Johannes Kleppa.

Ekteskap og vigsel – veg og avveg

Det livslange ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne er del av Guds ordning for mennesket og samfunnet frå skapinga av. Det er ei skaparordning. Då Gud leidde den første kvinna til den første mannen, vart det første ekteskapet stifta, og det danna norm for alt seinare samliv.

Derimot har det aldri vore ein bestemt måte å gå inn i ekteskapet på. Sjølv om Gud tok seg av den første ekteskapsvigsla, innførte han ikkje nokon fast ordning eller institusjon for vigsel. Det ligg like fullt frå starten eit normativt element i ekteskapsinstitusjonen som offentleg. Dette har opp gjennom historia kome til uttrykk på ulike måtar. Vigslinga kan skje via familien, stammen, samfunnet, kyrkja, moskeen eller på anna offentleg vis. Kva ordning ein vel, er avhengig av kva institusjonar ein har i sin kultur, og kva posisjon desse har. Her i landet har kyrkja og staten lenge hatt så sterke posisjonar, at det har vore naturleg at desse har forvalta vigselsinstituttet i fellesskap.

Ved at kyrkja har fått ein svekka posisjon, og samfunnet har vorte stadig meir statsdominert, er det ikkje unaturleg at ein tenkjer at då er det best at staten overtek all ekteskapsvigsling, og så kan trus- og livssamfunn ha eigne markeringar for ekteskapet for dei som ønskjer det. Dette er prinsipielt sett heilt greitt, men om det er tenleg, er ei anna sak.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det som ikkje er greitt, er at det vert argumentert for statleg vigsling frå kristent hald med bakgrunn i den gjeldande kjønnslikegyldige «ekteskapslova». Det er ein avveg, eit bomskot og eit feilsteg. Det vil sementera det problemet som ligg i den kjønnslikegyldige «ekteskapstenkinga» framfor å løysa det. Det vil vera ein manøver som bind ein til ei ugudeleg og skaparstridig lov. Det kan løysa ei formelt problem for kyrkjesamfunna, men ikkje det reelle problemet for dei som skal gifta seg, for den kristne forsamlinga og for samfunnet. Hovudproblemet ligg i den destruktive kjønnslikegyldige ideologien som samfunnet har innført, og i oppløysinga av den gode heteronorma som ligg i skapinga av mennesket som mann og kvinne.

Dersom ein meiner seg å ha løyst vigselsspørsmålet ved å føra det over til staten, har ein i realiteten akseptert den kjønnslikegyldige ideologien som grunnlag for vigselsinstituttet. Då har ein svikta dei som vil gifta seg heterofilt, og overgjev dei til ei kjønnslikegyldig vigsel. I forlenginga av det vil presset halda fram for å få liturgi for velsigning av alle som er «vigsla» kjønnslikegyldig. Dette må ein med all kraft kjempa for å unngå, og difor må Kristen-Noreg leggja all kraft i å få eit offentleg og heterofilt vigselsinstitutt som alternativ til – eller helst som erstatning for – dagens kjønnslikegyldige. Som mellombels ordning må ein gjerne seia frå seg vigselsretten, men ein må ikkje lura seg til å trua at ein med det har lagt noko kolombiegg.

Les også
Kristendemokratisk ideologi og KrF
Les også
Kirken bør frasi seg vigselsretten
Les også
Kompromiss kan være katastrofalt
Les også
På etterskudd?
Les også
Aftenposten: Fjern kirkens vigselsrett