«I lys av Matt 19:9 vil Jesus i tilfelle ekteskap med ei fråskild Åsa Waldau (biletet), driva hor», skriv Vidar Sætre.

Kristi brud og gnostisk sekterisme

At eit hovudproblem i Knutby var ein kvinneleg leiar, gjev grunn til å mistenkja likestilingsteologien. Men slik mistanke passar ikkje inn med dagens tidsånd.

På ny har Knutby-skandalen fått merksemd (reportasje 29/7) – med fokus på læra om pastor Åsa Waldau som Kristi brud; om at ho er utvald til å gifta seg med Jesus.

Men ho er alt gift, slik at ekteskap med Jesus inneber bigami eller å forkasta ektemannen Patrik. No har nokre av Guds tenarar i Skrifta fleire koner, men Adam (Kristus) har berre ei; Eva.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og i lys av Matt 19:9 vil Jesus i tilfelle ekteskap med ei fråskild Åsa Waldau, driva hor. Slik at prøvd på Skrifta kjem visjonen om fru Waldau som Jesu brud, dårleg ut.

Men er den vanlege læra om at den kristne kyrkja er Jesu brud, betre enn ei lære som les Matt 22:1–10 som eit ord om Guds son sitt ekteskap med ei kvinne?

Sist nemnte tolking har faktisk støtte i 1. Mos 2:18 ff, medan saka der ekteskapsmetaforen er brukt om Gud sitt forhold til menneske (Jes 54:5, 62:4–5, Hos 1:2 og Mal 2:14), handlar om folket sin truskap eller truløysa mot Gud – ikkje å læra at forholdet til Gud skal vera erotisk.

Gnostisk tankegang der det kroppslege og konkrete vert nedvurdert til fordel for meir abstrakte syn på Ordet og livet, lever sterkt i kyrkja til dømes hjå Torkild Masvie 20/5 der han tolkar Høgsongen aseksuelt; fordi han ser på forholdet mellom Kristus og kyrkja som viktigare enn det seksuelle samlivet mellom mann og kvinna.

Eg tek sterk avstand frå Masvie si tyding av Høgsongen, grunna intim språkbruk som berre høver i ein erotisk kontekst. Tilsvarande meiner eg «Jesu brud» om det kristne fellesskapet blir for intimt, og vil føra til ei usunn binding til det kristne fellesskapet. Og det er nettopp det eg har opplevd hjå kristne; at identifiseringa med kyrkja ofte er sterkare enn identifiseringa med Gud Fader og Skrifta.

Eit viktig kjenneteikn på «sekter» er at ein blir oppslukt av den flokken ein tilhøyrer, for å gje livet sitt til denne. Også større og «normale» kyrkjelydar og -samfunn kan difor vera sekteriske. Men slike går fri sekt-stempelet fordi desse er for store og mektige.

No viser drapet og drapsforsøket at det var reell grunn til å slå alarm i Knutby. Men var problemet teologien, og i fall: kva for ein teologi?

At eit hovudproblem i Knutby var ein kvinneleg leiar, gjev grunn til å mistenkja likestilingsteologien. Men slik mistanke passar ikkje inn med dagens tidsånd.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg kjenner lite til teologien i Filadelfia Knutby, men slakt-retorikk (Erhard Hermansen 30/7: «forvridd teologi» og Tarjei Gilje 4/8: «teologisk vanvidd») blir fordømmande når ein ikkje samtidig grunngjev kvifor teologien er ekstra dårleg.

Sjølv har eg vald å no ikkje vera medlem i noko kristent samfunn (bortsett frå KrF), fordi eg ser mykje dårleg lære i den vanlege kyrkja:

1) sjølvsentrert frelseslære som ikkje stiller noko krav til oss – som om me skal vera Guds gratiskundar i staden for Guds medarbeidarar,

2) frelsa blir misforstått til å handla om å få eit problemfritt liv,

3) ei fødd-på-ny lære som fråreknar ikkje-kristne retten til å vera Guds born,

4) fokus på kvar ein hamnar etter døden i staden for på å skapa eit betre samfunn her. For eg meiner Jesus lærte noko heilt anna, og vil ikkje underordna meg ei løgn-kyrkje.

Heldigvis gav Jesu lovnader til svært små trussamfunn: «For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei», Matt 18:20, og «Ottast ikkje du vesle hjord, for Far dykkar har med hugnad gjeve dykk riket», Luk 12:32.

No kan ikkje desse orda rettferdiggjera isolasjon utan at det er heilt nødvendig, men dei viser at Jesu mål ikkje er ei stor og stolt kyrkje som i praksis dyrkar seg sjølv og sin eigen teologi. Psykolog Kari Halstensen har heilt rett i at me alle har (rota til) ein ekstremist eller eit sektmedlem i oss.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Bruker han Knutby for å fremme egen hjertesak?
Les også
– Vi har alle et sektmedlem i ossKnutby Filadelfia