Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Er det ei «kristenplikt» å støtte KrF?

Det er viktig å skjelne mellom kristendom og politikk. Men det er farleg strengt å skilje dei av.

«Når man blander kristendom og politikk, går det galt», er påstanden som møter meg i eit lesarinnlegg i Dagen den 4. februar.

Erik Asdahl på Årnes kritiserer underteikna. Eg er både samd og usamd med innlegget til Asdahl.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er rett at «verdens frelser har intet sidestykke som kan lignes med en politisk tjener» og eg deler Erik Asdahl sine teologiske formuleringar og tankar omkring det. Eg er ganske så sikker på at Asdahl og underteikna ikkje er usamde om teologien.

Luthersk teologi har tilrettelagt historieforståinga gjennom den såkalla to-regimentslæra; Anden og verda.

Asdahl reagerer på at eg meiner at Sp er folket sin tenar, slik Jesus Kristus for oss alle er. For oss alle er! Blasfemisk?

I mi ordbok står det om dette ordet «Gudsbespottelse. Hån og spott.» Eg er lei meg for at Asdahl ser det slik, eg kan ikkje sjå det slik.

Eg meiner at Jesus er ein folkefrelsar for oss alle, og eit førebilete i si teneste for alle menneske. Jesus Kristus bør òg vera eit førebilete for alle som driv politisk arbeid. Uavhengig av politisk parti.

Forholdet mellom kristen tru og moral, samfunnsliv og politikk har vore drøfta gjennom det meste av kristendommen si historie.

Og praksisen har variert, frå at kristne har trekt seg attende, avsondra frå samfunnet og politisk verksemd, til at kyrkje og presteskap har forsøkt å tilta seg makt langt utover det som var naturleg for kyrkja sitt liv og virke.

Eg meiner prinsipielt at eit kristent trussamfunn ikkje skal drive politisk verksemd. Skomakaren bør vera ved sin lest og evangeliet er det aller beste å få bringe vidare!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men eg meiner òg at som kristne har me eit samfunnsansvar og eit forvaltaransvar som me bør ivareta og difor engasjere oss politisk i ei eller annan form.

I utgangspunktet er kristendom og politikk to forskjellig ting: Kristen tru er fyrst og fremst eit personleg forhold til Jesus Kristus, og å verta engasjert av og leva i fellesskap med Han.

Trua vert helde levande gjennom bruk av Bibelen, bøn, nattverd og det kristne fellesskapet, altså nådemidlane.

Politikk er å forsøka å forme eit samfunn som skal gjera det best mogeleg for flest mogeleg å leva her på jord. Kristendom og politikk er altså to forskjellige ting.

Men dermed er det ikkje sjølvsagt at dei ikkje har noko med kvarandre å gjera.

Kvifor vart då eigentleg Kristeleg Folkeparti (KrF) skipa dersom dette ikkje heng saman? Ja, det er viktig å skjelne mellom kristendom og politikk. Men det er farleg strengt å skilje dei av.

Å skilje dei frå kvarandre kan innebere å fornekte gudstrua sine konsekvensar. Det vil vera å frata politikk og samfunnsliv viktige impulsar og dimensjonar, og dermed redusere mogelegheitene for å lukkast med ein god politikk.

At Jesus Kristus for oss alle er, er for meg heilt opplagt! Eg minner om vårt forvaltaransvar (1. Mos 1,26–30).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Likeins det kristne menneskesynet og det dobbelte kjærleiksbodet. Jesus Kristus summerte sjølv boda i eitt: Kjærleiksbodet. Kjærleiken til Gud og kjærleiken til medmenneske. Dette er sjølve kjernen i kristen etikk.

Me må alle, uavhengig av politisk parti, kjempe for det allmenngyldige for den kristne etikken og sjå kva for rolle den spelar i den samfunnsmessige samanhengen.

Her er det naudsynt å skjelne mellom religionen som trusforhold og læresystem, og religionen som sosialetisk formingsfaktor.

Treng me i dag verkeleg eit eige kristeleg parti (eller to slike småparti, KrF og PDK) for å ivareta desse samversliner mellom kristendom og politikk? Er det ei «kristenplikt» å støtte KrF?

Det er eit tilbod, men mange kristne med meg over heile landet vil ikkje støtte og ta til seg dette tilbodet lengre mellom anna fordi mange av oss kjenner på politisk avmakt over ein del av den politikken KrF fører i regjering.

Me bør uansett, uavhengig av politiske parti, lyfte fram den kristne etikken og sjå kva for rolle den kan spela i ein samfunnsmessig samanheng. Det er det viktigaste av alt: Kampen for dei kristne grunnverdiane i samfunn og heim.

Les også
Blasfemisk synspunkt
Les også
Eit rop frå folkedjupet