NY PRAKSIS: Biskop Halvor Nordhaug og bispedømerådet innfører ein heilt ny praksis i Bjørgvin bispedøme.

Det går an å snu

Prestemangelen er eit veksande problem for kyrkja vår. Då er det ingen god veg å stengja ute unge prestar som legg vinn på å vera trufaste mot Guds ord i forkynning og liv.

Innlegget er skrevet av: Arve Kjell Uthaug, Frekhaug, Anne Sofie Nergård Uthaug, Frekhaug, Arnhild Rekdal, Nyborg Astrid H. Kristiansen, Florø, Audun Myksvoll, Frekhaug, Bjørg Åse Kolden, Knarvik, Bjørn Sølsnæs, Leikanger, Erling Rønnestad, Frekhaug, Gunn Lie Morland, Øygarden, Henrik Kolden, Knarvik, Inger Jordal, Ostereidet, Ivar Eidsheim, Ostereidet, Jan Magne Steinhovden, Frekhaug, Jarl Steinhovden, Frekhaug, Kjell Erik Steinbru, Hordvik i Åsane, Kristin Sundsbø, Knarvik, Oddvar Rotvik, Bjørnafjorden, Ottar Bjarne Steinhovden, Nyborg, Ottar Tonheim, Florø, Torhild Stav Skare, Frekhaug, Trond Kråvik, Balestrand og Øyvind Angelskår, Brattholmen.

----------

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Biskopen i Bjørgvin vil ikkje lenger ordinera prestar som reserverer seg mot å leia gudsteneste og nattverd saman med ein kvinneleg kollega. Bispedømerådet vil heller ikkje tilsetja slike prestar, så sant dei ikkje allereie er i prestestilling.

Gjennom å stengja ute desse mennene frå prestetenesta innfører biskop og bispedømeråd ein heilt ny praksis i kyrkja og bispedømet vårt.

Vi som skriv under dette opne brevet, er alle lekfolk og kyrkjemedlemer i Bjørgvin. Vi har ulike oppfatningar av spørsmålet om kvinner si presteteneste, og vi verdset den ærlege viljen både hjå biskop og bispedømeråd til å ta godt vare på ulike medarbeidarar i kyrkja.

Vi er òg kjende med at spørsmålet det her er snakk om, har vore drøfta i eit samla bispekollegium.

Samstundes vil vi gje vår tydelege støtte til dei prestane som vil få ein vanskelegare arbeidssituasjon på grunn av den nye praksisen. Og vi ønskjer at kyrkja skal vera open for nye prestar av denne typen også i framtida, slik det har vore fram til no.

Prestemangelen er eit veksande problem for kyrkja vår. Då er det ingen god veg å stengja ute unge prestar som legg vinn på å vera trufaste mot Guds ord i forkynning og liv.

Vi vil òg minna om at fleire kvinnelege kollegar offentleg har støtta dei prestane det her gjeld.

Det går an å snu, og det er nettopp det vi bed biskop og bispedømeråd om å gjera.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Konservativ prest reagerer kraftig på biskopenes uttalelse
Les også
Kvinneprestmotstander fikk ikke prestejobb
Les også
Kvinneprestmotstander: – Sørgelig