AVHOLD: Det store fleirtalet av haugianarane følgde predikantene Haugvaldstad og Haave og sa nei til brennevin, og etter kvart til all bruk av alkohol, skriv kronikkforfattaren.

Haugianarane og alkoholen

Hans Nielsen Hauge tok alltid sterkt avstand frå drukkenskap, men aksepterte moderat alkoholbruk. Det store fleirtalet av etterfølgjarane sa likevel nei til brennevin, og etter kvart til all bruk av alkohol.

Den pågåande koronapandemien har aktualisert alkoholspørsmålet. At det i vårt alkoholliberale samfunn skulle bli aktuelt å innføre ein nasjonal skjenkestopp, hadde neppe nokon tenkt seg før denne pandemien.

En del protestar har det vore, dei fleste naturleg nok frå dei som driv restaurantar og barar med alkoholservering, men òg frå gjester på slike stader og andre som opplever dette som eit unødvendig og utidig inngrep i deira personlege fridom.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det same gjeld andre land. Nokon større proteststorm har det likevel ikkje vore, kanskje fordi folk flest synest at dette tiltaket er mindre inngripande enn ein del andre påbod og forbod som koronaen har ført med seg.

I historisk perspektiv er elles strid om alkohol eit relativt nytt fenomen. Frå ein kristen synsstad er det verdt å merke seg at bruk av alkohol lenge ikkje var sett på som noko problem verken i den katolske kyrkja eller i dei protestantiske kyrkjene. Drukkenskap var rett nok ikkje godteke, men då meir som ein mangel på sjølvkontroll hos den einskilde enn som eit vedvarande samfunnsproblem.

Av reformatorane skal særleg Martin Luther ha hatt eit ølkonsum lit utover det vanlege helst bryggja av kona Katharina. Ein gong skal han sagt det slik: «Gud sjølv gar gjeve menneska begge grunnformene for næring; mat og drikke, brød og øl. Den som ikkje har øl, har ikkje drikke.»

Dei nye åndsretningane som oppstod mot slutten av 1500-talet og på 1600-talet, fyrst puritanismen på engelsk, kalvinsk grunn, og seinare pietismen på tysk, luthersk grunn, såg lenge heller ikkje noko negativt i bruk av alkoholhaldig drikke. Tvert om.

Som Luther såg dei på øl, som det vart konsumert mest av, som ein sunn og næringsrik drikk. Då engelske puritanarar i 1636 grunnla eit college for presteutdanning i Harvard, det som seinare vart til Harvard University, var eit bryggjeri som skulle sørge for øl til studentane av dei fyrste bygningane. Nokre tiår seinare gav den puritanske presten Increase Mather, rektor og sjefsadministrator ved institusjonen, ut eit skrift der han åtvara mot drukkenskap, men like fullt hevda at alkohol var ei god Guds gåve, som måtte takast imot med takk.

Aukande alkoholbruk mot slutten av 1700-talet, særleg av brennevin, gjorde at fleire tok til å problematisere det høge alkoholkonsumet. Blant dei var ein kjend lege og politikar i Pennsylvania, Benjamin Rush , som i 1784 gav ut ein pamflett der han gjorde nøye greie for dei fysiske og mentale skadeverknadene av alkohol for den einskilde, i tillegg til sosiale skadeverknader som fattigdom og kriminalitet.

Rush gjekk så langt som å krevje totalforbod mot brennevin. Dette var starten på det som skulle bli til ei veldig folkerørsle av både kvinner og menn. Dei hadde ulik bakgrunn, men dei fleste høyrde heime i protestantiske kyrkjesamfunn, både lutherske og reformerte. Fråhaldsfolket var elles så godt organisert og velfungerande som pressgruppe at det til sist lukkast å tvinge fram eit forbod mot alkohol i USA (1920 - 1933).

Utviklinga i Norge følgde mykje det same mønsteret. I Norge var bruk av alkohol mindre daglegdags enn i USA. Alkohol vart frå gamalt nytta som kveik når viktig arbeid skulle utførast ved kollektiv innsats. Det kunne vere under ulike former for dugnadsarbeid, under onner i jordbruket eller under dei store sesongfiskeria, særleg under lofotfisket.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Alkohol vart ofte òg nytta som medisin. Men elles skjedde drikkinga helst ved store samkomer, alt frå bryllaup, dåp og gravferder (gravøl) til auksjonar, marknader og andre høve der mykje folk var samla. Konsumet var til tider så stort at fyll og spetakkel ikkje var til å unngå, jamvel på kyrkjebakken.

Slik hadde det vore lenge, men tidleg på 1800-talet auka konsumet monaleg. Det hadde samanheng med den økonomiske liberalismen som prega den nye norske staten etter 1814. På det området vi her er opptekne av, førte dette til ei ny lov om tilverking av brennevin i 1816. Alle med borgarskap i byar og ladestader fekk no rett til å brenne brennevin.

I ein by som Trondheim utvikla dette seg til å bli den viktigaste industrigreina ved sida av skipsbygging. Men endå viktigare: På landet fekk alle som åtte eller brukte matrikulert jord rett til å starte brenneri. Om brennevinet var tilverka av eigenprodusert korn eller poteter, kunne dei òg fritt selje brennevinet til kven dei ville.

Det skulle snart syne seg at mange bønder fann seg ei ny inntektskjelde i dette. I 1827-1828, fanst det kring 11.000 brenneapparat i landdistrikta. Dei områda som peikte seg ut, var flatbygdene på Austlandet (Hedemark, Oppland og Akershus), indre Sogn på Vestlandet, og dei gode jordbruksdistrikta i Trøndelag. Per Fuglum, den norske historikaren som har skrive mest utførleg om alkoholspørsmålet, meiner at forbruket i 1840 var ca. 7 liter rein alkohol per innbyggjar, eller 10,5 liter for alle 15 år og over.

Andre opererer med langt høgare tal, blant dei Øyvind Horverak ved Statens institutt for rusmiddelforsking, som har sett forbruket til heile 17 liter. I så fall var dette det doble av dagens forbruk (ca. åtte liter medrekna turistimport, heimeproduksjon m.m.). Som Horverak er inne på, må ein samtidig ta høgde for at kvinnene på denne tida drakk lite.

Derfor meiner han at mennene sitt forbruk kan ha vore så høgt som 25-30 liter (!).

Det auka konsumet fekk konsekvensar. Ikkje minst fortel visitasmeldingane til prestar og biskopar om dette. «Himlen se i Naade til Indre Sogn!», skreiv biskop Jacob Neumann om edruskapstilhøva her tidleg på 1800-talet. Men ikkje alle i presteskapet tykte ikkje det var så ille. Somme av dei meinte tvert om at dei moralske tilhøva var upåklagelege og nemnde ikkje alkoholbruken i det heile i sine meldingar.

Dette kan skuldast geografiske variasjonar, men kanskje fortel det òg litt om prestar og andre embetsmenn sitt forhold til alkohol på denne tida. Mange av dei tok seg gjerne eit glas. Ja, langt meir enn det – bygdebøker og annan lokalhistorisk litteratur har mange døme på prestar som hadde problem med å kontrollere forbruket.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette var i pietismens periode. «Statspietismen» på 1700-talet, som blant anna hadde ført til innføringa av konfirmasjonen og lova om skular på landet, vart avløyst av haugianismen som gjennom sine vekkingar kom til å prege tru og tanke hos store delar av allmugen.

Hans Nielsen Hauge (1771-1824) fekk overlag mykje å seie, og ikkje berre som lekpredikant og forfattar av kristen litteratur, men òg som handelsmann, industrigründer m.m. Blant sine åndsbrør hadde han ingen likemenn: Hauge sine ord gjaldt uavkorta i alle spørsmål, og det gjaldt òg alkohol.

Drukkenskap tok han alltid sterkt avstand frå. I eit skrift som kom ut i 1817 ( Religiøse følelser og deres verdi), fortel han likevel at han i heilt unge år fekk smaken på brennevin, og at han sjølv kunne blitt offer for «drukkenskapslasten» – ein gong hadde han jamvel vore rusa. Men han forstod snart at dette ville bli både hans kropp og sjel «til fordervelse», og takka Gud for at det ikkje hadde skjedd og at han seinare var blitt bevart frå denne lasta.

Når det gjaldt moderat bruk av alkohol, derimot, hadde Hauge det same liberale synet som puritanarar og pietistar i USA fram til slutten av 1700-talet. Både i sitt eige bryllaup og i andre høve skal han ha servert alkohol. Hauge let òg skipperane på fartøya han sende til Nord-Norge for å kjøpe fisk, få med seg brennevin for å kunne skjenke fiskarane ein dram eller to, slik det var vanleg etter ein handel.

I si nesten ustoppelege entreprenørverksemd avviste han heller ikkje produksjon av brennevin. Fleire av tilhengjarane starta såleis brenneri. Ein av dei var kjøpmann Erich Wullum i Trondheim – utan at nokon såg noko merkeleg eller syndig i dette. Ein anna kjend haugianar som dreiv med brenning og sal av brennevin, var Erik Svendsen i Ørsta.

Privat gjekk det meir på øl. Kvart år bryggja han to tønner øl til jul. Fyrste juledag samla han huslydane på gardsbruka ikring, og etter andakt og lesing av huspostillen gjekk ølet rundt é i kanne til kvinnene og to til mennene.

Før Hauge døydde i 1824 skjedde det inga haldningsendring blant haugianarane. Ein av dei fyrste som skifte oppfatning, var John Haugvaldstad (1770-1850), ofte rekna som den fremste haugianske leiaren etter Hauge. Haugvaldstad var fødd i enkle kår på Rennesøy, men flytte i godt vaksen alder til Stavanger. I heile sitt liv hadde han eit sterkt sosialt sinnelag og syn for dei svake i samfunnet. Blant anna oppretta han ein heim for fattige og foreldrelause jenter i Stavanger (Josefinestiftelsen), mykje for eigne midlar. Det sosiale sinnelaget var truleg òg ein viktig grunn til at Haugvaldstad på sine litt eldre dagar skreiv under på fråhaldsløfte – eller rettare: eit løfte om å halde seg frå brennevin (dette var før tanken om totalfråhald hadde slege gjennom). Når han talte på kristelege møte, oppmoda han gjerne tilhøyrarane om å gjere det same.

Men ikkje alle haugianarar meinte dette var eit spørsmål det var verdt å bruke tid og krefter på. Heller såg dei det som ei avsporing. Ein av dei var Elling Eielsen frå Voss. Som predikant reiste Eielsen både i Norge, Sverige og Danmark, før han i 1839 utvandra til Amerika der han grunnla eit eige kyrkjesamfunn, Den evangelisk-lutherske kirke i Nord-Amerika.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Under eit besøk i Stavanger kom han i nær kontakt med John Haugvaldstad. Sjølv om dei delte syn på det meste, skal Eielsen skal ha gjort narr av Haugvaldstad og kampen hans mot brennevinet.

Etter Eielsen si oppfatning var det fariseisme å lage nye bod og reglar som gjekk utover Guds ord i Bibelen. Når Haugvaldstad ville ha han til å skrive under fråhaldsløfte, svarte han derfor tvert nei. Men ein kveld dei var på veg heim etter eit møte, kom dei to over ein fordrukken mann i rennesteinen.

Haugvaldstad gav Eielsen ein dult med armen og sa: «Der er én til som ikke vil skrive under avholdsløfte.» Då skal visstnok Eielsen ha kapitulert og gått med på å skrive under.

Historia har eit anekdotisk preg, men er illustrerande for den kampen det var mellom haugianarane om dette spørsmålet. Ein annan haugiansk predikant som fekk mykje å seie, var sunnfjordingen Anders Nielsen Haave, ut frå Indremisjonsselskapet si historie fremste lekpredikanten i landet fram mot midten av 1800-talet. Haave skreiv òg salmar, og ein av dei, «Jesus, lær du meg å bede», er å finne i mange salme- og songbøker. Då han vart han beden om å bli reisetalar i kampen mot brennevinet, var han i tvil. Men til sist sa han ja og med sine uvanlege talegåver tok det ikkje lang tid før han vart kjend som «brennevinspreikaren».

Frå fleire haugianske vener møtte Haave kritikk for dette: Kunne det vere rett å preike omvending og forlating for syndene i Jesu namn, og så i neste omgang oppmode folk om «at afgive løfte om at afholde sig fra stærke drikke? Ja, svarte Haave og snudde på spørsmålet: Kunne verkeleg ein kristen med kjærleik til nesten late vere å engasjere seg i arbeidet mot den forferdelege brennevinsdrikkinga?

Ikkje alle let seg overtyde. Blant dei som heldt seg til Hauge sitt liberale syn, var ei gruppe haugianarar som i 1872 braut ut av statskyrkja og danna Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn (DELK).

Haldninga deira til alkohol kan verke oppsiktsvekkjande sidan ingen andre, kanskje med unntak av læstadianarane i Nord-Norge, gjekk like langt i å stille opp detaljerte levereglar for kristen livsførsel. Men motsett læstadianarane som såg alkohol og framfor alt brennevinet som sjølve styggedomen, sa ikkje desse «superpietistane» sørpå nei til eit glas øl eller ein dram.

Også på dette området heldt dei seg til Hauge og det han stod for! Det store fleirtalet av haugianarane, derimot, følgde Haugvaldstad og Haave og sa nei til brennevin, og etter kvart til all bruk av alkohol.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette vart òg standpunktet i den organiserte lekmannsrørsla som etter kvart overtok etter haugianismen. Når fråhaldsrørsla fekk ein slik veldig vekst mot slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet, skjedde mykje av rekrutteringa herifrå.

Men det gjaldt slett ikkje alle, og leiarane heldt stadig fram at det måtte vere plass for alle uavhengig av tru og vedkjenning. Asbjørn Kloster, som i 1879 danna den fyrste totalistforeininga (i Stavanger), dvs. ei foreining som gjekk mot all alkoholbruk, ikkje berre brennevinsdrikkinga, var ein av dei. Etter hans syn var ikkje alkohol nødvendigvis synd i seg sjølv.

Heller ikkje var det noka kristeleg forplikting å slutte seg til fråhaldsrørsla. Men dei truande burde likevel vere dei fyrste til «at udsætte redningsplanker for de skibbrudne og drage dem opp paa afholdsstranden.»

I slutten av 1880-åra passerte talet på organiserte fråhaldsfolk i Norge 100.000. Veksten heldt fram til ein nådde formidable 257.000 medlemer i 1919. Ut frå dette er fråhaldsrørsla blitt rekna for å vere den største folkerørsla i norsk historie. Den kristne lekmannsrørsla hadde nok like stor, kanskje større tilslutning, men for denne rørsla er det uråd å talfeste dette i denne perioden.

Ser vi på arbeidarrørsla, hadde Arbeidarpartiet til samanlikning i underkant av 100.000 medlemer på same tid. Størst av fråhaldsorganisasjonane var det Det Norske Totalavholdsselskap (DNT), som åleine hadde nærmare 140000 medlemer på det meste. Dernest følgde Den Internasjonale Godtemplarordenen (IOGT).

I dag er under 10.000 organiserte fråhaldsfolk tilbake. Mens dei i 1919 utgjorde om lag 10 prosent av befolkninga, utgjer dei i dag mindre enn to promille. I eit europeisk perspektiv er Norge i dag faktisk eit av dei landa der færrast gjev til kjenne at dei aldri brukar alkohol.

Den ein gong så mektige folkerørsla har meir eller mindre forvitra, og med det òg den makt og innverknad dei lenge hadde på alkoholpolitikken.

Mens fråhaldsfolket tidlegare stod på barrikadane og kjempa for sitt syn, er dei fleste av oss som framleis står på dette standpunktet, blitt blant «dei stille i landet» som heller kviskrar fram vårt nei til alkohol framfor å rope det høgt ut frå hustaka…

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Staten som forsøkte å knekke Hauge
Les også
Hauges åndelige testamente
Les også
Derfor er det så viktig hvordan kirken organiseres