Ei fjør i hatten for eit veksande PDK

Når KrF no har mista varaordføraren i Norges nest største by så er dette svært alvorleg for partiet.

Leiaren i den største lokalavisa i Sogn og Fjordane, Firda, gjev meg ei «fjør i hatten» 7. mars og fortel at eg som fylkesleiar for Partiet De Kristne, PDK, i Sogn og Fjordane, har laga «kristeleg splitting» mellom oss og KrF i Hordaland.

Vel, for å lage splitting så må der vel først vere eit samarbeide. Som parti vil PDK alltid velje å samarbeide med KrF i alle politiske organ som vi blir valgt inn i. Kva KrF ynskjer å gjere lyt dei sjølve svare på.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

PDK har gjort noko som er vanleg i norsk politikk, nemleg å invitere talarar frå andre parti til eige arrangement. Dette er uttrykk for ein god tradisjon i norsk politikk, at ein har ein venskapleg tone og vilje til samarbeide på tvers av partia.

Marita Moltu har i Bergen tatt initiativ til ei sak som PDK meiner er veldig viktig. Ein gjennomgang og kvalitetssikring av Barnevernet. Difor var det naturleg og svært aktuelt for oss å invitere Marita til seminaret vårt i Innvik for å snakk om dette.

 

– KrF Kristelig Folkeparti blir tvunget til å ta et sidevalg, sier varaordfører Jørgen H. Kristiansen i Kristiansand... Posted byDagen on Wednesday, March 7, 2018

 

Firda sitt forsøk på å gjere PDK ansvarlege for interne utfordringar i KrF, om det er politiske vegval, organisasjonskultur eller andre forhold, er ikkje noko anna enn tabloidisering av saka og propagandajournalistikk! Det var Tomas Moltu som var hovedtaler på Inspirasjonshelga i Innvik 2- 4 mars. Han talte om «PDK i det politiske landskap».

Det viser seg no at PDK verkeleg har ein plass i det politiske landskap. Det «kristne grunnfjellet» i Norge er opptatt av kva parti dei skal stemme på. KrF har laga eit vakum i norsk kristenpolitikk. Dei har bevega seg langt mot venstre og er i stadig flørting med Ap. Og så forstår dei ikkje kvifor velgerane forsvinn.

Når KrF no har mista varaordføraren i Norges nest største by så er dette svært alvorleg for partiet. Sjølv visste eg lite om den prosessen som Marita Moltu har vore inne i sikkert i  lengre tid overfor sitt moderparti. Seminaret i Innvik var eit svært vellykka arrangement, så eg forstår at det har gjort Marita

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Moltu tryggare i det valet ho tok på sist mandag. Ho er ein fantastisk god politikar som blant anna har tatt barnevernsaka som ei av sine hovudsaker. Det er endå mykje ho kan bidra med i norsk politikk!  

 

Marita Moltu - Partiet De Kristne - KrF Kristelig Folkeparti - Venstre - Arbeiderpartiet - Fremskrittspartiet FrP - Høyre - NRK Hordaland Posted byDagen on Monday, March 5, 2018