SKADEFARE: Hjelm er ikkje påbode når ein brukar elsparkesykkel, men det er sterkt tilrådd, skriv IOGT-leiaren.

Berre elende – eller elektrisk glede?

Har du prøvd elsparkesyklar? Mange oppfinningar har gjeve oss menneska gode framsteg. Korleis er det med elsparkesyklane, skal tru?

Ifølgje Dagbladet 2. juli i år viser tal frå Oslo skadelegevakt at det har vore nærare 1.600 ulykker på elsparkesyklar i hovudstaden på halvanna år.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Elsparkesyklar har vorte populære både i tettbygde strøk, og andre stadar. I byane har fleire no reagert på at syklane kan verte sett att mange stadar slik at dei kan vere til hinder for svaksynte og blinde.

Les også
Nå tar regjeringen grep

Sju legar har i Aftenposten 8. juli i år skrive eit debattinnlegg om elsparkesykling sett i høve til skadeomfang:

«Tysdag åtvara Oslo universitetssjukehus om det høge talet på elsparkesykkelskader. I juni behandla vi i snitt 14 personar dagleg. Totalt 421 har den siste månaden blitt våre pasientar, etter å ha gått på snørra» med hovudet rett i asfalten, fortauet, i parkerte biler og enda kvelden på Skadelegevakten. Gjennomsnittsalderen på pasientane er 27 år. De fleste i rusa tilstand.»

Desse legane viser til at fleire av skadane har vore nær dødelege. Legane meiner at fortaua bør vere for fotgjengarar og ikkje for dei som ferdast med elsparkesyklar, og at utleige av sparkesyklar bør vere stengt mellom klokka 23 og 05.

I frå Oslo les vi i nrk.no fredag 11. september i år at: «Tusenvis av elsparkesykeler i Oslo vart natt til fredag stengt og det vil de framleis vere, for utleieselskapene fekk ikkje medhald i retten, viser ein kjenning som kom fredag kveld. Det betyr at 23.000 elsparkesyklar er redusert til 8.000 i Oslos gater. Rettsavgjerda kan ankes til Borgarting lagmannsrett.»

Er du så rusa at du ikkje har kontroll på sparkesykkelen, må du trille den.

Korleis er det med promillegrenser for elsparkesykling?

«Du skal ikkje køyre i ruspåvirka tilstand. Er du så rusa at du ikkje har kontroll på sparkesykkelen, må du trille den. Dette gjeld uavhengig av om tilstanden er på grunn av at du er påverka av alkohol eller anna berusende eller bedøvande middel» (www.vegvesen.no).

Altså er det ikkje noko spesifikk promillegrense.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Skal tru korleis ein best kan regulere dette slik at alle framleis kan ferdast saman i trafikken anten ein er ein el-trafikant, eller ein trafikant utan elektrisk framkomstmiddel.

Hjelm er ikkje påbode når ein brukar elsparkesykkel, men det er sterkt tilrådd.

Vi i IOGT vil oppmode elsparkesyklistar til å bruke hjelm og vere edru i trafikken. Då har vi god tru på at vi kan snu ein elendig ulykkesstatistikk til meir elektrisk glede i framtida.