SJUKEHUSVAL: Ordninga med fritt behandlingsval har korkje redusert ventetidene eller ført til meir effektive sjukehus, skriv Nils T. Bjørke. På bildet Haukeland universitetssykehus.

Ein vel ikkje når ein er sjuk

I 2015 innførte regjeringa ordninga med fritt behandlingsval. Pasientar fekk rett til å velja mellom privat og offentleg helsehjelp. Slik skulle me få reduserte ventetider, auka valfridom og meir effektive sjukehus.

Ei ny evaluering syner at det ikkje gjekk slik. Ordninga med fritt behandlingsval har korkje redusert ventetidene eller ført til meir effektive sjukehus. Nokre pasientar har fått auka valfridomen sin ved å bruka ordninga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men dei som brukar ordninga er ofte folk med høg sosioøkonomisk status. Slik får vi eit helsevesen for dei som kan og eit anna for dei som ikkje maktar gjere slike val.

Riksrevisjonen har vore oppteken av at om denne ordninga skal fungera, så må pasientane ha god informasjon om ventetider når dei vel sjukehus.

Riksrevisjonen fann at dei ventetidene folk finn på nett, ikkje samsvarar med dei reelle ventetidene. Ein skulle tru at om det frie behandlingsvalet var viktig for regjeringa, så ville dei sørga for å ha detta i orden.

Det grunnleggjande er at me ikkje vel når me blir sjuke. Folk treng ikkje val når ein er sjuk. Me treng eit helsevesen som tek vare på oss. Me treng gode, offentlege sjukehus der folk bur, med fagfolk som får handlefridom til å gjera arbeidet sitt. Så kan me leggja vekk eit behandlingsval som ikkje er fritt og heller ikkje får folk friske.