Illustrasjonsfoto: Jean-paul P
...
Illustrasjonsfoto: Jean-paul Pelissier, Reuters/NTB Scanpix
Integrering av muslimer i Noreg
Del
Etter at vi vart pensjonistar har vi hatt ein del omgang med innvandrarar. Me har invitert dei heim og det har gitt ein del fine opplevingar, men og utfordringar.

Mange av oss har opplevd å verta kjende med både muslimar (me kallar dei gruppe 1) og slike som har gått over frå slam til kristendommen (me kallar dei gruppe 2).

Begge desse gruppene har over tid vore i kontakt med eit kristent fellesskap, der dei ser ut til å finna seg vel til rette. Me tenkjer at begge desse gruppene har potensial til å ta med seg hjelp frå gjestfrihet ved integrering i Noreg.

Eg vil ta eit eksempel frå det verkelege liv, men anonymiserer det.

Ein ung mann, vi kallar han Achmed frå Afghanistan, som høyrde til i gruppe 1, fekk opphald i Noreg og vart plassert i ein kommune. Han ville feira at han hadde fått opphald og var plassert i ein kommune i Noreg og inviterte vener han kjende frå gruppe 1 og 2, men og to muslimar som aldri hadde hatt kontakt med kristne (me kallar dei gruppe 3).

Han stelte til mange afghanske rettar og dei feira med alkoholfri drikke og gleda sto i taket. Plutseleg bryt ein frå gruppe 3 inn og seier til ein i gruppe 2:

“Du er skit som eg kan drepa kva tid som helst, utan at nokon vil bry seg!”

Verten i gruppe 1 seier:

”Det er det verste eg har høyrt! Slikt vil eg ikkje ha hjå meg! Eg bad dykk hit for å dela gleda mi med dykk. Me har søkt fridom og demokrati i Noreg. Me må ikkje dra med oss drapstrusler mot folk frå andre religionar frå afghanske tilstandar hit! I Noreg er det religionsfridom, det skal gjelda mellom oss òg! Dersom du ikkje angrar og bed om orsaking, kan du forlata selskapet. Eg kjem heller ikkje til å be deg hit att, om du held fast på det du sa.”

Personen frå gruppe. 3 svarte:

”Eg meinte eigentleg ikkje det eg sa, det var noko som kom over meg. Eg vil gjerne vitja deg, dette skal ikkje henda ein gong til.”

Festen heldt fram og alle personane frå gruppe. 1, 2 og 3 heldt fram med og gleder seg over å møtast. Folk frå Afghanistan legg vekt på venskap, det er ein del av samfunnet deira, mellom folk som høyrer til klanen. Men at ein person frå gruppe 1 eller 2 kan ta afghansk gjestfrihet og dyrka den på tvers av gruppe 1, 2 og 3, er dyrebart.

Med dette som førebilete kan me ved måltid og samtale bearbeida opplevingar og bidra med endring inn i integrering av muslimske innvandrarar.

Eg har ei trist melding å gje vidare.

Achmed snakka bra norsk og klarte seg bra på vidaregåande skole i sin nye kommune. Men etter kvart fortalde han at norske ungdommar mobba han og han vart meir og meir einsam. Han ville gjerne flytta attende til Rogaland, men det vart ikkje slik.

For halvanna år sidan vart han funnen i nærleiken av der han budde, han fekk ikkje innpass i det norske samfunnet og vart eit offer for eit lokalt ungdomsmiljø.

Den Achmed eg kjende var ein positiv, evnerik og lærevillig ung mann. Han ville gjerne læra norsk og brukte alle høve til å læra språket vårt. Var han litt for dyktig og open for våre stereotypier om ein muslim?

At systemet vårt klarte å øydeleggja ein slik verdfull tilvekst til vårt samfunn, på så kort tid, det skjønar eg ikkje!

Eg er redd det same kan henda med andre, spesielt om dei vert gåande i årevis utan å få greie på om dei får opphald, eller ikkje.

Eg er for at Noreg tek på seg ansvaret det er å busetja flyktningar. Me må verta eit land som i Nansen si ånd maktar å ta vel imot dei i vår nærleik. Noreg er eit lite land og me har ikkje råd til å mislukkast i dette tiltaket.

“Vi er så få her i landet, hver fallen er bror og venn,” (Nordal Grieg)  - det må og gjelda dei som kjem frå krig og naud og treng litt hjelp til å koma igang med livet sitt i eit nytt land.

UDI må få ordre om å tilsetja nok folk til å handsama sakene raskt og rettferdig. Våre varmaste hjerter og klaraste hjerner må engasjerast for å løysa denne oppgåva. I beste fall kan vi i staden for ekstrem islamisme bearbeida grunnen for at integrerte muslimar utarbeider eit islam på norsk.

Eg trur ikkje sekularistar har svaret på alle spørsmål, snarare eit kristent, demokratisk Noreg og gruppe 1 og 2 av innvandrarar som katalysator i integrasjonsprosessen. Det vil vera ei bragd for det norske folk å ta denne dugnaden på seg på skikkeleg vis.

Me kan ikkje leggja denne oppgåva over på såkalla profesjonelle, private aktørar, som viser seg å vera både arrogante og uprofesjonelle overfor flyktningar og norske som har potensiale til å gjera frivillig innsats for asylsøkjarane.

Kommunane bør sjølv å gjera jobben, dei har fleire strenger å spela på i denne samanhengen. Det norske samfunnet er tvinga til å bruka større økonomiske og menneskelege ressursar for å løysa den problematikken som har oppstått ved integrasjon av muslimer i det norske samfunnet.

Med dei mengdene av innvandrarar vi får frå muslimske land for tida, er eg redd me har ein lang veg å gå. Det ville vera både klokt og rett å gje opphald til alle muslimar, som har konvertert til kristendommen og søkjer asyl i Noreg. Me har ikkje berre plass for dei, me har bruk for dei i integrasjonsprosessen og i kyrkja. Nordmenn har høve til å skifta religion, afghanske kristne og afghanske kyrkjer i Noreg vil vera ein spore til realisering av religionsfridom mellom muslimar i Noreg, det ville fremja tanken om eit islam på norsk!

Noreg kan verta eit eksempel for resten av verda i reell religionsfridom.

Eller skal vi ta frå våre nye muslimske landsmenn retten til å skifta religion om dei ynskjer det?

Me lyt sjå for oss Noreg i framtida som Verda i miniatyr. Eg har tru for at Noreg kan verta eit velfungerande multietnisk, multikulturelt og multireligiøst samfunn. Men det er underleg at raudgrøne og blåblå regjeringar berre i liten grad har lukkast.

Eg undrast om ikkje stats-forvaltninga må setjast under kraftig press, for å gjera jobben skikkeleg og raskt nok. Både statleg og kommunalt nivå må verta meir effektive og fleksible, og samarbeida betre. Me må verta betre i å la lokalsamfunna løysa ut potensialet, som ligg i frivillig teneste og engasjement. Stat og kommune må setja inn større, gode menneskelege ressursar. Slike finns mellom arbeidsledige frå oljeindustrien.

Det trengs eit grep frå regjeringa, å gå inn med ekstra økonomiske ressursar slik at me kan fremja, og på sikt løysa integreringa av muslimske innvandrarar i det norske samfunnet og nulla ut arbeidsledigheta - to fluer i ein smekk.

Les også: