Automatisk reunion for mindreårige asylsøkjarar?

Ein bør stille krav til mindreårige asylsøkjarar og familiane deira før reunion.

5297 mindreårige einslege asylsøkjarar kom til Noreg i fjor. Det er ei femdobbling frå året før. Einslege mindreårige asylsøkjarar har visse rettar. Mellom anna har dei rett til å bli sameina med familien sin, anten i sitt gamle eller nye heimland.

I 2014 var det 217 mindreårige som bad om å få familien til Norge. Femdobblar vi dette, blir det etterkvart ca. 1000 som bed om dette av dei som kom i 2015.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Reknar vi at dei fleste av desse har 5 familiemedlemmar, og dei fleste har meir enn det, så blir det 5000 som kjem til Noreg på familereunion. Desse blir då i tillegg til dei som kjem som vanlege flyktningar.

Alle desse treng språkopplæring, dei fleste har eit langt lavare utdannings- og arbeidserfaring enn det er i Noreg, kvinner er ikkje vant til a delta i arbeids- og samfunnsliv, og barna er ikkje van med likestilling slik vi har det i norsk skule og samfunn.

I tillegg til dei vanskar med integrering, arbeid og skule for dei flyktningar vi har teke imot, så har vi då reunion av familiane til desse mindreårige. Dei mindreårige, som då i dei fleste tilfelle er blitt myndige, og busett i ein kommune, vil då vere avhengig av kommunen for å få på plass bustad, språkopplæring, skule, arbeid og fritidsaktivitetar for familien sin. Dette blir i dag ikkje dekka av stat, men er kommunane sitt ansvar.

-Det er derfor ikkje heilt godt at Stortinget vedtar familiegjenforrening, men skyv ein god del av ansvaret over på kommunane.

-Det er heller ikkje bra at vi sender signal ut i verda at Noreg tar imot mindreårige asylsøkjarar og at vi ikkje stiller andre krav til reunion enn butid i i landet.

-Det burde vore krav til desse mindreårige om positiv adaptasjon til det norske samfunnet, godkjende språktestar og god vandel før dei kunne søkje om å få familiane hit

-Det burde også vore krav til den familien som kjem etter , at dei er viljuge til å lære seg norsk, ta det arbeid dei får, utdanne seg og underordne seg norsk lover og reglar.

På den måten vil vi også unngå ein del av dei såkalla " ankerbarn", born som er sende ut for å hjelpe familiane sine til ei betre framtid i Vesten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den som kjem til Noreg får mange rettar. Skal integrering fungere, må dei og få krav og plikter. Livet er slik, rettar , krav og plikter. Det gjev ein tilhøyrsle , identitet og framtid!