GUDS TALE: Du merkte at Herren hadde fått predikanten i tale, når han tala. Ein takk til Herren fødtes i hjarta medan du lytta. Om det var tukt eller trøyst var det godt, eg fekk med Herren å gjera, ikkje talaren, skriv Gudleik Himle.

Det merkjest

Auger har eg, øyrer også. Kan både lesa og høyra. Det skjer noko med oss når me høyrer, les. Ordtaket me lærde var: «Sei meg kven du omgåast, så skal eg seia deg kven du er».

Moses hadde vore på fjellet, møtt Herren som tala med han. Dei som møtte han etterpå merka, det skein av han. Møtet med Herren prega Moses. Folket merka det, om han merka det sjølv? Trur ikkje han var så høg i hatten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Me merka det på ein kar, han hadde berre vore ein liten tur innom fjøset på veg til møte, trong ikkje seia det, og gjorde det ikkje, men fjøslukta fortalte det.

Du merkte at Herren hadde fått predikanten i tale, når han tala. Ein takk til Herren fødtes i hjarta medan du lytta. Om det var tukt eller trøyst var det godt, eg fekk med Herren å gjera, ikkje talaren. Du merka at det som vart forkynt hadde han kjennskap til, erfaring av. Dette gjeld om du les eller høyrer.

For meg har det blitt slik. Kva vert eg oppteken med når eg høyrer eller les. Den som forkynner, eller Herren? Vert Jesus stor, eller predikanten?

Me var nokre som snakka med predikanten etter eit møte. Ein trengte seg på, stakk fram handa mot forkynnaren, og sa: «Eg må få takka deg». Gå høgare opp med det svara, forkynnaren. Han som takka hadde kritisert predikanten før og gjorde det etterpå også. Ville han få ei stjerne hjå predikanten, eller?

Mange gonger har eg opplevd å verkeleg få noko frå Herren gjennom den som tala, men ikkje takka budberaren, men Herren. Har sett gjerningar, haldningar stråla fram og det stig ein takk opp til Herren.

Har lytta til song som på ein underleg måte har ført til takk til Herren, ikkje fordi det var så perfekt, nei, men det gav meg noko frå Herren.

Kven har laga denne gode maten kan det bli spurt, ikkje den som serverer vert sentral, men den som laga den.

Kva sit att etter eit møte? Er det Guds tale, eller reiskapen, predikanten?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Om Herren har fått tala med talaren, arbeidd og bearbeid han, om Guds ord og Guds ånd har fått gjera si gjerning – det merkjest. Ordet ligg der, det er levande. Det arbeider, overtyder, det er gjennomtrengjande, det dømer, det frikjenner. Det er Ordet som ber frukt, Guds ord.

Djevelen er ikkje redd tankar om Guds ord, det har han sjølv. Nei han er livredd Guds ord.

Det merkjest når vekkinga kjem og nytt liv fødes inn i forsamlinga, folk med mattrong. Verda mobiliseras, djevelen set inn på ymse måtar, han er redd.