Er klimakrisa medieskapt?

I det siste har vi kunne lese fleire innlegg i avisene som ukritisk støttar FN sitt klimapanel, IPCC, sin 6. klimarapport.

Vi som forventar at motrøyster og andre perspektiv får kome til orde, har blitt skuffa, men ikkje overraska. NRK, TV2 og dei store mediehusa gjev klimapanelet den raude løparen. Kva andre forskarar og FN-kritiske røyster har å seie blir kraftig underkommunisert eller direkte ignorert.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det blir framsett ein skremselspropaganda mot ungdomen der dei blir fortalt at dei har inga framtid utan at ein skrur igjen oljekranene og fangar opp litt co₂ i atmosfæren. Er det løysinga?

Organisasjonen Klimarealistene er leia av Hans Borge, 3.-kandidat på Partiet De Kristne si Rogaland-liste. Dei har medlemer med professortitler innan kjemi, fysisk geografi, geologi, marinbiologi, maringeologi, oseanografi og astrofysikk. I tillegg har dei medlemer som er biologar, geologar, statistikarar og ingeniørar.

Dei skriv på si nettside den 21. august om ein heilt ny fagfellevurdert forskingsrapport der eit panel forskarar har sett på korleis sola påverkar temperaturtrendar på den nordlege halvkule. Rapporten heiter «How much has the Sun influenced Northern Hemisphere temperature trends? An ongoing debate».

Litt frå rapporten: «I den 6. rapporten frå FNs-klimapanel (2021/2022) blir det brukt dataseriar med målestasjonar fra byar og tettstader i heile verda, og lite eller ingen solvariasjonar.

FNs klimarapport nemner ikkje forskning som viser at temperatur utanom byar og tettstader stig seinare og at mange forskarar har funne ut at sola varier mykje meir enn dei måleseriane klimapanelet brukar, på same tid som dei (IPCC) hevdar at det er konsensus mellom forskarane om at deira tolkning er rett.

Når klimapanelet ikkje klarer å gje ei riktig framstilling av forskninga på feltet, må panelet sine konklusjonar bli avvist som premature. Meir forsking trengs for å oppklare grunnen til dei forskjellige tolkingane og finne ei grunngjeving for at den eine tolkninga er riktigere enn den andre.

Vår konklusjon er at klimapanelet sine konklusjonar om menneska si påvirking av jorda sitt klima ikkje representerer akseptabel forskning.»

Vi i Partiet De Kristne er klimarealistar. Vi trur at elektrisk kraft frå vindturbinar, elektrifisering av oljesokkelen, det å skulle fange/lagre CO₂ og etter kvart å skru igjen oljekranane vil gje zero global verknad og berre vere med på å redusere verdiane våre framtidige generasjonar skal leve av.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Partiet De Kristne vil trekke Noreg ut av internasjonale klimaavtaler, trekke tilbake forpliktingar og avvikle eller omprioritere alle klimatiltak og løyvingar knytt til dette formålet.

Noreg må takast ut av Paris-avtalen (som åleine vil koste Noreg omkring 100 milliardar i året). Noreg sine pengeoverføringar til andre land og internasjonale organisasjonar knytt til klima må avviklast, inkludert avgifter retta mot co₂ utslepp då dette ikkje er ein forurensande gass.

Kan det vere rett å bruke milliardar på reduksjon av co₂? Mange forskarar meiner menneska sine co₂ bidrag er minimale i forhold til naturens eigne prosessar/syklusar. PDK meiner det er viktig å ta vare på naturen og å unngå forureining, men er det vi nordmenn som er miljøverstingar?

PDK vil ta eit krafttak med opprydding av plast frå elvar og hav og forske på nye, miljøvennlege energikjelder som grunnstoffet Thorium, men vi vil ikkje øydelegge naturen med vindturbinar. Så kan ein skru igjen oljekranane når etterspørselen etter olje ikkje er der lenger.

Stem på oss dersom du meiner vår røyst trengs. Godt val.