«Det er tingen for meg»

Grunnleggarane av Menighetsfakultetet meinte at komande prestar burde få ein lærar som ikkje ville undergrave fundamentet kyrkja er tufta på. Samstundes ville ein ikkje ha eit seminar etter amerikansk modell eller ein bibelskule for predikantar.

I eit lengre innlegg i Dagen harGeir Otto Holmås, ein konservativ og karismatisk teolog,gjort greie for kvifor han sluttar som lærar ved Menighetsfakultetet.

Ei av dei mest interessante årsakene som han peikar på gjeld dei filosofiske føresetnadane for teologisk arbeid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Enkelte retningar av postmoderne filosofi er oppteken av språket og den menneskelege konstruksjonen av røyndom. Dersom ei slik konstruktivistisk oppfatning av røyndomen vert lagt til grunn for teologisk arbeid, vil det fortrenga teologien si kyrkjelege side, hevdar Holmås.

Der Gud er ein funksjon av språket, og teologien berre skal avdekka kva slags historiske og sosiale kulturar som har konstruert denne «Guden», kan ein risikera at sjølve saka blir borte. Teologistudiet vert då gjort om frå å vera eit studium om «korleis ein kan kjenna og æra Gud», slik det heitte hjå den ortodokse Quenstedt på 1600-talet, til å bli eit studium av korleis ulike menneske har forstått og forstår Gud.


Det er ikkje til å kome ifrå at Holmås reiser eit viktig spørsmål, sjølv om det ikkje er så originalt. Klassisk kristendom, om det no er i luthersk eller romersk-katolsk innpakning, legg til grunn at det er nokre ufråvikelege filosofiske føresetnadar som all kyrkjeleg teologi kviler på.

Desse føresetnadane kan nok formulerast noko ulikt, men eg vil hevda at det går nokre grenser for grunnlagstenkinga til ein teologi som vil vera kyrkjeleg. Det vil for eksempel vera vanskeleg å tenka seg ein kyrkjeleg praksis som kviler på tanken om at språket berre viser til seg sjølv.

Holmås har rett i at ei slik tenking er djupt problematisk for ein teologi som vil vera kyrkjeleg. Det språkfilosofiske utgangspunktet til all sunn kristendom at språket viser ut over seg sjølv, mot saksforholdet eller tingen. Dette er felles for Luther si understreking av trua som tillit til løftesordet i evangeliet og tradisjonell katolsk oppfatning av messa som eit sakramentalt nærvær.

Kor naudsynt ei slik språkleg opning for realiteten er for kyrkja, kan ein kanskje enklast å få auga på dersom ein ser på kyrkjeleg praksis. Når ein kristen tek imot nattverd, er det neppe presten sine tankar om brødet og vinen som er det avgjerande. Det avgjerande er om Kristi ord «i den natta då han vart sviken» også gjeld for den som kneler ved nattverdbordet, det vil seia om den kristne verkeleg får Kristi kropp og blod, om ho verkeleg får del i saka sjølv.

For lutheranarar har dette vore eit vedkjenningsspørsmål, eit spørsmål som trua står og fell med. Dette har sjølvsagt med bibelsyn å gjera. Viss det er slik at ho ikkje kan forlata seg på at det er den oppstadne Kristus som gjev seg sjølv i kjøt og blod, slik Skrifta seier, men at det som skjer i nattverden berre er ord og ikkje realitetar, då oppløyser ein det fundamentale tillitsforholdet som finst mellom den truande og kyrkja som formidlar av Jesus Kristus. Jesu nærvær kan ikkje berre vera «tingen for meg», det må vera eit sant og reelt nærvær.

Det var noko av denne problematikken som skapte ønsket om ei alternativ presteutdanning og oppretting avMenighetsfakultetet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då kyrkjeleiinga tilsette Johannes Ording som professor i dogmatikk, ein teolog som hevda den meir eller mindre reformerte oppfatninga at Kristus ikkje var lekamleg tilstades i nattverden, då meinte grunnleggarane av Menighetsfakultetet at komande prestar burde få ein lærar som ikkje ville undergrave fundamentet kyrkja er tufta på.

Samstundes ville ein halda fast ved at teologien skulle vera eit fullgodt akademisk studium. Ein ville ikkje ha eit seminar etter amerikansk modell eller ein bibelskule for predikantar.

Holmås si utfordring er:

Korleis kan det akademiske studium vera ei god førebuing for presteteneste? Sjølv vil han lausriva teologien frå akademia og søka andre institusjonelle rammer for utrusting av kyrkjelege tenarar. Det er ei mogleg løysing, men det ligg nokre faremoment i ei tilbaketrekking av presteutdanninga til ein kristeleg ghetto.

For det fyrste vil klassisk kristendom alltid gjera krav på å vera offentleg. Det ligg i evangeliet sjølv. «Det skal råbes», sa den danske biskop Jan Lindhardt. Då bør ein vera varsam med å trekka seg unna offentlege stader som akademia.

For det andre spring reformasjonen sjølv ut av eit akademisk studium av Skrifta. Likeeins skal ein ikkje lesa lenge i pave Benedikt si bok om Jesus for å forstå det intense akademiske arbeidet som ligg bak eit slikt verk.

Likevel er det grunn til å spørja seg om ikkje om Den norske kyrkja bør stilla klare krav til kva slags emne og fag som framtidige teologar skal ha vore gjennom.

Det kan også tenkjast at det er fag som ut frå sin eigenart krev at kyrkjesamfunnet sjølv tek hand om utdanning, slik Den romersk-katolske kyrkja gjer det med dogmatikken, til dømes. Då kunne ein med eit institusjonelt grep markert at det fanst ein særskild kyrkjeleg «tarv» som skulle skjøttast.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Frå ei luthersk kyrkje kunne ein til dømes krevja solid kunnskap om vedkjenningsskriftene. Ein kan også spørje seg om ikkje dei kyrkjelege utdanningsinstitusjonane bør byggja opp eit eige filosofisk studium, etter kvart som den klassiske og kontinentale filosofitradisjonen vert bygt ned. Det heng saman med at den kyrkjelege overleveringa er vevd inn i ganske tunge prinsipp-filosofiske drøftingar.

Kanskje prestestudentar kan evna å oppdaga ein språkfilosofi som ikkje kan sameinast med evangeliet, at reduksjonen av sanninga til å vera «tingen for meg» ikkje held vatn. Kyrkja skal ha ei profetisk og karismatisk røyst inn i samfunnet, men det er også viktig å utstyra tenarane hennar med skarpe intellektuelle reiskaper.