Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Eit dokument for vår tid

I dag er situasjonen ein annan enn han var på Hauge si tid. I dag har me overflod av pengar og materielle ting. Men evangeliet har kome i vanry.

Tysdag 20. oktober 2020 stod det på trykk eit fyldig og godt dokument i Dagen:«Kirkens grunn og menneskelivets grunnvoll.»

I innleiinga ovanfor stykket vart det opplyst at det var «en erklæring om det tokjønn-baserte ekteskapet, og en apell til Storting og regjering om å verne foreldreretten og tros- og ytringsfriheten».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dokumentet er tydeleg fundret på Bibelen og tar opp aktuelle saker og problem i den utviklinga me har sett når det gjeld kjønn og samliv særleg dei siste 20 åra.

Underskrivarane var Jan Bygstad, Odd Sverre Hove, Egil Morland, Erik Andreas Holth og Torstein Mentzoni med støtte frå 18 kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar.

Det ligg såleis stor tyngde bak dokumentet både fagleg og i tal på personar det representerer.

Det er ei svært alvorleg utvikling me ser i landet vårt no. Den nye fleirkjønnsideologien har pressa seg fram og brote ned normer som me for ein mannsalder sidan trudde var heva over diskusjon.

Det har gått så fort. Er me som kristne klåre over kva som skjer? Har me vore vakne nok til å følgja med «i timen»?

I 1990-åra greidde motstandarane av kristendomen å få redusert kristendomsfaget til eit livssynsfag der kristendomen vart sett på line med andre religionar og livssyn.

Etter årtusenskiftet vaks det opp ein barne- og ungdomsflokk som var framand for bibelforteljingar og katekismetekstar som tidlegare var folkeeige.

Dei som dreiv med leirarbeid på leirstadene til dei kristne organisasjonane merka det på manglande bibelkunnskap hjå borna som kom.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det gjekk lenger før me som kristenfolk tok inn over oss den radikale omstillinga som var i emning i folk sine haldningar til kristen tru og kristeleg liv.

Og no har me fått ei kyrkjeleiing som har forlate Skrifta som rettesnor for tru og liv, og eit fleirtal av politikarar som ope arbeidar for eit sekulært samfunn.

Gud eksisterer ikkje, og om han skulle finnast, så har han ingen ting med livet vårt å gjera. Dette synest å vera den vanlege oppfatninga i dag.

Me skal ikkje tru at me som kristenfolk går upåverka av samfunnsutviklinga. Ser me ansvaret vårt som kristne samfunnsborgarar?

Kristne politikarar har ei stor oppgåve i å fremja ein politikk som er i samsvar med eit kristent menneskesyn og Guds ord og bod, men det er det ikkje lett å nå fram med i det politiske miljøet i dag.

Det var godt at det kom eit så klårt og fyldig dokument som det ovanfor nemnde. Men kva så? Det har vore stille i etterkant.

Eg går ut frå at dokumentet vart send til regjering, Storting og dei politiske partia. Men det er vel fare for at det vart lagd i ei skuff og forsøkt tagd i hel. Men det er det for godt til.

For det første bør innhaldet i dokumentet takast opp i forsamlingar og kyrkjelydar som ynskjer å stå på bibelsk grunn. Kristne må få undervisning så me kan sjå ein veg i forvirringa.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dinest er det nødvendig å nå ut i samfunnet med synspunkta frå dokumentet. Eg har tru på at det enno går an.

Men til det trengst det enkeltpersonar som har både givnad, evne og vilje til å nå fram i media og blant politikarane, og som toler det kjøret som vil koma frå sjølvoppnemnde «kulturprofetar» og politikarar som vil omforma samfunnet i endå meir antikristeleg retning.

Det har sett mørkt ut i landet vårt tidlegare, men me fekk ein Hans Nilsen Hauge som stod opp mot tvang frå kyrkje og stat. Han vart ein mektig reiskap for evangeliet og ein samfunnsbyggjar.

Og i kjølvatnet etter han stod det fram mange som bygde det gode samfunnet me har hatt like opp til vår tid. I utgangspunktet var det nok med ein mann som var tru mot det kallet han fekk som ung.

I dag er situasjonen ein annan enn han var på Hauge si tid. I dag har me overflod av pengar og materielle ting. Men evangeliet har kome i vanry.

Etter mitt syn har leiinga av Den norske kyrkja eit stort ansvar her. Ei kyrkje som ikkje tek lova (boda) på alvor, har heller ikkje bruk for evangeliet. Ho lærer folket å leva i sine synder med godt samvit.

Og sjølv om mange lir under den tunge fridomen frå Bibelens bod, vert dei ofte møtt med at du er god nok som du er. Gud er kjærleg og nådig. Han elskar deg. Og så vert det ikkje sagt noko meir.

Men dette er ikkje noko evangelium. Og det veit kvar fortvila syndar som kjenner på sitt ureine samvit og si skam.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Saka er at ingen av oss er gode nok som me er. Me har ei von: Jesus. Det er om han det står i Matt. 1,21 at «han skal frelsa folket sitt frå syndene deira».

Ja, difor kom han. Men då må me og erkjenna at synd er synd og venda om og tru evangeliet. Og dette må forkynnast og undervisast frå preike- og talarstolar i kyrkjer og bedehus.

Så får me be om Gud vil koma oss i hug og reisa opp menn som vil forkynna til bot og omvending i vårt folk slik at dei mange får bruk for evangeliet.