Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Vi må lyfta fram menneskeverdet

Når vi tek menneskeverdet på alvor vil vi arbeida for fred og forsoning med utgangspunkt i det gode Gud har lagt ned i kvart menneske.

Gud kallar oss til å ta del i hans frelseplan ved å lyfta fram menneskeverdet for å føra menneske til sann ære. Kallet vårt er å hjelpa folk til å læra den herlege Herren vår å kjenna slik at dei vender seg frå eit liv i synd og skam til eit liv til Guds ære.

Når vi hjelper folk til å sjå Guds herlegdom vil det skapa eit heilt nytt liv. Vi hjelper ikkje folk til å sjå Guds herlegdom om vi møter dei med fordømming og forakt. Vi må verdsetja dei som verdifulle menneske, skapte i Guds bilete, høgt elska og akta av Gud, som let sin einborne Son døy for dei for å setja dei fri frå eit liv i synd, skam og fornedring.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kallet vårt er å gje folk sjølvrespekt. Oppdraget vårt er å gje folk vørdnad og formidla ein tyngde av ære til menneske rundt oss. Sann respekt kjem når folk ser kven dei er i Gud.

Difor må vi sjå folk på rett måte. Vi må ta folk på alvor. Vi må lytta til kva dei har å seia. Vi må møta dei med respekt og ære for å kunna hjelpa dei til større ære og herlegdom.

Det er vårt misjonsoppdrag å møta folk med vørdnad og hjelpa dei å få del i den herlegdommen og æra dei er skapte til gjennom trua på Jesus Kristus, vår Herre. Då kan vi ikkje møta folk med fordømming, men berre med Guds frigjerande og frelsande kjærleik.

Det kristne menneskesynet skaper ein kultur der vi tek avstand frå negativ sosial kontroll og set fridom høgt. Menneskeverdet fostrar fram ein raus kultur av å sjå og verdsetja potensialet i menneske, at folk blir lyfta opp og får tillit. Det handlar om å sjå gullet i andre, å oppmuntra og snakka sant om folk. Vi vel å tenkja det beste om folk.

I ein slik kultur er framsnakking viktig, medan baksnakking er bannlyst. Aksept og respekt er kjerneord i ein kristen kultur. Det handlar om mykje meir enn ord, men eit ekte liv i kjærleik og inkludering. Det kristne miljøet er opplyftande, oppmuntrande, oppbyggjande, velsignande, framelskande og styrkjande i vid forstand og famnar heile menneskelivet.

Menneska er ikkje skapte til å leva med dei negative kjenslene som følgjer fordømming, skuld, skam og vanære. Menneska er skapte for å leva med ære og herlegdom. Synda øydela dette, men alle menneske ber i seg ein lengt etter herlegdom og ære.

Eg trur det er rett å seia at alle menneske søkjer ære, ros, lovord, godkjenning, godtaking, akseptering, heider, fagning, hylling, støtte, velvilje og vørdnad. Den store utfordringa for menneska er kor ein søkjer dette og kva ein gjer med det. Alt det skapte har innebygd ære og herlegdom som avspeglar noko av Guds herlegdom til hans ære.

Den ære og herlegdom Sonen hadde fått av Far gav han vidare til læresveinane og alle som kom til tru på han, så alle skal æra Sonen slik dei ærar Far.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den som ikkje ærar Sonen, ærar heller ikkje Far, som har sendt han. Vi kan ikkje æra Gud om vi ikkje ærar dei Gud sender i vår veg. Dette handlar om å sjå kven folk er og æra dei for det, slik at Gud kan få ære for det verket han har gjort i dei menneska vi møter.

Å ta imot menneske for det dei er, ein utsending, ein far, ei mor, ein bror, ei syster, ein rettferdig, ein læresvein, ein disippel er å æra dei for det dei er og med det gje ære til Gud som har gjort dei til dette. Når vi forstår menneskeverdet til dei vi møter, vil vi vera i stand til å gje dei den æra dei fortener og ta imot den gåva frå Gud dei er i livet vårt.

Når vi ærar folk for det dei er, flyt det liv og velsigning mellom oss. Dette gjeld sjølvsagt alle menneske, om dei er kristne eller ikkje-kristne.

Faktisk er det like viktig å æra dei som ikkje er kristne som dei som er kristne, for alle menneske er skapt i Guds bilete og har noko godt frå Gud i seg som vil vera til velsigning for andre menneske.

Kampen for menneskeverdet er ofte knytt til store etiske dilemma slik som bioteknologi, abort og eutanasi, men det er like viktig å leva menneskeverdet ut i kvardagen. Menneskeverdet må også visa seg i korleis vi omtaler andre i debattar og avisinnlegg, i intervju og reportasjar.

Ikkje minst er menneskeverdet viktig når det er spenningar og konfliktar mellom kristne. Vi har ikkje lov å setja oss til doms over andre sine motiv. Konfliktar er ofte kompliserte og vanskelege å skjønna fullt ut.

Difor må vi vera varsame så vi ikkje trør folk ned i søla er taler nedsetjande om dei. Det kan seiast mykje om oss menneske på godt og vondt, men alle partar må møtast med respekt og ære. Måten vi behandlar folk fortel om verdisettet vårt og kva vi held for sant og rett.

Når vi tek menneskeverdet på alvor vil vi arbeida for fred og forsoning med utgangspunkt i det gode Gud har lagt ned i kvart menneske.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det kristne menneskesynet ærar mennesket og lyfter det høgare enn noko anna livssyn eller religion. Vi kan æra kvart menneske som skapt i Guds bilete.

Vi kan æra kvart menneske som ein person som er høgt elska av Gud. Vi kan æra kvart menneske som meir verdifullt enn all rikdom i verda. Vi kan æra kvart menneske vi møter ved å ta det på alvor, og møta folk på deira eigne premissar.

Å æra andre handlar mykje om å sjå dei og ta seg tid til å høyra på dei. Når vi gjer det, frigjer vi god energi i folk og hos oss sjølve.

Når vi møter folk med vørdnad og respekt frigjer vi liv og god energi mellom oss. Når vi hjelper folk til å kjenna seg verdsett, frigjer vi nytt liv og frigjerande krefter til å leva verdig Guds kall.

Å æra andre og møta dei med vørdnad og respekt er å setja lyset på den innebygde herlegdommen og æra deira. Å fokusera på det gode frå Gud i andre frigjer alltid god energi mellom menneske.