Karl Johan Halaråker

Det arabiske dobbeltspråket

Palestinaarabarane godkjenner ikkje Israel som jødisk stat, skriver Karl Johan Halaråker i denne kronikken.

På den eine sida står dei pa­le­sti­naara­bis­ke leia­ra­ne fram med stor­sinn og god­kjen­ning av Is­rael som stat. Men snart syner det seg at ak­sept av Is­rael som jø­disk stat, kjem ikkje på tale.

Vi har sett det i ut­ta­lar både frå den pa­le­sti­naar­bis­ke leia­ren Mah­moud Abbas og Den ara­bis­ke Liga. Om enn ulik re­to­rikk er det inga skil­nad mel­lom Fatah-rørs­la på Vest­bred­da og Hamas i Gaza. I kon­kre­te ord­lag tyder det at ein ikkje har komme ein tød­del vi­da­re i for­hand­lin­ga­ne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lite tyder på at pre­si­dent Obama og hans iv­ri­ge utan­riks­mi­nis­ter Kerry går inn i his­to­ria på anna måte enn sine for­gjen­ga­rar når det gjeld Is­rael og Midtaus­ten. Hek­tisk ak­ti­vi­tet i slut­ten av pre­si­dent­pe­rio­den - null i re­sul­tat.

Ein kan gjer­ne tala om at Is­rael er sterk og steil. Is­rael bryt folke­ret­ten, Is­rael aud­mju­kar pa­le­sti­naa­ra­ba­ra­ne både med bu­set­na­der og alle re­strik­sjo­nar og hind­rin­gar i det dag­le­ge livet. Ja, det er mange ny­an­sar i det kom­plek­se bi­le­tet.

Men skjer vi gjen­nom tale­må­ta­ne, er det to pa­le­sti­naara­bis­ke krav som er dei store hind­rin­ga­ne for freds­pro­ses­sen: Pa­le­sti­naa­ra­ba­ra­ne god­kjen­ner ikkje Is­rael som jø­disk stat. Pa­le­sti­naa­ra­ba­ra­ne krev til­bake­ven­ding til Is­rael for alle etter­ko­ma­rar av flykt­nin­gar frå opp­ret­tin­ga av sta­ten Is­rael.

Der­som det skal bli fram­gang i freds­for­hand­lin­ga­ne, må desse krava bort. Spørs­må­let om flykt­nin­ga­ne er ei sym­bol­sak pa­le­sti­naa­ra­ba­ra­ne held oppe. Det hjel­per på medie­stra­te­gi­en som mar­tyrar og un­der­kua folk under ei sterk mi­li­tær­makt. Reelt sett veit alle at dette er eit umoge­leg krav.

Det er også i strid med alle andre folke­retts­le­ge løy­sin­gar etter ein krig. Europa­kar­tet hadde sett ann­leis ut om slike prin­sipp skul­le vore gjen­nom­før­de etter Den andre verds­kri­gen. At pa­le­sti­naara­bra­ne sine in­ter­na­sjo­na­le ven­ner ikkje stop­par dette spe­let, er eit stort tanke­kors!

Is­rael blei opp­ret­ta som jø­disk stat etter FN-ved­ta­ket i 1947. Ara­bar­ne gjekk til krig dagen etter at sta­ten blei pro­kla­mert den 14. mai 1948. Is­rael skul­le bort som jø­disk stat!

Denne folke­rett­stri­di­ge po­si­sjo­nen har ara­bar­ne halde fast på heile vegen etter. Slik sett er det lite nytt under sola. I his­to­risk per­spek­tiv er dette un­der­leg. Det kan vera grunn for å minna om san­nin­gar som ofte blir gløym­de i dag: Det bri­tis­ke man­da­tet, Bal­four­er­klæ­rin­ga (1917), San Ma­ri­no (1921) og Folke­for­bun­det sitt ved­tak i 1922.

In­ten­sjo­nen om ein ara­bisk og ein jø­disk stat, blei ført vi­da­re med at ara­ba­ra­ne under lei­ing av Ab­dul­lah­fa­mi­li­en (les: Trans­jor­dan, nå Jor­dan) fekk over tre fjerde­de­lar - 76 pro­sent av om­rå­det. Sei­na­re krev ein så stør­re del til ara­bar­ne av res­ten, pluss at jø­da­ne sitt om­rå­de hel­ler ikkje skal få vera ein jø­disk stat! Eg seier rett ut: For­stå det den som kan!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg har i denne spal­ta flei­re gon­ger synt til do­ku­men­ta­sjon frå den jø­dis­ke or­ga­ni­sa­sjo­nen som over­va­ker pro­pa­gan­da­en i pa­le­stins­ke medi­er, Pa­le­sti­ni­an Media Watch. Her burde nors­ke TV sta­sjo­nar, aviser og NTB føl­gja med.

Dag­leg av­dek­k­ar dei kor­leis pa­le­sti­naar­bisk hat­pro­pa­gan­da blir spydd ut. Det aller værs­te er den ha­tideo­lo­gi­en som dag­leg inn­dok­tri­ne­rer og ma­ni­pu­le­rer born og unge. Eit nyleg døme: Eit barn blir spurt på TV om kva ho vil bli når ho blir stor? Jo, ho vil bli po­li­ti. - Då kan ho skyta og drepa alle jødar!

Liket av ein sjølv­mords­bom­bar Izz Al-Din Al-Mastri som drap 15 si­vi­le jødar i ein pizza­res­tau­rant i Je­ru­sa­lem, blei nyleg heid­ra med mil­li­tær æres­grav­ferd. Over­skrif­ta var denne: Ein mar­tyrs bryl­laups­vigs­le til 72 jom­fru­er i Pa­ra­dis.

Eg ser i avi­se­ne at flei­re av pa­le­sti­naa­ra­ba­ne sine ven­ner kjem med råd til stats­mi­nis­ter Erna Sol­berg om kva ho bør for­tel­ja Is­ra­els pre­si­dent Simon Peres når han nå kjem til Noreg.

Kan­skje dei skul­le feia for eiga dør, og kvisk­ra sine pa­le­sti­naara­bis­ke ven­ner nokre san­nings­ord i øyro?

Karl Johan Hallaråker

teolog og forfattar