Dåp, nådemiddel og økumenikk

Dåpsdebatten i nokre pinsekarismatiske miljø kan vere ein god økumenisk stimulans. Sjølv kom eg på nært hald av denne debatten sist på 90-talet i samtalar som utvida min horisont.

Nokre framståande pinsekarismatiske leiarar la allereie då for dagen det vi kan lese om i avisa denne hausten, at dåpen ikkje berre har verdi som symbol og vedkjenningshandling men som reell guddommeleg handling. Dei eg tala med var tydelege på dåpens karakter av å gravlegge og reise opp med Kristus, og bli ikledd Kristus, slik vi les i Skrifta. Då eg spurte ein leiar kva han tenkte om den nye fødselen, repliserte han at han for sin del tenkte realistisk også om den, men at det ville vere ulike oppfatningar om dette i hans miljø.

Eg skal vere varsam med å blande meg i pinserørsla og trusrørsla sine indre prosessar og vil ha respekt for det dei måtte hamne på. Når debatten kjem opp igjen med større styrke, og Ulf Ekman fører inn ei vektlegging av sakrament og nådemiddel som vi elles ikkje kjenner frå baptistiske dåpssyn, gir det likevel grunn til nokre refleksjonar og håp om økumenisk samtale. 

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei store økumeniske hindringane er knytt til tilliten til Skrifta som Guds forpliktande openberring i alt den held fast om tru og liv. Her står pinsevener og lutheranarar saman, trass i ulik forståing av Skrifta sin tale om dåpen. Vi kan likevel ikkje dysse ned at der også er nokre hindringar på reformatorisk og evangelikal side av kyrkjelandskapet. Frå den lutherske sida har vi ofte kjent på smerta som ligg i at den barnedåpen som vi praktiserer i den treeine Guds namn, ikkje har aksept som sann dåp i mange miljø med baptistisk dåpssyn. Dette leier ofte til det vi forstår som gjendåp, i strid med vedkjenninga til «ein dåp» (Ef.4,5). Den avsluttande kommentaren min i samtalane i 1997, og som eg aldri fekk svar på, stod i ein e-post: «Er eg døypt ... ?»

Sjølv for ein lutheranar er det ikkje vanskeleg å sjå grunnar til å avstå frå barnedåp i ein pluralistisk misjonssituasjon.

Dåpen er ingen menneskerett, men må koplast mot trua og opplæringa. Så tenker nokon av oss at «trua til dei som bar han» også kan gjelde i dåpen, og at barnet i dåpen får trua si gåve, Kristus, uavhengig av mental tilstand. Men skulle også vi som lutherske våge ein debatt om nettopp det, trua til dei som ber? 

I den anglikanske kyrkjelyden som eg fekk vere med i Watford på nittitalet, døypte dei berre born av foreldre der minst ein var ein vedkjennande kristen, og dei hadde forpliktande trusopplæring for alle foreldre som ville bere borna sine til dåp. Dette er nærare den situasjonen vi som luthersk misjonsorganisasjon står i internasjonalt der det ikkje er folkekyrkjer. Derfor går dåp av born og dåp av vaksne truande om kvarandre, men med ei felles forståing av at i dåpen er det primært Gud som strekker sine hender mot oss og gir sin nåde.

Når eg gir mitt innspel i denne debatten, er det nettopp fordi dåpens realistiske karakter og vekta på formidling av Guds nåde er blitt så klart uttrykt. Kan vi møtast i noko av dette, har det meir grunnleggande verdi enn tidspunktet for dåpen i den auka misjonssituasjonen vi står overfor.