PREST: Eg kan altså godt skjøn
...
PREST: Eg kan altså godt skjøne at både konfirmantforeldre og andre reagerer. Men når det kjem eit ønske om å ta Mikael Bruun (biletet) ut av konfirmantundervisinga, så er det ikkje mogeleg for meg å etterkomme dette. Foto: Bjørn Sølsnes
debatt
Kvinnelege prestar og mangfaldet i kyrkja
Del
Eg ønskjer meg ei mangfaldig kyrkje i eit liberalt samfunn der vi kan møte kvarandre ope og med respekt. 

Fleire konfirmantforeldre i Sogndal, og mange andre i Bjørgvin, har blitt opprørte over at ein prest, Mikael Bruun, ikkje er tilhengar av kvinnelege prester, og at han heller ikkje vil gjere presteteneste i ei gudsteneste saman med ein prest som er kvinne.

Eg er samd med desse foreldra i at kvinner og menn skal ha lik tilgang på alle tenester og tillitsverv i kyrkja vår. I dag er da også stoda eintydig slik at Den norske kyrkja seier eit rungande JA til kvinners presteteneste.

Talet på kvinnelege prestar aukar jamt, og i bispekollegiet er allereie halvparten kvinner. Denne utviklinga er gledeleg!

Likevel meiner altså nokre prestar framleis at kyrkja er komen i konflikt med det som står i Bibelen der Paulus ikkje ønskjer at kvinner skal undervise i forsamlinga.

Eg tykkjer dette synet ikkje tek den historiske skilnaden mellom Paulus og vår tid på alvor. Det svarar heller ikkje til den grunnleggjande jamstillinga mellom kvinne og mann som etter mi overtyding gjev seg av det samla vitnesbyrdet i Bibelen.

Men må mi overtyding føre til at kyrkja må stengje vegen til prestetenesta for dei som framleis meiner at Bibelen må lesast slik at prestetenesta berre er for menn?

Viss kyrkja tek ei slik avgjerd vil det vel eigentleg vere det same som å stemple kvinneprestmotstandarane som vranglærarar. Så alvorleg har eg og dei andre biskopane ikkje tenkt at dette spørsmålet er.

I dag kan difor framleis kvinneprestmotstandarar verte ordinerte og tilsette i alle bispedøme. Dersom denne vegen blir stengt, vil det sende eit signal til alle prestane med dette synet om at det ikkje lenger er rom for deira teneste. Det vil vere ei dramatisk melding å gi, og dette har vi ikkje ønskt å gjere.

Når dette er sagt, så kan eg altså godt skjøne at både konfirmantforeldre og andre reagerer. Men når det kjem eit ønske om å ta Mikael Bruun ut av konfirmantundervisinga, så er det ikkje mogeleg for meg å etterkomme dette.

Det har aldri vore slik i vår kyrkje at folk kan velje fritt kva for ein prest dei vil møte ved dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd.

Ein slik praksis vil opne for uhaldbare konsekvensar både av praktisk art og med høve til arbeidsmiljøet og fellesskapen blant prestane.

Mikael Bruun er ikkje åleine om ansvaret for konfirmantane i Sogndal. Han har heller ikkje noko imot å arbeide saman med ei kvinneleg kollega i denne undervisninga.

Temaet kvinnelege prestar står ikkje på dagsordenen i planen. Men dette kan – og vil vel no også – bli diskutert i møtet mellom konfirmantane og Mikael Bruun.

Eg trur ikkje det er grunn til å frykte for konsekvensane av ein slik samtale. Vi har tru på at konfirmantane sjølve vil gjera sine vurderingar og tankar omkring både dette og andre tema som gjeld kristen tru, etikk og tradisjonar.

Vår erfaring er at dei både er reflekterte og har stor evne til kritisk tenking. Vi vonar at dei vil ytre si meining uansett kven som har undervisinga. I kyrkja treng vi å høyre dei unges stemme.

Eg ønskjer meg ei mangfaldig kyrkje i eit liberalt samfunn der vi kan møte kvarandre ope og med respekt.

Då bør vi etter mi meining ikkje vere bekymra for at unge menneske får møte nokon som i si undervising vil løfte fram rettferd og menneskeverd, men som tenkjer annleis enn det store fleirtalet i kyrkja om kvinner si presteteneste.

halvor nordhaug,bjørgvin bispedømme,mikael bruun,den norske kirke,debatt,meninger,kvinnelige prester,kvinneprest,kvinneprester