Ei perle

Det nye testamentet med salmane i Bibelen - Guds ord, er omsett av Norvald Yri. Det har blitt ei lett og ledig nynorsk utgåve, med godt, til dels poetisk språk,som er lett å lese, og lett å bli glad i. Eg har bladd i utgåva, og vil gjerne anbefale den, til å eige og lese i.Alle omsetjingar av Bibelen har sine sterke og svake sider, og det har denne og. men ho må lesast!

Det finns tider når du finn bøker du gled deg over. Eg har vore glad i Bibelen i over 50 år, og har alltid lese den, i mangfaldige utgåver, og høyrer til dei som kan finne glede i ulike utgåver og ulike omsetjingar, og slett ikke sver til at alt som er omsett etter 1938 har vore ein katastrofe.

Du finn alltid noko å setje fingeren på, og alltid noko som skaper nye perspektiv når nye omsetjingar kjem

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg er ikkje så begeistra for at jomfru bytt ut med ung kvinne i Es. 7.14 i den nyaste omsetjinga frå Bibelselskapet, og ville heller fylgt Sepuaginta der, for me går glipp av ei viktig teologisk sanning, men eg kan gle meg over andre grep, som gjer bibelordet lettare å skjøne for folk i dag.

Her om dagen hadde Hermon forlag vintersal, og ei av bøkene som var billege, var nyorskutgåva av Det nye Testamentet og Salmane på nynorsk, gjeve ut av Bibelen Guds ord.

Det var ei glede å få boka i hendene, og sjå den lettlesne og gode nynorsken, som mange gonger er reint poetisk . Professor Norvald Yri har vore mannen bak den nye språkdrakta, og han har hatt ei heldig hand på roret. Resultatet har etter mi meining vorte ei perle blant omsetjingar. Lettlese og med eit nynorsk språk langt over gjennomsnittet. Mannen min, som er dyslektikar og vakse opp med bokmål, bladde i testamentet og sa: - Dette var fint å lese!

Omsetjinga er ikkje utan feil. I salme 23, som elles er lett og ledug skrive, heiter det - Herren er min hyrde. Det naturlege ville vore “ hyrden min”, men elles er salma nydeleg - eg manglar ingenting, heiter det i v. 1, godleik og miskunn skal etterjage meg alle dagane av livet mitt heiter det i v.8

I salme 91 v. 7- om tusen fell ved sida di, og ti tusen ved di høgre hand, deg skal det ikkje kome nær.

v. 11- for han skal gi englane sine befaling om deg, så dei bevarer deg på alle vegane dine.

Luk. 2, 14 er delar av englesangen omsett slik: - velbehag blant menneska.

Velskrive, lettlese og med god flyt, det er det som kjenneteiknar omsetjinga.Det er nokre språklege feil, som vonleg blir retta i 2. utgåve, men for den som er glad i å lese Bibelen, eller likar å lese god nynorsk, er dette ei bok å ta fatt på!