BEKYMRA FOR KRISTEN-NOREG: Johannes Kleppa er tidligere redaktør i Dagen. (Foto: Dagen arkiv)

Del 1: Den skjulte krisa i Kristen-Noreg

Krisa er at vi prioriterer 
bort forkynninga til 
fordel for alt anna.

Som kristne er vi ofte opptekne med denavkristninga som skjer i landet vårt, og vi omtalar det gjerne som ei krise for folket vårt. Det er korrekt, men for kristenfolket er det ei enda større krise, og det er den krisa Kristen-Noreg sjølv er i. Det er ei krise som er lite erkjent, og som ein difor gjer lite for å møta.

Det er dessutan ei krise som vi er nokså involverte i på det personlege planet, og som det difor er lett å skuva frå seg. Så lenge vi ikkje erkjenner at vi sjølve er del av problemet, vil det heller ikkje verta gjort noko med det - og resultatet er i ferd med å verta svært dramatisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den skjulte krisa vi her snakkar om, er ei forkynningskrise. Dette er ei krise som er skjult fordi vi skuvar realitetane i henne frå oss. Ho er skjult fordi ho har snike seg inn over oss med små skritt over tid, slik at vi knapt har oppdaga henne.

Krisa er også i stor grad skjult fordi ho dreier seg om eit fråvær, og er med det ikkje så lett å oppdaga. Dei som no er i sine beste år og som i stor grad har leiaransvar i Kristen-Noreg, har vokse inn i den noverande situasjonen og veit ikkje av noko anna.

Underteikna har arbeidd ein god del med kyrkjehistorie, særleg indremisjonshistorie på Vestlandet. Gjennom slikt arbeid oppdagar ein tendensar og utviklingstrekk som ein elles ikkje så lett ser.

Rett nok er det ofte slik at ein på førehand «veit» at det er slik, men den historiske dokumentasjonen gjer det overtydeleg og viser dimensjonane. Då kan det visa seg at utviklinga har vore langt meir dramatisk enn ein hadde våga å tru. Ønsketenkinga vert avslørt.

Statistikken for ein av krinsane innanIndremisjonsforbundet viser at i løpet av dei siste 25 åra er forkynninga, når vi reknar talet på møte, redusert med 70-80 prosent - og det er nok urovekkande representativt. Det er svært dramatisk, men tek vi med fleire faktorar, vert dramatikken enda større. Det er den samanhengande forkynninga ved møteveker som har tapt mest, slik at det no helst er einskildmøte, gjerne søndag, som er att.

Dersom det ikkje høver å gå på nett det eine møtet, kan det verta lenge mellom kvar gong Guds folk høyrer forkynning. Dessutan er samtale- og vitnemøta stort sett borte. I tillegg var det tidlegare mest ungdom som reiste på leir, medan det no er barn. Med det vert forkynninga der annleis. Når ein les annonsar om og referat frå møte i dei kristne høgtidene, ser vi at det er vanskeleg å samla folk om forkynning av Guds ord nett då det skulle vera enklast.

Krisa i Kristen-Noreg har med andre ord kristenfolket skulda og ansvaret for sjølv. Det nyttar ikkje å skulda på styresmakta eller tidsånda. Vi må ta skulda på oss sjølve, og krisa er at vi prioriterer bort forkynninga til fordel for alt anna.

Med det undergrev vi vårt eige gudsliv og vi undergrev misjonsarbeidet i landet vårt og når det gjeld verdsmisjonen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

(Denne kommentaren var første gang på trykk i Dagens papirutgave torsdag 4. april)