«Der de ser pessimisme og elende, ser vi optimisme, folk som vil og får det til», skriv Liv Kari Eskeland. Bildet viser partileder Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Sp og eg ser ikkje det same Noreg

Der eg ser optimisme, fortel Senterpartiet om pessimisme.

Senterpartiet pratar om alt som går feil veg i landet og som er feil i distrikta. Alt på grunn av regjeringa, alt må reverserast, alt var betre før.

Men ta ein tur til Bømlo, og sjå på produksjonen av Salma-laks. Utviklinga der, sidan dei første merdane vart etablert, har vore formidabel. No har dei fleire hundre millionar kroner i omsetning.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ta ein tur til Hardanger og sjå på ciderproduksjonen til Hardangergutane, der unge ser nye moglegheiter i eit tradisjonsrikt produkt. Til Lom og Dombås, med spennande mikrobryggeri. Til Rennesøy der dei produserer Klosterlam. Eller til Rissa der dei lagar nydeleg iskrem.

Norsk matproduksjon blomstrar. Norske restaurantar vinn Michelin-stjerner fordi dei satsar på noko av det beste bygde-Noreg kan by på. Eg ser folk som kan, vil og får det til – fordi forholda no ligg til rette.

Høgre har tru på drivkrafta vi finn, hjå Freyr AS i Mo i Rana, som skal etablere batterifabrikk med 2500 arbeidsplassar. Tru på Hywer AS i Fjaler som er i verdsklassen med sine småkraftprodukt. Geniale idear klekka fram i samarbeid mellom småprodusentar. Som bidreg til meir fornybar energi og verdiskaping lokalt.

Vi har tru på framoverlente Varanger kraft som omdannar vind til hydrogen og ammoniakk på Finnmarksvidda, som reiarar tek med seg til utvikling av den grøne skipsflåten. Der Wärtsilä testar sine motorar gjennom katapulten, Sustainable Energy, og Eidesviks Viking Energy gjer det same.

Ingen av desse seier dei vil tilbake til fortida. Dei vil ha meir av den vegen vi er i ferd med å stake ut. Det fins mange unge som ser moglegheiter der Senterpartiet ser problem.

Senterpartiet, vi ser ikkje same Noreg. Der de ser pessimisme og elende, ser vi optimisme, folk som vil og får det til!