«Misjon Sarepta er lystne på å overta Samemisjonen. Det er vanskeleg å seia nei til ein kollekt på 30 millionar, men måten det vert gjort på er under einkvar kritikk», skriv Kjell Magne Hauge. Bildet viser konfirmanter utenfor Kautokeino kirke i samedrakten til Kautokeino.

Under einkvar kritikk

Misjon Sarepta er lystne på å overta Samemisjonen. Det er vanskeleg å seia nei til ein kollekt på 30 millionar, men måten det vert gjort på er under einkvar kritikk.

Samemisjonen må betala alle utgifter i samband med intensjonsavtalen. Sidan Sarepta sin økonomi, som ifylgje leiar, er svært god, kan ein undra seg over at ikkje desse utgiftene kunne vore delt likt.

Sarepta er ikkje så liten som folk trur, seier Kleppa. Kvifor opplyser han då ikkje om kor stor organisasjonen er? Det kan berre vera ei forklaring på det, og det er at organisasjonen er mindre enn folk trur.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når Kleppa seier at aktiviteten både i Noreg og Spania skal aukast, har han då lese sine eigne heimesider kor det står at senteret i Spania er nesten utan aktivitet og at det vert uttrykt bekymring for økonomien?

I Stavanger krets av Samemisjonen har miljøet omkring Jærtun Lutherske Friskule i dei seinare åra gått sterkt inn i styre og stell. Dette miljøet er nesten identisk med Sarepta.

Rektor frå skulen går blant anna over til å bli dagleg leiar i Sarepta. Det som i byrjinga såg ut til å vera ein styrke for Samemisjonen ser i dag ut som ein velregissert plan om å overta leirstaden Nordlys, og jamvel heile Samemisjonen.

Vi veit at medlemskapet i Sarepta kostar 12.000 kr om du er over 35 år, mot Samemisjonens 100 kr pr år. Det er lett å sjå føre seg at det vert ikkje samemisjonsvennene som bestemmer over nedlegging eller ikkje. Sarepta har alt sine folk tungt inne i Samemisjonen.

Samemisjonen er ein gammal og demokratisk organisasjon. Bedehus- og kyrkjefolk har opp gjennom tidene gitt pengegåver og dugnadsarbeid. Om ein tilhøyrde den eine eller andre organisasjonen var ikkje så viktig.

Samemisjonen fekk støtte av mange som hadde andre som «sin» organisasjon. Denne støtten vart aldri gitt med baktanke om at ein skulle overta organisasjonen.

Det er på sin plass å spørja Kleppa om det er greitt at Sareptamedlemmer med dobbelt medlemskap skal vera med å avgjera dette.

Sidan Kleppa veit godt å fortelja andre kva dei skal tru og ikkje, kan det også vera på sin plass å spørja om ikkje budet om å begjæra sin nestes eigedom burde slå inn i denne saka?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Sammenslåing nok en gang
Les også
Nedlegging av Samemisjonen?