Angrep på forsoninga – sentralpunktet i kristen tru

Dei teologiske angrepa på sann kristen tru kjem stadig oftare, og går på stadig meir sentrale spørsmål i kristentrua – nasjonalt og internasjonalt.

Vi har i fleire år sett dette i spørsmål om ekteskap og likekjønna samliv. Vi har i det siste sett det også i spørsmålet om fortapinga. Begge delar har med forståinga av synda og frelsa å gjera. No ser vi det også i spørsmålet om forsoninga, sjølve sentralpunktet og dreiepunktet i kristen tru.

Opp gjennom kyrkjehistoria har det vore ein del debatt om korleis forsoninga er å forstå, og det har vore døme på avvikande oppfatningar. I alle kyrkjesamfunn har ein likevel i all hovudsak vore samde om at Jesus død var for syndene våre, altså i vår stad, og at Guds dom ramma Jesus på krossen, den dommen som vi hadde fortent på grunn av syndene våre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette er med eit bokmålsuttrykk samla i at Jesu død var «en stedfortredende straffelidelse». Det er sjølve forsoninga, og det er den treeinige Gud som ordnar denne i eit forhold mellom Faderen og Sonen, og det vert forkynt og openberra for oss ved Anden.

Innan den såkalla «postmoderne teologien» har det no vakse fram ulike teologiske varianter der den «stedfortredende staffelidelse» vert avvist. I si vesle bok «Kors og frelse» påviserArne Helge Teigen, førsteamanuensis vedFjellhaug Internasjonal Høgskole, slik postmoderne teologi, og han held denne opp mot den bibelske læra om forsoninga.

Dette er svært nyttig og aktuelt, fordi det dreier seg om ein teologi i frammarsj, særleg i samanhengar der ein legg vekt på å tilpassa seg det moderne mennesket for å nå dette med Guds ord.

Sambåndet presenterte i novembernummeret boka og den postmoderne teologien på ein god måte. Bladet hadde også intervjua Asle Eikrem, førsteamanuensis vedMenighetsfakuletet, om hans syn på forsoninga. Han avviser den «stedfortredende straffelidelse» fullstendig. Han vil ikkje tilkjenna Jesu død (eller «mordet på Jesus», som han seier) nokon «frelsende betydning».

Han avviser «alle forståelser av frelse hvor vold er nødvendig», inkluderte «stedfortredende straffelidelse». Han meiner at læra om at «Gud straffer Jesus for våre synder» er «dypt problematisk», og at det er uttrykk for eit gudsbilete som det er vanskeleg å forsvara.

MF-læraren avviser altså totalt og kapitalt sjølve kjernepunktet i kristentrua, og med det forkynner han ein ny religion, og han meiner det er stadig fleire teologar som lærer som han. Det inneber at dei underkjenner Bibelens bodskap om synda, forsoninga og frelsa.

Det mest alvorlege med dette er at det er fundamental vranglære som kjem inn under det Bibelen omtalar som «eit anna evangelium», med den dommen som kviler over det. Det andre momentet er korleis MF kan ha tilsett ein lærar som på denne måten utvetydig har plassert seg utafor institusjonens basis i Skrifta og Vedkjenninga.