AVGUDAR: «Alle andre gudar er avgudar. Det er også Allah, sjølv om ein muslim kallar han Gud», skriv innsendaren.

Er Allah Gud?

Gud i ein religion er ikkje det same som Gud i ein annan religion.

Ein av Dagen sine lesarar hevdar at det er heilt rett å omsetja Allah med Gud her i landet vårt. Vedkomande har fått to gode motinnlegg, og eg vil leggja litegrann til.

Noko av problemet i denne samanheng er at det hebraiske ordet som i våre norske biblar vert omsett med Gud, er «Elohim», for Elohim betyr både Gud og avgud.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det var Elohim som skapte universet (1. Mos 1.), og det var Laban sine Elohim (gudar/husgudar)

Rakel hadde gøymt i kamelsalen då Jakob braut opp frå Mesopotania for å reisa til Kanaan (1. Mos. 31).

Så reint språkleg sett kan det nok vera rett å omsetja Allah med Gud, med tanke på det høgaste vesen eit menneske uansett religion vender seg til.

Men problemet er at Gud i ein religion er ikkje det same som Gud i ein annan religion.

Det finst berre ein sann Gud, og det er han som skapte himmel og jord, Israels Heilage, den Allmektige.

Alle andre gudar er avgudar. Det er også Allah, sjølv om ein muslim kallar han Gud.

Å omsetja Allah med gud, er i samsvar med kven Allah som vesen er. Dette lar seg gjera i skrift, men i tale går det ikkje, for det går ikkje an å snakka i små eller store bokstavar.

Så på Dagsrevyen og i avisene vert det heilt feil å omsetja Allah med Gud, sidan menneska i vår kulturkrins forbind Gud med Israels Gud, med han som skapte og held oppe universet, den frelsande og dømande Gud.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Allah sine eigenskapar kan ikkje overførast til Gud, og Guds eigenskapar kan ikkje overførast til Allah. Dei har ingen ting med kvarandre å gjera.