Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Merkelege meiningar

Alle innlegga som har som føresetnad at Bibelen er skriven med påhalden penn, undrar meg nok litt. 

Eg her lese Dagen nokre månader, og eg har sett at avisa er velredigert og ho har mykje stoff med innsikt og tyngde.

Men alle innlegga som har som føresetnad at Bibelen er skriven med påhalden penn, undrar meg nok litt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Onsdag 16. september var det ikkje berre eit lesarinnlegg, men ein artikkel over heile side 3, som endå til tek skapingssoga i Bibelen bokstaveleg, ord for ord.

Skapingssoga er ei inspirert, dikta forteljing med poetisk tyngde, særleg i den første delen.

Forteljinga har klare litterære verkemiddel som viser korleis menneska vart menneske, fekk kunnskap og forstand, oppdaga at dei var nakne, og skilde seg såleis frå dyra.

For at ingen skal måtte vere i tvil, legg forfattaren inn eit av dei vanlegaste av alle eventyrtrekk, at dyr kan snakke!

Er jorda berre 6000 år? Ein ting er å dra bodskapen til evolusjonstalsmennene i tvil, som eg trur har mange vitskaplege svin på skogen.

Noko anna er å meine at geologane berre tullar, og at istidene som har forma landet vårt, aldri har eksistert. Mi tru er at skapinga var svært langvarig, men det var ei skaping i form av ei utvikling, og den utviklinga var styrt!

Men det finst fleire merkelege tankar i vår tid, som Dagen heldigvis ikkje ser ut til å målbere, i motsetning til mest heile riks- og regionalpressa elles: Klimatullet!

Vi har inga klimakrise, berre ein slik velgjerande varmeperiode som vi har hatt mange gonger tidlegare, sist i 1930-åra. Denne meiningslause hetsinga av koldioksid (CO2), kanskje den viktigaste føresetnaden for alt liv, ser eg på som blasfemi.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I tillegg blir store mengder mat brukt som drivstoff i bilar, for at det skal bli mindre av denne livgjevande gassen i lufta.

Klimaalarmistane har ikkje ein einaste naturobservasjon å leggje til grunn for tankane sine, berre matematiske konstruksjonar, som baserer seg på eit reint postulat, at CO2 er ein viktigare klimadrivar enn sola. Men mens CO2 heile tida aukar, går temperaturen stundom opp og stundom ned.

Til slutt vil eg berre slå fast at korkje klimaalarmistane eller dei som les skapingsforteljinga som eksakt historieskriving, ser ut til å kjenne til istidene som kom og gjekk. Men tida er snart inne for ei ny istid.