Ambassadeflytting


Det er til å undrast over at Jens Olav Mæland kan breia seg over to avissider med ein kronikk som inneheld så mange tendensiøse ytringar og direkte urette påstandar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For ikkje lenge sidan hadde han og kollega Kjartan Ruset eit langt innlegg om palestinakonflikten. Dei vart av fleire lesarskribentar grundig motsagde, så dei sto ribba tilbake og avdekka sine grunleggjande antisemittiske haldningar.

Men at dei etter å ha fått argumenta sine punkterte skulle endra ståplass, som ein kunne forventa, når heile deira grunnlag vart rikka ved, - det skjedde ikkje.

Nå kjem ein lang kronikk med utgangspunkt i «Ambassadeflytting» og kor ille det blir både for arabarar og kristne når så skjer. Men det er ikkje anna enn eit forsøk på oppvigleri. Erling Rimehaug hadde også for ei tid tilbake eit innlegg med same vinkling – der han spådde stor uro og kanskje blodige opprør i etterkant av eit slikt Trump-vedtak. Han la orda i munnen på palestinarane og tipsa dei om forventa valdelege handlingar.

Men klokeleg nok var palestinarane meir realistiske og forsto at det var fåfengt å laga stort bråk om ein suveren stat valde å flytta hovudstaden til sin mest naturlege plass – og at ein annan fri stat bestemte seg for å leggja sin ambassade dit.

Dei saklege argumenta i kronikken til JOM er ikkje vanskeleg å tilbakevisa – men det har lite for seg. Han er umottakeleg for logikk og utan forståing og erkjenning av historiske, internasjonalt gjeldande folkerettsvedtak.

Det måtte om så vera for å rettleia lesarar som har tiltru til argumentasjonen hans.

Hovudargumenta til JOM er basert på den heilt feilaktige førestellinga at Israels okkupasjon av Judea/Samaria og Aust-Jerusalem skulle vera «ulovleg».

Den andre ubrukelege plattforma er å resonnera ut frå den trua at alle dei hundrevis av FN-resolusjonar mot Israel skulle vera internasjonal lov og Folkerett. Men det trengst ingen stor juridisk kompetanse for å skjøna at dette er heilt på viddene – sjølv om heile verdssamfunnet, media og «alle» politikarar høgrøysta dømer ut frå desse.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det folkerettslege vart fastsett for snart 100 år sidan, og ingen av dei hundretals vedtak og resolusjonar og «slår fast»-utsegner frå FN har lovgjevande kraft.

Men desse plattformene er heilt nødvendige for å kunna fasthalda desse antisemittiske synsmåtane. Utan desse falske føresetnadene ville han stå avkledd, og jødehatet bli synbert, og den irrasjonelle antisemittismen bli synleg for alle i sin heslighet. Det som er om å gjera er ikkje alt det beste for palestinarane, men å skada Israel og jødane.

JOM brukar til slutt Anne Sender som sanningsvitne. Ho har vore utsendt som «ledsager» til ein kontrollpost på Vestbredden. Det er ei rolle som Palestinakomiteen, DNK, MKR, KN og KFUK m. fl. tildeler godtruande følelsesmenneske for å spreia eit einsidig pro-palestinafarga bilde av situasjonen. Dei vert plasserte ved ein kontrollpost i nokre veker eller månader og blir «utdanna» til palestinaaktivistar som sidan i skrift og tale formidlar det dei har sett i diverse fora her heime.

Men Anne Sender avslørar ufrivillig det heile som «fake news». Ho snakkar om «følelsen» og kjenner på «ydmykelsen». Men det er slikt som israelarane ikkje kan kosta på seg. Her står det om liv – om å hindra knivstikkarar og andre terroristar i å sleppa inn i Israel.

Det var ikkje for moro skuld dei bygde det lange sikkerheitsgjerdet og muren – men resultatet er mange, mange jødiske liv sparde.

Men det tek tid å sila ut desse mordarane, og det er til stor frustrasjon for alle dei fredlege palestinarane som ikkje har vondt i sinne – som berre skal på jobb i Israel eller til sine olivenlundar. Men det er ein tragisk sjølvforskyldt situasjon.

I same toneart hadde Erling Rimehaug i sitt innlegg i VL ei tårevåt historie om ein palestinsk familiefar som ikkje ville gje opp sin gode jobb i Soda Stream-fabrikken etter at den av boikottorganisasjonane vart tvinga til å flytta frå Vestbreidda til Negev. 300 palestinarar vart arbeidslause og like mange familiar kom i vanskar. Men denne mannen valde altså å stå opp kl halv fire om morgonen, stå i kø i timesvis ved kontrollposten – reisa over landet til jobben i Negev - og same vegen tilbake om kvelden – for å bu heime og vera i lag med familien.

Kvifor kan ikkje PA skaffa arbeidsplassar på Vestbreidda? Kvifor må så mange til Israel for å få arbeid?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fordi Palestina er eit dysfunksjonelt samfunn, og leiarane har inga interesse av å betra kåra og ivareta sine eigne innbyggjarar – berre dei kan skada Israel og jødane.

JOM får tilslutt plass til den odiøse nemninga «naive kristensionistar». Men eg vil langt heller vera ein naiv kristensionist enn ein irrasjonell, fordekt antisemitt.