Bibelen må vera premissleverandøren

Mange ser på Bi­be­len berre som ned­teik­nin­gar av sam­ti­da sine re­li­giø­se er­fa­rin­gar og deira guds­for­stå­ing. Der­som dette viser seg også å vera det nors­ke fol­ket si hald­ning, får vi nok fort­se­tja med å gjera våre er­fa­rin­gar, men som Bi­be­len seier: Vi vert over­le­te til eiga svik­tan­de dømme­kraft.

Eg har i nokre tiår merka meg at sam­ti­da sine verds­le­ge ideal blir gjort til grunn­lags­ma­te­ria­le eller pre­miss i den teo­lo­gis­ke de­bat­ten. Det vert for ek­sem­pel meir og meir van­leg at bis­ko­pa­ne i Dnk er vil­ju­ge til å lata verds­le­ge og bi­bel­stri­di­ge syns­punkt få inn­pass både i kyr­kja sitt liv og i kyr­kja si lære.

Døme på at så er til­fel­le kan vera at bis­ko­par som gjev seg sjølv vitne­må­let at dei er kon­ser­va­ti­ve og bi­bel­tru, er be­red­vil­li­ge til å or­di­ne­ra til bis­ko­par men­nes­ke som open­bert går mot Bi­be­len sitt bod­skap. Til tider fører det til eit split­ta bispe­kol­le­gi­um. Men i 1995 inn­før­de bis­ko­pa­ne ein ny regel for å løysa teo­lo­gis­ke strids­spørs­mål: Fleir­ta­let sitt syn skul­le vera av­gje­ran­de og bin­dan­de for heile kol­le­gi­et. Om mindre­ta­let mein­te at fleir­tals­sy­net var i rak mot­set­nad til Bi­be­len si for­kyn­ning, skul­le li­ke­vel mindre­ta­let i bispe­kol­le­gi­et bøya seg for fleir­ta­let. Fleir­ta­let sitt dik­ta­tur vart god­te­ke som teo­lo­gisk verk­tøy. Det lu­thers­ke prin­sipp om at «Skrif­ta ålei­ne» av­gjor­de saka, vart av­skaf­fa.

Men den si­tua­sjo­nen som eg ovan­om har be­skri­ve, at kyr­kja ret­tar seg etter verds­leg vere­måte og syns­punkt, er ikkje av ny dato. Så vidt som eg for­står his­to­ria, har det kjenne­teik­na kyr­kja etter at ho byrja å sam­ar­bei­da med sta­ten: Skul­le eit teo­lo­gisk ved­tak ha ei fram­tid, måtte ved­ta­ket eller syns­punk­ta vera i sam­svar med sam­ti­da sine po­li­tis­ke ideal.

Dette var prak­sis også i dei førs­te år­hund­ra av vår tids­rek­ning. Den gon­gen spur­dest det om lov­na­da­ne i Bi­be­len til jøde­fol­ket sto ved lag etter Kris­tus, og om jøde­fol­ket si stil­ling som Guds ut­val­de folk, varde ved eller var opp­he­va.

Jø­da­ne sto lågt i kurs i Ro­mer­ri­ket. Og kyr­kja følg­de opp med å ut­for­ma ei lære om jøde­fol­ket si skuld og for­dø­ming. Det blei på den måten sådd tvil om Bi­be­len sitt tru­ver­de. Guds lov­na­der til Abra­hams etter­ko­ma­rar, is­ra­els­fol­ket, vart om­tol­ka til å gjel­da kyr­kja. Ein dris­ta seg til å riva lov­na­de­ne laus frå den sa­man­hen­gen og den tra­di­sjo­nen dei var sagde inn i eller gjev­ne til. Is­ra­els­fol­ket var skul­di­ge til for­dø­ming og pine. Denne tra­di­sjo­nen følg­de Mar­tin Lu­ther opp.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi ser altså at dis­ku­sjo­nen om Gud sine lov­na­der til is­ra­els­fol­ket fram­leis står ved lag, er av gam­mal dato. I dag er for­dø­ming og hets­ing av Is­rael vor­ten ein ak­ti­vi­tet som kjenne­teik­nar kyr­kje­le­ge råds­or­gan. Jam­før dette med at det er kort tid sidan vi i Noreg hadde ein mi­nis­ter i kon­gens råd som opp­mo­da til øko­no­misk boi­kott av Is­rael.

Orda i Bi­be­len om at mot slut­ten av tida skul­le is­rae­lit­ta­ne få opp­le­va at straf­fa/lands­for­vi­sin­ga var over, og at fol­ket igjen skul­le sam­last i fe­dra­ne sitt gamle land og også få lan­det i si eige og bli til ei vel­sig­ning for heile verda, er utan­for trus-ho­ri­son­ten.

Men spørs­må­let om ho­mo­fi­li har ty­de­leg­vis også stått på dags­or­den alt i dei førs­te tiåra av kyr­kja si tid. Guds sende­bod til heid­nin­ga­ne, apos­te­len Pau­lus, tok opp det spørs­må­let, som på den tida var like dags­ak­tu­elt som no.

Dje­ve­len sitt eld­gam­le knep: «Har Gud ver­ke­leg sagt?» viser seg like for­lok­kan­de og for­fø­ran­de no som i Pa­ra­di­sets hage. Og sva­ret no er: Nei, Gud har ikkje sagt noko om ho­mo­fi­le ek­te­skap. Difor må det kunna god­kjen­nast og vel­sig­nast! Og har han sagt noko, har han ikkje meint det bok­sta­ve­leg. I den gamle tida viss­te dei ikkje så mykje om ho­mo­fil kjær­leik.

Bi­be­len vert altså sett på som parts­inn­legg skri­ve for då­ti­da/sam­ti­da, ikkje som ord frå Gud med gyl­dig­het frå æve til æve.

For meg ser det ut til at lei­ar­ska­pet i kyr­kja har gløymt at Is­rael også er Guds de­mon­stra­sjons­folk, også når det gjeld synda sine fyl­gjer for folk og land

Vi må ikkje lata oss lura av Dje­ve­len sitt narre­spel. Bi­be­len gjev oss mange døme på kva fyl­gjer det får både for ein­skild­men­nes­ke og for na­sjo­nar å mis­tru Gud.

Eg mei­ner det er re­le­vant å likna Den nors­ke kyr­kja sin me­nig­het med ein saue­flokk utan hyr­din­gar. Bis­ko­pa­ne opp­fø­rer seg som eks­pe­di­sjons­or­gan for den verds­le­ge myn­dig­het. Og leia­ra­ne i Preste­for­enin­ga vas­kar hen­de­ne og seier at dei som pres­tar ikkje har noko sjølv­sten­dig an­svar. Dei berre tek kon­se­kven­sa­ne av bis­ko­pa­ne si av­gjerd og er ly­di­ge mot sine over­ord­na. No blir det uhyre spen­nan­de om Kyr­kje­rå­det fram­leis vil sjå på fleir­tals­bis­ko­pa­ne som hyr­din­gar og fyl­gjer dei blindt - ut­fø­re stu­pet!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og det utru­le­ge har skjedd: Heile bispe­kol­le­gi­et, også dei som var i mindre­tal, seier at ulikt syn på homo­sek­su­ali­tet ikkje er ei så al­vor­leg sak at dei ikkje kan fun­ge­ra i den same kyr­kja. Det som det same kol­le­gi­et for få år sidan stemp­la som kyr­kje­split­tan­de vrang­lære, er no ok.

Fleir­ta­let sitt syn bind!

Ver­das mest unike bok, Bi­be­len, Guds ord, er for­kas­ta av dei som skal vera veg­leia­rar i Den nors­ke kyr­kja.

Mange men­nes­ke har vans­kar med å fatte at det går an å ha ei dju­pa­re for­ank­ring enn men­neske­ret­ta­ne, po­li­tis­ke pro­gram­for­mu­le­rin­gar og dei til ei kvar tid gjel­dan­de fleir­tals­ved­tak. Dette gjeld ty­de­leg­vis også for det kyr­kje­le­ge lei­ar­ska­pet.

Bi­be­len må vera pre­miss­le­ve­ran­dø­ren som kor­ri­ge­rer sam­ti­da sine vill­fa­rin­gar, ikkje om­vendt.

Eg er ikkje nokon spe­si­elt from mann. Så visst ikkje. Eg skriv dette fordi eg kjen­ner på angst for fram­ti­da når eg ser kor­leis ut­vik­lin­ga går. Det er soga om «litle­fin­ge­ren og heile handa» som ver il­lust­rert for augo våre.

Mange ser på Bi­be­len berre som ned­teik­nin­gar av sam­ti­da sine re­li­giø­se er­fa­rin­gar og deira guds­for­stå­ing. «Dei gjor­de sine er­fa­rin­gar. Vi må gjera våre røyns­ler!»

Der­som dette viser seg også å vera det nors­ke fol­ket si hald­ning, får vi nok fort­se­tja med å gjera våre er­fa­rin­gar, men som Bi­be­len seier: Vi vert over­le­te til eiga svik­tan­de dømme­kraft.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den norske kyrkja Kjell M. Sinnes Kvinesdal