INGEN SKAM: Vi skulle aldri unnskylde oss som menneske. Kroppen vår er til for å gje Gud ære. Skam deg aldri over kroppen din. Lukke er ikkje å finne i framandgjering frå den Gud har skapt oss som, skriv Ottar Mikael Myrseth.

Berre eit menneske

Uttrykket i overskrifta er ofte å høyre som trøyst til ein angrande. Men altfor lett vert det brukt som degradering av mennesket.

Vi ville aldri sagt det om Jesus. Han er både Gud og menneske. Han er også den som realiserer Guds meining med å vere menneske. Han er Guds menneskelege ansikt og lever i dag hjå Gud Fader som det mennesket han var på jorda.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi ville ikkje sagt det om Guds mor Maria, heller, eller om ein av dei heilage, dei som er i himmelen. Også dei er stadig menneske.

Det er menneskeleg å feile. Ja visst. Vi ber merke etter synd i menneskekroppen vår. Men den som er døypt til Kristus, er restituert til Guds opphavlege intensjon med oss, sitt bilete. Vi er Guds handverk. Han har gitt oss ein status høgare enn englane.

Djevelen hatar Jesu menneskekropp. Han hatar inkarnasjonen. Han hatar oppstoda. Og han freistar oss til også å hate oss sjølve. Han frydar seg når vi fornedrar kroppen vår.

Les også
Radikal kjønnsteori i skolebøkene

Vi gjer rett i å hate synda og skrifte våre synder. Men vi skulle aldri unnskylde oss som menneske. Kroppen vår er til for å gje Gud ære. Skam deg aldri over kroppen din. Lukke er ikkje å finne i framandgjering frå den Gud har skapt oss som.

Difor må vi ta oppgjer med identitets-debatten som invaderer oss i dag. Når born vert opplærte i skulen til at dei fritt kan velje kva kjønn dei vil vere, er det eit opprør mot Skaparen.

Engelsk språk skil mellom biologisk kjønn (sex) og sosiokulturelt (gender). Men desse kan ikkje skiljast. Gud skapte mennesket mannleg (hebr: isj) og kvinneleg (hebr: isja). Og både naturen, medisinen og gudsopenberringa stadfester dette. Ideologiar (transgender) i dag vil skilje mennesket frå det vi er skapte som.

Mennesket er ein åndeleg-fysisk kompositt frå unnfanginga. Kroppen er levandegjort av ei åndeleg sjel. Denne heilskapen er eit tempel for Heilaganden. Men trans-ideologien oppløyser einskapen.

Guds biologiske design er at vi er anten mann eller kvinne. Transideologien oppløyser denne identiteten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kjønnspolariteten mann og kvinne er innretta mot ein komplett heilskap: Ekteskapet. Dei er skapte for kvarandre («bein av mine bein»), og Gud gjer dei til medskaparar som gir liv til nye personar. Ideen om samkjønna ekteskap bryt opp heilskapen.

Ingen av oss er «berre» eit menneske. Somme slit med å finne seg sjølv i eigen kropp. Det kan ein få hjelp med. Men det er dårleg hjelp som bryt med den naturlege og guddomlege status vi er gitt.