MENNESKELIG KNUTE: Den gordiske knuten som er så vanskeleg å hogga over, gjeld plassering av arbeidsgjevaransvar, skriv Egil Morland.

Demokratireform?

For tida går det føre seg ein debatt om ei «demokratireform» i kyrkja. Ordet er som ein lang geisp. Det er nok også grunnen til at det berre er i den kristelege dagspressa at saka har nådd fram til spalteplass, for ikkje å seia til overskrifter som vekkjer interesse.

Den gordiske knuten som er så vanskeleg å hogga over, gjeld plassering av arbeidsgjevaransvar. Det som har vore trylleordet så langt, heiter «ei arbeidsgjevarline».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sett på spissen er spørsmålet: Kvifor skal berre prestane bli tilsette i bispedømeråda – med biskopen sjølv som viktig aktør – medan «alle andre» vert tilsette i fellesråda? Er ikkje alle like viktige?

Trylleordet fungerte bra så lenge saka kunne skuvast på: Langt der framme skal vi nok finna ei løysing!

Men no er ordet i ferd med å bli ei tvangstrøye. For anten har vi ei arbeidsgjevarline, eller vi har det ikkje.

Alle tilsetjingar i eit råd

Løysinga som ligg på bordet er å etablera såkalla «storprostiråd» – eit organ som er større enn fellesråd (for ikkje å snakka om sokneråd!), men mindre enn eit bispedømeråd: Sjå kva eg fann! Her kan vi leggja alle tilsetjingar!

I høyringsprosessen så langt har noko overraskande skjedd. Frå vidt ulike sider er det ukjende storprostirådet blitt ei ynda skyteskive: «Kven vil gå i tog for prostirådet?» spurde min kollega ved NLA, professor Bård Hallesby Norheim, retorisk i ein artikkel her i avisa.

Poenget er: Du går «i tog» for det du kjenner og er glad i, det som begeistrar og inspirerer! Det du vil kjempa og døy for. Men for mange medlemmer i Den norske kyrkja er vel «prosti», for ikkje å seia «prostiråd», lite meir enn fonetiske lydar. Du kjempar ikkje for noko slikt!

Det overraskande er at denne kritikken, rett nok på andre premissar, stort sett, har vunne momentum – som det heiter – i prosessen. Somme er redde for at bispeembetet vert svekka ved dette framlegget. Andre for at det aktuelle rådet berre vil føra til meir byråkrati, stikk i strid med føremålet. Og kva skal bispedømerådet gjera på?

Det skal bli spanande å sjå utfallet av nett dette punktet i reforma.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Organisatorisk todeling

Men den kritikken eg viser til er strengt tatt ikkje av teologisk natur. Den er basert på psykologiske og organisatoriske resonnement.

Rett nok svirrar det nokre ord her og der om at lokalkyrkjelyden er grunneininga i kyrkja. Men så lenge det høyrest ut som ein faktadebatt mellom Høgre og Sp om nærpolitireforma, får ikkje ordet den merksemd det fortener.

Faktum – slik eg ser det – er at vi er i ferd med å etablera ei organisatorisk todeling i kyrkja:

Ved direkte val, som lett kan påverkast ved at kontroverstema (som likekjønnsliturgi) vert haussa opp og lagt ut som valflesk for alt folket, kan bispedømeråd, kyrkjemøte og kyrkjeråd ha makta over det meste i kyrkja – også ved å setja strenge grenser for kva sokna kan rå over – medan dei siste skal stå for det daglege arbeidet, og til og med befolka prostiråda (fordi det skal skje ved indirekte val).

Kanskje dagens ordning kan fungera bra framleis, med nokre forbetringar?

Det store spørsmålet er i så fall om heile Kyrkjemøtet har bunde seg så fast til den masta som heiter «ei arbeidsgjevarlline», at det blokkerer for ei slik løysing.