrua i vår tid. Når det gjeld Yoga er eg redd for at me kan opna opp for vonde makter om me gjer rom for hinduistisk tankegang og praksis. Om det berre er snakk om kroppslege øvingar, bør me heller kalla det gymnastikk og pusteteknikk staden for ”Yoga.”

Sinnsro, indre fred og det å vera stille for Herren er gode kristne verdiar. Me kan snakka om eit indre ljos og bruka mange andre uttrykk for dette indre livet, men det har alltid ei retning mot Gud og det er aldri meininga at tankeaktivitet skal opphøyra. Me trur at Gud ønskjer oss velkomen inn i ein personleg relasjon, i eit medvite fellesskap der me medvite snakkar med kvarandre. Det er det me kallar bønn - ein relasjon mellom personar. Det er noko heilt anna enn den hinduistiske tankegangen:

”Meditasjonen medfører at sinnet gradvis faller til ro, slik at det oppnås en tilstand av minste aktivitet som kalles ‘transcendental (overskridende) bevissthet’. En får del i universets ‘kreative intelligens.” Denne hinduistiske tenkjemåten samsvarer ikkje med kristen tenkjemåte. Eg er redd for at det som her blir kalla ”universets ”kreative intelligens” er det same som Bibelen kallar for dei farlege grunnkreftene i verda.

Ein god kristen bror, som for ei tid sidan gjekk gjennom ein djup depresjon og panikkangst, skreiv til meg at han fekk god hjelp på ein psykiatrisk institusjon. Han seier at psykiatrien brukte ordet Yoga om pusteøvingar og kroppslege stillingar, som ein slags avslappingsøvingar eller gymnastikk. Her lærte han å ta ein observerande rolle i høve kropp og kjensler for å ”normalisera” forholdet til kroppen som hadde teke kontrollen over livet hans i form av angst, depresjonar og mange vonde kroppslege kjensler. Å fukusera på den repeterande pusten vart eit verkemiddel til å handtera panikkangsten.

Den gode kristne bror min, skreiv eit langt brev til meg der han forklarte for meg korleis han gjennom kropps- og pusteøvingar fann lindring for den sterke uroa som plaga han. Slik ”Yoga” vart brukt på denne institusjonen var det ikkje snev av hinduistisk eller buddhistisk tankegang, etter det han opplevde. Han brukte desse øvingane til å vera i lag med Jesus. I den psykriatrien han møtte, var det ingen som snakka om å tømma tankane, men korleis tankar og kjensler påverkar kvarandre, og korleis vår respons og måte å reagera på dette, enten gjev tankar og kjensler større eller mindre plass i livet vårt. Han seier også at nokre av dei medisinane han fekk, til dels hadde ein negativ verknad på livet hans med Gud.

Brevet frå min gode kristne bror fekk meg til å stilla dette spørsmålet: Er ”Yoga” alltid Yoga? I mitt hovud er Yoga knytt til hinduistisk filosofi og meditasjon. Spørsmålet er om kroppsøvingar og pusteknikkar, som har sitt opphav i Yogatradisjonen, kan skiljast frå hinduistisk filosofi og meditasjonspraksis. Fleire gode kristne meiner at det går an. Eg kan ikkje utelukka det. Dersom det berre er snakk om kroppsøvingar og pusteteknikkar, som kan kombinerast med kristen bønn og meditasjon eller også vera ei rein ikkjereligiøs øving, hadde det hjelpt oss alle om det ikkje vart kalla ”Yoga.” Avslappingsteknikkar er jo eit langt ord, men er kanskje meir dekkjande for denne aktiviteten.

Det er jo slik at Gud har skapt den verda me lever i. Alle menneske er skapt i Guds bilete. Me er skapte til å utforska, odla, dyrka og leggja heile skaparverket under oss. Sann vitskap og forskning er å oppdaga dei naturlovene Gud har lagd ned i skaparverket. Forsking på mennesket, på samanhengen mellom kropp og sjel, mellom tankar og kjensler, er også ein del av oppdraget. Heile mennesket er skapt av Gud. Å oppdaga korleis ting heng saman og bruka dette for å meistra utfordringar i livet må jo vera ein god ting, same kva slags menneske som har oppdaga dette.

Bibelen taler om å få sinnet, tankane og kjenslene til å falla til ro (Sal 131.2), ikkje for å la dei forbli tome, slik som i buddhistisk og hinduistisk filosofi, men for å koma der at ein kan høyra når Gud taler. Det er likevel slik at uro og sterke kjensler kan gjera dette vanskeleg. Gud har gjeve oss tungemålsgåva som eit verktøy når vi har det slik. Det kan og samanliknast med meditisjon. Me seier ord som forstanden vår ikkje forstår eller har nytte av. Når me taler i tunger, seier Bibelen at me byggjer opp vårt indre menneske og kan få ro i sinnet. Tankane og kjenslene klarnar og ein ser mykje lettare ting ifrå Gud sitt perspektiv. Bibelen seier og at me skal bringa alle ting fram for han i bønn. Då kan me leggja uro og alt vondt over på han, og får trøyst, oppmuntring tru og håp attende. Då vil me enda opp med å takka Gud for håp og for svar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lat meg avslutta med nokre avsnitt frå brevet frå bror min (eg har fått lova å bruka dei i dette innlegget, som han også har fått lese gjennom):

”Vi snakker i det heile lite om meditasjon imellom kristne. Stille bøn har eg høyrd svært lite undervisning om. Når eg var som sjukast, klarte eg ikkje å seia bøner. Så eg skreiv dei. Er det også bøner? Alt eg har høyrt om er bekjenning. Men eg klarte ikkje å bekjenna noko på den tida. Det einaste eg klarte var å skriva ut håpløysa, dei tunge og tome kjenslene; og likevel: eit rop om hjelp. Når eg les dette idag, så er det akkurat like hjarteskjerande som mykje av det vi finn i salmane. Eg skjønar idag at dette var bøn, og at Gud høyrde mi bøn. Men den gongen skjønte eg ikkje det. Og eg forakta meg sjøl for den elendige tilstanden eg var i. Vi har ein lei tendens til å bli så smale i vår framstilling. Eg har høyrd forkynnarar tala med tydeleg forakt snakka om kor tåpeleg det er å tenna lys og kalla det bøn. Samtidig som eg sjølvsagt forstår at bøn er meir enn å tenna lys, så er det slik at det alltid og under alle høver er heilt fånyttes? I templet skulle lysa alltid vera tende. Eg tenkte ikkje på det eg skreiv når angsten reiv og sleit som bøn; kvifor ikkje? Eg skreiv om kor lite eg var i stand til å be, men skjønte ikkje at det i seg sjølv var ei bøn. Det hadde vore ei god hjelp og trøyst om eg hadde skjønt det. For sjølv om mange sikkert bad, så var det ikkje mange som sende ein sms som sa: eg ber. Eg var i desperat behov av håp og oppmuntring.”

“Eg har ikkje tal på kommer mange netter med søvn eg har berga av di eg har nytta slike øvingar på kveldar der kroppen har vora herja med uro og angstliknande symptomer. Eg berga livet og er blitt så godt som frisk idag. Når eg i psykiatrien fekk hjelp til berre å observera tankar og kjensler, og ikkje frykta dei, eller skamma meg over dei, så byrja eg like godt å gje dei til Gud. Han tolte og toler dei framleis mykje betre enn meg.”

”Som du sikkert skjønar, så er eg opptatt av at når vi advarer imot tankegods som ikkje er bibelsk og sann, at vi samtidig er medvitne og ikkje gjer det vanskeleg for folk som slit mentalt og som møter nokre av metodane som du beskriv i behandlinga. Vi må klare å skilje på filosofi og motivasjon og dei ytre metodane. Av di kyrkja er fattig på Ande og kraft, så kan ein bli freista til å søkja i andre ting. Det kan vi advara imot og bruka 20/80. 20 prosent å skriva om det som er feil og 80 prosent om det som er Guds løysing. Ofte blir det omvendt. Så mens eg forstår kva du freistar å gjera, så syns eg at det likevel blir for unyansert, og at det i verste fall kan skada søsken som treng all vår omsorg og oppmuntring, ikkje endå meir å vera redd for.”

Eg er overtydd om at New Age, hindusistisk og buddhistisk filosofi og meditasjon er i strid med kristen tru, bønn og meditasjon. Difor vil dette ikkje hjelpa oss, men berre skada oss. Likevel må eg koma bror min i møte og nyansera meg. Det er det eg prøver å gjera med dette innlegget. Eg ønskjer ikkje å skada sysken eller leggja stein til børa deira. Det er kanskje ikkje sikkert at ”Yoga” alltid er Yoga! Lat oss prøva alt og halda fast ved det gode.

Erling Thu