IDEOLOGI: LHBT-gruppene er altså «misjonærar» for høgst diskutabelt synsmåtar. Dei er ideologar for radikale endringar som kan gje konsekvensar vi ikkje anar, skriv Ingebrigt Austnes. 


Er ein moderne kjønnsideologi nøytral og fornuftig?

Det er nyttig å vite at dei kreften som skaper LHBT+ og Pridetoga også har sitt «presteskap». 

Vi har kanskje vent oss til at når det gjeld kjønn, seksualitet og familie, så er det religion som har vore bestemmande. Og i vår tid, med frigjering frå religion og normer, er det kanskje ei lette når det kjem andre stemmer, som gjer at ein endeleg kan tenkje fritt.

Og endå meir - at dette nye er nøytralt, fornuftig, rasjonelt. Ja, kanskje det er uttrykk for ein draum, dette, at når menneske blir kvitt tradisjon og normer, då blir det fridom for alle.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og då blir det kanskje ei råd for dei som ikkje fell inn i det vanlege mønsteret for seksualitet og kjønn og familie? Er det dette Pridetoga er uttrykk for – ein draum og ei begeistring for at no skal alle få det bra og endeleg får leve slik dei vil. Og alt blir fryd og gammen?

Men det er ikkje så enkelt at det ikkje-religiøse er nøytralt og fornuftig og rasjonelt. På ingen måte. Det er nyttig å vite at dei kreften som skaper LHBT+ og Pridetoga også har sitt «presteskap».

Dei har også sine grunnverdiar og verdsbilde og sine klare mål. Dei misjonerer for sitt syn, som slett ikkje er rasjonelt og fornuftig og «nøytralt».

For går ein i djupna ein smule og kikkar FRI-bevegelsen (dei har ca. 3000 medlemer) i korta, så vil ein fort oppdage at det dei forkynner, er kjende tonar frå tidlegare i historia. Objektivt og nøytralt og vitskapleg? Gløym det.

No vil denne rørsla gjerne framstille seg som dei gode riddarane som vil kome og befri grupper som har blitt undertrykte. No endeleg får dei ein sjanse til å «kome ut av skapet» eller «finne sitt egentlege jeg». Det kan vel vere at det er gjort urett mot slike grupper. Men det er altså ikkje dette vi er usamde om.

Vi er usamde om eit grunnleggande verdisyn som gjer at desse kampgruppene ikkje berre er gode riddarar for utsette grupper, men at dei har ein dagsorden som går mykje, mykje vidare, nemleg å omforme samfunnet til å bli noko heilt anna enn det er i dag.

Eit samfunn der kvar enkelt menneske skal leve ut sin høgst personlege seksualitet. Eit samfunn der vanlege normer for familieliv er avskaffa, og der kjønn berre skal vere det den enkelte opplever som sitt kjønn.

Mellom anna. Kva resultatet blir av ei slik samfunnsomvelting, veit ingen, men det er grunn til å frykte det verste, ikkje minst for dei gruppene som ein skulle hjelpe.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lat oss sjå på eitt grunnleggande premiss som er typisk for LHBT-bevegelsen: dualismen. Dette er ei eldgammal tankeretning, alt frå Platons tid. (428–348 f.Kr.)

Eit dualistisk syn på kroppen, betyr at biologi og psyke, eller kropp og person vert sett på som skilde delar som ikkje har noko med kvarandre å gjere. Postmoderne ideologar som for eksempel franskmannen Michel Foucault, som ivra for full seksuell frigjering, er dualistar.

Charles Darwin er også med på å legge premissar for denne rørsla, fordi Darwin «avsjelar» naturen ved å betrakte den som ein maskin. Altså at naturen i seg sjølv ikkje har nokon meining, men berre fungerer ved sine eigne lover, mekanistisk.

Den har altså ingen mål eller meining i seg sjølv, (jfr. «…og Gud såg at alt han hadde skapt var godt») men det er først når vi menneske definerer ei meining inn i den, at naturen har ei meining.

Vi er vande med å forstå eit menneske som ein integrert heilskap av kropp og sjel. At vi både har ei biologisk side og ei psykisk side som menneske, og at desse to dimensjonane heng nøye saman og påverkar kvarandre. Det vil ei rekkje fagfolk vere ekspertar på å skjøne.

Men no har vi for eksempel fått inn i norsk lovverk at ein person som er over 16 år, kan melde frå til folkeregisteret om at vedkomande opplever seg å ha eit anna kjønn enn det som står i fødselsattesten, og då har denne personen rett til å skifte juridisk kjønn! Kva slag argumentasjon ligg bak ein slik radikal tankegang, som altså har fått gjennomslag i lovverket vårt?

Jau, det er føljande: det er ikkje kroppen din som bestemmer kjønnet ditt. I tråd med eit mekanistisk verdsbilde (jfr. Darwin) har kroppen din inga betydning for din identitet som menneske. Din identitet er fullt ut bestemt av din psyke.

Sjølv om vi vitskapleg veit at alle celler i ein kvinnekropp er «kvinneceller» og alle celler i ein mannskropp er «manne-celler». Det speler inga rolle, fordi din psyke, din opplevelse som enkeltmenneske, er etter denne nye tankegangen det einaste kriteriet for det kjønnet du juridisk har rett til å hevde.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dualisme splittar altså det som høyrer saman. Ein vidare konsekvens av eit slikt dualistisk syn på kva mennesket er, er at desse same kreftene vil ha bort all tale om kjønn. Kjønn er irrelevant. Den enkelte må få bestemme korleis ein vil leve, seksuelt og sosialt.

I USA, der LHTB-ideologien har fått mykje større makt, vert det no ført rettssaker mot foreldre som ikkje er villige til å la jenta deira dusje saman med ein gut som seier at han er jente, og dermed har adgang til jente-dusjen. Då kan vi spørje: er dette eit syn på kjønn som er «nøytralt»? Er det rasjonelt? Er det fornuftig?

Eit anna eksempel på kva utslag eit slikt dualistisk syn på mennesket har: ei kvinne som er tilhengar av sjølvvald abort, får problem med standpunktet sitt når ho vert gravid og oppdagar at det berre er hennar vilje til å behalde barnet – eller ikkje – som avgjer om barnet/fosteret har verdi som menneske.

Ho opplever det som ulogisk, også kanskje umoralsk? Men så kjem den dualistiske tanken henne til hjelp: nemleg at dette menneskelivet, som er skapt ved konsepsjonen, ikkje er ein person endå.

Dette mennesket har endå ikkje dei psykiske kvalitetar som gjer det til ein person. Og sidan ein altså kan skilje skarpt mellom det psykiske og biologiske, så kan ho fritt velje mellom å behalde fosteret eller «skaffe det bort».

Dualismen er altså ein nyttig tankemodell for dei som vil ha full handlefridom når det gjeld mellom anna seksualitet og kjønn. Men er det vitskap? Sjølvsagt ikkje. Er det nøytralt?

Sjølvsagt ikkje. Er det fornuftig? Synest du det? Konklusjonen: denne LHBT tankegangen, (som tydelegvis har fått så stort innpass i vårt land at dei har adgang overalt, i skulen og barnehagen, helsestellet, hos lovgjevarane) – er ein ideologi, ei meining – og ikkje noko meir.

LHBT-gruppene er altså «misjonærar» for høgst diskutabelt synsmåtar. Dei er ideologar for radikale endringar som kan gje konsekvensar vi ikkje anar.