EUROPA: Svært få, om noen såg
...
EUROPA: Svært få, om noen såg at den sterke veksten av kristne kyrkjer ein håpa på utanfor Europa, skulle falla saman med ei tilsvarande svekking av kyrkjene i Europa, skriv Kjetil Aano. På biletet ser vi Knud Jørgensen under årets generalforsamling i Normisjon. Foto: Johanna Hundvin Almelid
De neste hundre års misjon
Del
Ingen såg for seg den veldige veksten vi har sett av pentekostal og karismatisk kristendom. Dette er tendensar som lever både som eigne kyrkjesamfunn og som trendar innanfor alle historiske kyrkjer. Det same gjeld framveksten av utallege lokalt baserte kristne kyrkjer.

Dette er ein liten hyllest til Knud Jørgensen.

Fredag den 4. september fann det stad ei lita historisk hending i Oxford i England. Der feira ein fullføringa av Regnum Books sin store serie om Edinburgh 2010. Det er blitt til saman 36 bind, alle utgitt som ein ettervekst etter jubelåret 2010. Serien er ein ressursbase om misjonsdimensjonen ved den kristne kyrkja.

Den er utgitt på engelsk, og tilgjengeleg gratis på nett; og den har dansk-norske Knud Jørgensen som hovudredaktør og -aktør.

Serien er gjort mulig mellom anna ved økonomisk støtte frå Areopagos. Knud fortener stor ære for å ha vore både fødselshjelpar og gjennomførar av eit prosjekt som fort kan visa seg å vera av uvurdeleg verdi for den kristne kyrkja sitt misjonsarbeid i det hundreåret vi er gått inn i.

Men litt om bakgrunnen for dette: I 1910 var det eit stort misjonsmøte i Edinburgh. Frå Norge deltok Lars Dahle som ein av 3000 delegatar, utan at han spela ei sentral rolle.

Møtet var eit uttrykk for den vestlege misjonsrørslas store optimisme – noen vil kanskje seia overmot. Men det var skjelsetjande også for framtidig utvikling.

Ein kan føra linjer frå denne samlinga til svært mye av det som har skjedd innan misjon og økumenikk i tida etterpå:

World Evangelical Alliance (og Alliansemisjon) Lausanne-rørsla til Kirkenes Verdensråd kan føra sine røter til dette møtet.

Møtet demonstrerte tydeleg den sterke samanhengen det er mellom misjonsarbeid og økumenikk.

Det representerte toppunktet i vestleg misjon: Ein var overtydd om at evangeliet ville sigra på alle frontar; og ein var overtydd om at det var miksen vestleg kultur og sivilisasjon og kristendom som garanterte dette.

Hundre år seinare ville ein feira det som skjedde i 1910. Feiringa stadfesta kor viktig møtet i 1910 var. Men den avslørte også korleis utviklinga på mange felt blei heilt annleis enn den ein så for seg 100 år tidlegare:

– Europa er ikkje lenger kristendommens utvitydige senter. Og koplinga mellom europeisk kultur og makt og kristen misjon framstår i dag meir som eit problem enn ein styrke. Derfor blei feiringa desentralisert, og fann stad på alle kontinent.

– Den økumeniske optimismen ein hadde var både rett og gal: Det er blitt eit ganska anna økumenisk klima kyrkjer og tradisjonar imellom enn for 100 år sidan. Samtidig har ein ennå langt igjen for å overvinna motsetningar og manglande gjensidig tillit; og strukturelle uttrykk for einskapen i trua på den same treeine Gud og Herren Jesus Kristus, er ein ennå langt borte frå.

– Ingen såg for seg den veldige veksten vi har sett av av pentekostal og karismatisk kristendom. Dette er tendensar som lever både som eigne kyrkjesamfunn og som trendar innanfor alle historiske kyrkjer. Det same gjeld framveksten av utallege lokalt baserte kristne kyrkjer.

– Svært få, om noen såg at den sterke veksten av kristne kyrkjer ein håpa på utanfor Europa, skulle falla saman med ei tilsvarande svekking av kyrkjene i Europa.

– Svært få såg dei store migrasjonsbølgene som pregar dagens verden; dei fører tilhengararar av ulike religionar nærare kvarandre, i tillegg til at det er med på å forandra kristendommens ansikt, og påverka dei samfunna vi alle lever i.

– Dei tok ikkje inn over seg den sterke diakonale forkyninga av kyrkja som har funne stad; og som gjer at kyrkja blir utfordra til å vitna om Gudsriket både i ord og gjennom sine handlingar og strukturar. Og slike kunne vi halda fram.

Det er her av Regnum-serien blir viktig: Alt dette og mykje meir, blir drøfta i den viktige ressursbasen for kristen kyrkje og misjon som desse bøkene frå Regnum utgjer.

Her en mye som vi som enkeltpersoner og organisasjonar og kyrkje kan ausa av. For – om Gud vil – å bli litt visare og litt betre i stand til å skjøna kva det inneber å vera ein Jesus ettefølgar i dagens mangfoldige verden.

Les også: Hva ville Jesus gjort?

synspunkt,dagensdebatt.no,kjetil aano,misjon,karismatiske,pinsebevegelsen,menigheter,kristendom,knud jørgensen,regnum books,edinburgh 2010,lars dahle,world evangelical alliance,lausanne-bevegelsen,kirkenes verdensråd,europa,evangelisering