Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Der det ikkje finnes rom for ordet «nåde»

Det finnes ikkje rom for ordet «nåde» i eit livssyn som er bygd på at berre det sterkaste og best tilpassa har livets rett i mellom oss.

Rett innafor rullestein og saltrok møtes himmel og jord. Rustne jarnkross planta på ein gravstad som har vore siste kvileplass sidan mellomalderen.

Varhaug gamle kyrkjegard på Jæren. Så vakkert ligg han til, at byfolk sende brev med ynskje om å få koma dit til slutt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ikkje alt er like vakkert. Utanfor grinda står ei stor steinhelle gjennombora av fire små hol. Det er gapestokken. Der vart bygdefolk dømde til å lenkas fast, og stå på utstilling til spott og spe frå dei skikkelege.

No er gapestokken utdatert, men sjølve praksisen verkar meir seigliva. Ikkje så skjeldan vert me vitne til at ulike media trekkjer fram enkeltmenneske, som så vert omtala i meir eller mindre smigrande ordlag. Få av dei søkjer sjølve etter spalteplass, og knapt nokon kan i etterkant retta opp i ord og utsegn som vert sett på trykk i presse og sosiale media.

Meir enn før vert det klart at me lever i ei nådelaust tid, der skadefryd og ord om «karma» er alt som får møte den falne. Dei får som fortent!

For nokre få år sidan møttes den kjende ateisten og Oxford-professoren Richard Dawkins og forfattaren Linn Ullmann på Skavlan. Til applaus frå dei frammøtte delte han si tru på det materialistiske verdssyn og Darwinistiske evangelium - det finnes ingen Gud. Heilt til det enkle spørsmålet kom frå Ullmann;

«Do you believe in grace?» - Trur du på nåde?

Professoren verka brått på tynn is, og måtte ærleg vedkjenna at, - nei, det gjer han ikkje. Og han eigde heller ikkje dette ordet i sitt vokabular. Samstundes trengde han å understreka at han sjølvsagt ikkje dermed var umenneskeleg, eller utan sans for det vakre og gode i verda.

Det finnes ikkje rom for ordet «nåde» i eit livssyn som er bygd på at berre det sterkaste og best tilpassa har livets rett i mellom oss.

Det finnes heller ikkje rom for nåde i eit livssyn der vektskåla heiter «karma», og post-it-lappen på panna har innskrifta «som fortent».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Heilt utan nåde? Er det slik me vil ha det?

Då gjer det godt å passere gapestokken, opne grinda og gå til endes på den gamle kyrkjegarden på Varhaug. Stoppe opp ved gravstøttene i jarn som står nærast havet, rustne og gjennombora av kulehol frå tyske soldatar. Dei løftar seg mot horisonten akkurat der himmelen møter jorda, og er forma som ein kross.

Slik står dei som vitne om Han som sjølv steig ned i fornedring, spott og død. Som kom til dei med nederlag og sundrivne draumar, og som rette ut ei krossmerkt hand til oppreising, liv og nåde.